JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Gunvald

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finnøy, teikna av Thomas Fearnley i 1826.

3488
20201113
3488
20201113

1800-talet var det store hundreåret for norsk folkestyre. I 1814 kvitta vi oss med eineveldet. Vi fekk ei grunnlov og ei folkevald nasjonalforsamling som kunne halde auge med kongen og regjeringa hans. I 1837 fekk vi formannskapslovene, der kommunale forsamlingar fekk mykje av ansvaret for sine eigne lokalsamfunn. Og i 1884 slo Stortinget fast at det var det som hadde ansvaret for regjeringa, som dei kunne bytte ut om dei så ville. Kongen måtte ta den regjeringa han fekk. Parlamentarismen var innført.

Det kommunale sjølvstyret skapte lokale maktposisjonar, der nye, utrena folk måtte ta på seg eit politisk ansvar. Det vart ei omfattande politisk opplæring for folk og veljarar. Makta kom nær og kunne påverkast. Kommunestyra kom etter kvart til å dyrke fram markerte rikspolitikarar.

Makta var spreidd. Det var også ansvaret.

Kommunale oppgåver: Skule, helse, kyrkje, vegar, skatt og pengar og mykje anna skulle handterast. Nokon måtte ha hand om dei veksande kommunale oppgåvene.

Kommuneadministrasjonane dukka opp, i kjølvatnet av den nye lova. Tilgangen på kompetente folk til slikt arbeid var avgrensa. Det fanst ingen utdanningsveg til kommunale stillingar. Ein måtte ta det som fanst.

I min barndom, heime på Finnøy,var det Gunvald som var kommuneadministrasjonen. Han var bonde og dreiv ein liten, steinete gard på Steinnes med seks kyr. I tillegg fiska han. Han sat i styret for meieriet. I styrereferata derifrå kan vi lese at han av og til ikkje kunne møte fordi han var på brislingfiske. Når brislingen var i fjorden, måtta alt anna leggjast til side. No kom det pengar til bygda og arbeid for bygdekvinnene på hermetikkfabrikken.

Og så var Gunvald den einaste kommunale ­­funksjonæren, he­r­­­adskasserar og for­manns­kaps­sekretær. Kommunekassa var eit pengeskåp heime i huset hans. Han utarbeidde budsjett og førebudde saker for formannsskap og heradsstyre. Han betalte rekningar og førte rekneskap.

I 1953 var eg seksten år gammal. Eg vart då utpeika til skatteoppkrevjar i Vignesgrenda. Av Gunvald fekk eg ei notisbok der alle i grenda var oppførte med sine skattekrav. Så sykla eg om kvelden frå hus til hus med min glade bodskap. Nokre bad om utsetjing. Andre betalte litt. Nokre betalte det dei skulle.

Seint på kvelden var runden gjennomført, og eg kom heim med nokså mykje pengar. Far insisterte på at eg måtte sykle ned til Gunvald med dei. Han ville ikkje ha alle desse pengane i huset om natta.

Det gjorde eg så. Gunvald var i ferd med å leggje seg. Det utsette han, og vi sette oss under lampen i stova og talde pengar.

Summen var korrekt, den summen boka sa at eg skulle ha i veska mi. Det var vi begge glade for.

I ettertid er det rart å sjå tilbake på denne skatteinnkrevjinga mi.

I dag er kommunen den største arbeidsgjevaren på øya, med teknisk etat, sosialetat og skulesjef med stab, og enno er det visst meir.

Siste året er Finnøy fusjonert med Stavanger og dermed underlagd ein diger fellesadministrasjon.

Gunvald er for lenge sidan død, som son hans er det. Sonesonen, som har anna arbeid, held garden i drift.

Og det er snart sytti år sidan Gunvald og eg sat og talde skattepengar under lampelyset ei sein kveldstund etter ein sykkeltur i grenda.

Gunvald, kommunal eineadministrator, heradskasserar, formannskapssekretær, småbonde og fiskar, fekk ei nøkkelrolle i historia då eit gammalt og uorganisert bondesamfunn skulle møte dei utfordringane den nye tida skapte med sine mange endringar.

Og han gjorde det godt.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis