JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kvart år brukar vi milliardar av frø her til lands

Små frø er stor industri, men må han vere for stor for Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finn du jordbær, epletre, fiken, tomat og gulrot? Dei er her, alle saman – gøymde i kvart sitt frø.

Foto: Wikimedia Commons

4247
20230324
4247
20230324

Kva vil det eigentleg seie å vere sjølvforsynt? Eg er fullt klar over at sjølv om eg plukkar alle hønseegga eg et, i hønsehuset i hagen min, og ikkje kjøper dei i butikken, kan eg ikkje seie meg sjølvforsynt så lenge eg kjøper brorparten av maten hønene et gjennom vinteren, på Felleskjøpet. Eg kjøper økologisk, soyafritt kraftfôr – noko som vil seie at om ingen av ingrediensane kjem frå ein soyaåker i Brasil, kjem nok dess fleire av dei frå ein kornåker i Tyskland eller Ukraina. Kor lenge er slikt å få tak i?

Hjortekjøtet eg har i frysaren, derimot, har ingen innkjøp direkte inn i kaloribehaldninga. Men kva med patronane eg treng for å skyte dyret? Sjølv jegerar som lagar skot sjølve, treng å få kjøpt kuler og krut på ein butikk for å kome i mål. I ei krigersk tid har prisar på både krut og metall (til patronhylser) auka kraftig, og varene kan til og med vere vanskelege å få tak i.

I ei globalisert verd er dei fleste krinslaup både større og vidare enn vi fyrst ser føre oss, og det er ikkje berre i det private vi kan ha godt av å tenke litt på dette.

Kva med såfrø?

Vi snakkar om beredskapslager for matkorn. Mykje tyder på at Noreg kjem til å etablere eit slikt lager som svarer til landsforbruket i to til tre månader. Men kva med det som må til for å produsere meir korn, og grønsaker, poteter, urter, frukt, bær og endåtil gras på bøane? Fleirtalet av vekstane som utgjer kvardagsmaten vår, er eittårige. Det vil seie at dei må såast på nytt kvar einaste vår. For nokre vekstar trengst det færre frø. Eitt sukkerertfrø, til dømes, eller eitt tomatfrø, lagar ei heil plante som produserer mange produkt, gjerne over ein lengre periode. For andre planter, til dømes gulrot, raudbete og kålrot, må vi så eitt frø for kvar einaste grønsak vi kan hauste.

Kvart år brukar vi milliardar av frø her til lands. Og kor får vi dei frå? Jau, i stor grad frå det store landet vi for å gjere det enkelt kan kalle utlandet.

Nationen hadde nyleg ein reportasje frå ein av frøprodusentane vi har hatt i Noreg, De Haes gartneri, som mellom anna leverer frø til Solhatt økologisk hagebruk. Solhatt har produsert frø sidan 2012 og er desidert størst i Noreg. Dei tilbyr no over 60 sortar – mange av dei er eldre norske sortar, og alle er frøfaste sortar.

Veit du kva ein frøfast sort er? Det er ein motsetnad til nesten alle frø som vert nytta i industriell produksjon i dag, som i stor grad er hybridsortar. Ein hybrid vil seie eit individ som er skapt for å gje særleg gode resultat i ein generasjon – eit resultat av heterosiseffekten, som vil seie at når ein kryssar to individ av same rase eller sort, vil avkommet i fyrste generasjon ofte få betre eigenskapar enn summen av begge foreldra. Hybridsortane er ubrukelege i meir enn ein generasjon – du kan altså ikkje ta frø frå ei gulrot av hybridsort og vente deg å få brukande gulrøter av det.

Presisjonsarbeid

Som du skjønar: frøavl er big business. Samstundes er det òg eit vanvittig presisjonsarbeid: Ikkje berre må ein velje ut akkurat dei plantene som har dei eigenskapane ein er ute etter, til å gje frø til vidare plantegenerasjonar, ein må òg ha eit miljø som er så reint at ein ikkje får smitte av andre frø i produksjonen. Dette er særleg eit problem i produksjon av såfrø til korn, raps og andre vekstar som må formeirast opp utandørs i stor skala. I mange tilfelle – mellom anna for gulrot og potet – må ein dessutan ta vare på plantene eit heilt år lenger enn ein elles ville gjort: Gulrøter set ikkje frø før sesong nummer to. Mange tek dei opp av jorda om vinteren, lagrar dei og set dei (beste individa) ned att i jorda om våren.

Krevjande og ikkje minst ekstremt viktig arbeid. At Solhatt kan levere 60 sortar både til private hagebrukarar og til ein del – stort sett økologiske – profesjonelle produsentar, er bra. Men i det store sjølvforsyningsbiletet vert det ein drope i havet – særleg når vi tenker på at alle piler peikar mot at vi bør dyrke stadig meir frøkrevjande, eittårige vekstar her til lands i åra som kjem, av omsyn til både klima, helse og sjølvbergingsgrad.

Då må frøtryggleik på dagsordenen. Vi byrjar like godt her og no.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis