20190405
Godt skodd
«Ein får skapa skoen etter foten, og ikkje foten etter skoen», seier ordtaket. Tilhøvet mellom fot og sko har i grunnen vore eit omtykt emne hjå ordtakmakarane. «Det vert ikkje alle skor sauma på same leisten.» «Det høver ikkje éin sko åt alle føter.» Sidan den same skoen sit ulikt på ulike føter, kan me bruka sko til å målbera at folk opplever ein situasjon ulikt, og at dei som er i situasjonen, ofte har ei anna forståing av han enn dei som står utanfor. Jamfør dette ordtaket, som finst i ymse variantar: «Det veit ingen kvar skoen trykkjer, utan den som har han på seg.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.