Frakke frekkisar
Festr mun slitna / en freki renna, seier volva i Voluspå, om att og om att, når ho fortel om ragnarok. I den klassiske omsetjinga til Ivar Mortensson-Egnund går linene slik: «Festet slitnar, / og Freke han renn.» Det norrøne substantivet freki tyder ‘den gråduge’, og ordet vart gjerne nytta i skaldskap som namn på ulv, eld og skip. I Voluspå viser freki til Fenrisulven.
Freki kjem av adjektivet frek (norr. frekr ‘grådug; streng, strid’). Den tyske forma av adjektivet er frech, og ho har kome seg inn i skandinavisk: frekk (‘skamlaust djerv’). I islandsk og færøysk vert den heimlege forma frekur nytta i alle tydingar. Eit nærskyldt adjektiv er frak eller frakk. Kan henda høyrer òg lånordet frank i ordlaget «fri og frank» (‘ubunden’) heime i frek-ætta. Kledenemninga frakk er noko heilt anna.
I samansetjingar målber frek at noko eller nokon treng mykje av det som fyrstelekken nemner. Den som er matfrek, treng mykje mat. Romfreke saker treng mykje plass, og ein folkefrek gard treng mykje arbeidsfolk. Frek kan tyda mangt anna òg, til dømes ‘skarp, ram’, ‘dugande, god’ og ‘helsug, sprek’. Ein frek ost har sterk smak eller lukt. Det er ikkje frekt med dei, kan me seia, dersom helsa eller stoda er mindre god. Og ein kan vera frek trass i alderen.
Frakk vert nytta på mykje den same måten. Det kan mellom anna tyda ‘gjæv, i god stand’, ‘dugande’, ‘sterk’ og ‘helsug’. Det frakke er jamnast godt («det var frakt!», «frakke folk!»), og om noko er leitt, kjem ordet i lag med ei nekting («eg er ikkje so frakk for tida»). Frakk kan òg nyttast forsterkande, om lag som fæl og svær: «Dei er frakke til å ljuga.» «Det er frakke ting som det blæs.» Ordet er mykje nytta her på Lillehammer og traktene nord for byen, men det er heimfest til målføre over heile landet (jf. Norsk Ordbok).
Det er ikkje rekna som frakt å vera frekk, men mange set pris på frekke finter. Her finst ulike grader av frekkleik, frå småfrekk til råfrekk. Ofte har det med språkbruk å gjera, jamfør «frekk i munnen» og «svara frekt». Frekking og frekkas er nemningar for dei som frekkar seg. Ein kan òg vera frekk som lusa. Dersom nokon talar eller ter seg djervt i tydinga ‘vågalt, usømeleg’, grip me gjerne til frekk-orda: Du kan kleda deg i ein frekk kjole og fortelja frekkisar.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.