Høgdehopparen og tjukkasen
Ikkje nok med at Fosbury endra heile høgdehoppsporten i 1968, han vann også OL-gull i Mexico City same år.
Foto: NTB scanpix
Ikkje nok med at Fosbury endra heile høgdehoppsporten i 1968, han vann også OL-gull i Mexico City same år.
Foto: NTB scanpix
Frå sofaen må høgdehopp vere ein av dei sportane som ser aller vanskelagst ut. Kunsten å hoppe høgare enn si eiga lengd har teke lang tid å lære. I starten av 1800-talet sprang utøvarane rett mot lista, hoppa og landa i hukstilling. Å hoppe høgt med denne teknikken er ikkje lett. Saksehopp som kom litt seinare, med skrått tilløp og eit hopp som ei sidelengs saks over lista, gav meir høgde og opna også vegen for nye tekniske variantar. Googlar ein gamle høgdehopparar, finn ein mykje rart, før floppen til Dick Fosbury på 1960-talet ultimatiserte svevet over lista: tilløp i J-form, sats med ytste fot og svev med ryggen mot lista viste seg å vere ein effektiv metode, fordi så lite av kroppen trong vere over lista på same tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.