JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ein historisk ruinpark

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudbibliotekar Keith Moore viser fram det originale teleskopet til Isaac Newton frå 1672 i Det konglege vitskapsakademiet i London.

Foto: Lefteris Pitarakis / AP / NTB

4221
20230526
4221
20230526

Historia er ei grenselaus samling av hendingar i tid og rom. Det er denne uordna samlinga historikarane prøver å ordne og lage oversiktelege forteljingar av. Det inneber at dei historieforteljingane vi får, er laga i eit samliv mellom historikaren og denne uendelege hendingssamlinga. Historikaren pregar det han fortel.

Vestens vitskapshistorie kan forteljast på fleire måtar. Ei variant gjer denne historia til ei forteljing om ein blomstrande kunnskapshage, med stendig nye og rike frukter, frå det greske Jonia for 2500 år sidan fram til Albert Einstein og dagens moderne medisin.

Ei anna forteljing gjer vitskapshistoria til ein ruinpark, med restar av gamle praktfulle byggverk som ei ettertid berre har flytta frå. Her er ruin på ruin, restar av etablert og trygg kunnskap, om universet, om korleis alt vart til, om geografi, om vêr og vind, om ånder, vette og troll og mykje meir.

Om ein ser godt etter, vil ein, overraskande nok, finne små murrestar, restar av byggverk som dei største i denne vitskapshistoria har laga og hatt i hendene, og som no likevel er hamna i denne ruinparken, saman med heile byggverk dei same vitskapsmennene har rasert og sendt dit.

Isaac Newton er av dei aller største i vitskapshistoria. Han endra astronomien og fysikken på sentrale punkt. Eit stort vitskapshistorisk verk har eit eige kapittel som heiter: «Gud baud: La Newton bli skapt.» Newton måtte hjelpe Gud med å gjere skaparverket forståeleg og tilgjengeleg. Og det gjorde han, meir enn gjerne. Verda var annleis etter Newton. Og ettertida heidra han med å gje namnet hans til ei krafteining i mekanikken, ein newton.

Men han hadde også ei sterk historisk interesse. Og her meinte han, sterkt truande som han var, at Det gamle testamentet var grunnboka for all historieskriving. Moses var ein større historikar enn Herodot. Han la ned eit stort arbeid med mykje skriving i å prove at verda var skapt på seks dagar for 6000 år sidan.

I dag er han rekna som superdilettanten blant historikarane, med trygg plass i det raritetskabinettet faget held seg med. Hans historieskriving kvalifiserer knapt til ruinsamlinga. Ho liknar nok mest på ein støvhaug.

Lord Kelvin er ei anna kjempe i fysikkhistoria. Han leverte sentrale bidrag på fleire felt. Ettertida har heidra han med å gje namnet hans til ein ny temperaturskala han laga, kelvinskalaen, og han kviler ved sida av Isaac Newton i Westminster Abbey. Han hadde den ærefulle posten som president i vitskapsakademiet, der han heldt eit foredrag i 1904. Hans poeng var at fysikken var teoretisk ferdigutvikla no. Vi hadde dei teoriane vi trong. No handla det om målingar og observasjonar.

Året etter publiserte Albert Einstein sine artiklar, som var den største teorifornyinga sidan fysikken vart eit fag. Historia geipa til den store lord Kelvin.

Den greske filosofen Demokrit var den første som byrja å tale om atom. Alt er laga av atom, som tyder udeleleg. Sa Demokrit.

Men tanken vart liggjande. Ingen hadde nokon gong sett eit atom, og det var ingenting å gjere med dei. Rett nok arbeidde kjemikarane med formlane sine, som fortalde om molekyl som søkte saman og skapte ulike stoff. Men atom?

Carlo Rovelli fortel om Ernst Mach, som var ein austerriksk fysikar og filosof. I 1897 slo han fast: Eg trur ikkje det finst atom. Åtte år seinare vart det prova at atoma finst, av Albert Einstein i ein av dei klassiske artiklane hans. Atomfysikken hadde funne objektet sitt, og kjerneforskinga kunne starte.

Mach er heidra av ettertida ved å få namnet sitt knytt til fartsmåling for supersoniske fly, ein eller fleire mach.

Den britiske vitskapsfilosofen Karl Popper slår fast at vitskapen aldri kan gje oss sanninga. Ho vil alltid bli verande ukjend. Det vitskapen derimot kan gjere, er å avsløre og punktere usanne påstandar. Og det er poenget med vitskapen. Det vi i dag kallar sanningar, er påstandar som enno ikkje er tilbakeviste.

Og det inneber at den vitskapshistoriske ruinparken framleis er open, klar til å ta imot dagens sanningar og finne plass til dei blant alle dei sanningane som alt er komne dit.

Så lever sanningane eit utrygt liv, stendig ventande på at ein eller annan gluping skal dukke opp og ta livet av dei.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis