20210122
For fulle hus
Ord om språk
Mange av oss har det siste året sakna å vitja kulturhus, kaffihus, samfunnshus og konserthus. Å renna husimellom har det heller ikkje vore rom for. Nokre trivst rett nok godt i husværet sitt, og kan henda har ein huskatt eller eit anna husdyr gjort heimesitjinga endå trivelegare. Dei som har sete i husarrest med nokon som ikkje er til å vera i hus med, har hatt det verre. Det verste er når ein husbjørn eller hustyrann tek til å husera (eig. ‘gå frå hus til hus, larma’). Då er husfreden ingen stad å sjå.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.