JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Er Lüneburg­-varianten best?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Paolo Maurensig (1943–2021).

Paolo Maurensig (1943–2021).

Foto via www.paolomaurensig.it

Paolo Maurensig (1943–2021).

Paolo Maurensig (1943–2021).

Foto via www.paolomaurensig.it

2283
20221209
2283
20221209

I eit år då ein sjakkthriller – En nasjon i sjakk av debutanten Johan Høst – har toppa salslistene i Noreg, spør eg: Har noko slikt skjedd før? Ja, vi skal (etter kvart) til Italia i 1993. Men fyrst:

Eg har lenge meint at den beste sjakkromanen er Luzjins forsvar (1930) av eksilrussaren Vladimir Nabokov, den mest kjende sjakk­romanen er Sjakknovelle (1941) av austerrikaren Stefan Zweig, den mest folkelege og populære sjakkromanen er den «Bør Børson-lystige» Tolv stolar (1928) av Odesa-duoen Ilf og Petrov, og den mest makabre sjakknovella er Der Schachspieler av sveitsaren Friedrich Dürrenmatt (eit manus funne etter forfattarens død i 1990).

Sjakkspelar og historikar Tor Egil Førland stansa meg kollegialt i trappa på Blindern for nokre år sidan. Han sa ikkje mykje, men slo fast en passant: «Lüneburgvarianten er best.» Det var eit uventa trekk, som eg straks noterte i leselista mi. Eg, som elskar ratinglister, kunne ikkje få fred før eg las boka. Best? Betre enn Nabokov og Zweig?

Italienaren Paolo Maurensig (1943–2021) debuterte i 1993, 50 år gamal, med ein liten sjakk­roman som selde ufattelege to millionar eksemplar i heimlandet. Romanen er like kompakt og elegant komponert som Zweigs forteljing. Og som hos Zweig er europeisk historie – nazisme og holocaust – med på å lyfta alvoret i sjakkdramaet.

Maurensig vert ofte samanlikna med Dürrenmatt. Båe dyrkar eit godt plott, dei skriv krim utan den tradisjonelle etterforskaren. Noko som imponerer hos Maurensig, er at han skjønar sjakkspelaren, nerven og stemninga under eit sjakkparti, trass i at han ikkje sjølv var sjakkspelar slik som Nabokov (sterk klubbspelar) og Dürrenmatt.

Det er vanskeleg å referera handlinga hos Maurensig utan å røpa mysteriet, av di romanen hans byrjar med sluttspelet. Ein forretningsmann vert sjakk matt – på brettet og i livet – men korleis kom vi dit? Spørsmålet er ikkje kven som er mordaren, men kvifor. Ja, i røynda er dødsfallet, mordet eller sjølvmordet, mindre viktig. Det er ei større europeisk historie forfattaren vil fortelja gjennom sjakkspelet.

«Det heter seg at sjakkspillets oppfinnelse er forbundet med en bloddryppende hendelse.» Slik opnar romanen i norsk omsetjing frå 1995.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis