Er alder
berre eit tal?
Kasparov skjønar at han har tapt på tid. Om han hadde vunne mot Caruana, ville det ha vore eit argument for veteranen i diskusjonen om kven som er den beste spelaren i historia.
Foto: Lennart Ootes
Kasparov skjønar at han har tapt på tid. Om han hadde vunne mot Caruana, ville det ha vore eit argument for veteranen i diskusjonen om kven som er den beste spelaren i historia.
Foto: Lennart Ootes
Dei tre største i moderne tid må vera Fischer, Kasparov og Carlsen. Ein kan òg ta med Anatolij Karpov, men han hadde ikkje den same ungdommelege energien som gjorde at dei tre fyrste tok sjakkverda med storm. Bobby Fischer gav seg på topp, som fersk verdsmeister i 1972. Dei neste 20 åra sa grasrota nostalgisk: «Om Fischer set seg ved brettet, vil verdseliten skjelva.» Men då Fischer (49) endeleg gjorde comeback i 1992, var magien borte. Han vann 17,5–12,5 mot Boris Spasskij (55), som i 1992 var rangert som rundt nummer 100 i verda. Fischer fekk 3,35 millionar dollar for jobben, men det var no openbert at han ikkje lenger var på nivået til Karpov og Kasparov. «Bobby spelar OK, men han ville ikkje ha nokon sjanse mot meg», sa verdsmeister Kasparov.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.