JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Ei giftig tunge

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20220506
2353
20220506

Misunning er ei snikande gift, vert det sagt, og det kan vera freistande å senda giftige augnekast til den ein er misunneleg på. Giftige kommentarar kan òg forgifta stemninga. Slik forgifting er utriveleg og kan merkja folk for livet, men livsfarleg er det som regel ikkje. Om du derimot gjev folk giftdrykk eller skyt på dei med giftfengde piler, og vert gripen, kjem du til å få ei hard straff. Det kan du ta gift på!

Nokre forgiftar den dei er gift med, men er det elles nokon samanheng mellom gift og gift? Giftskål og giftarmål er då ulike saker? Ja, men det er eit samband her. Adjektivet gift (‘som har gått inn i ekteskap’) og dei andre gift-orda er alle i ætt med gjeva. Meir presist er adjektivet gift opphavleg perfektum partisipp til gifta (norr. gipta, gifta), som er avleitt av eit substantiv som har hovudtydinga ‘det å gjeva bort, gåve’, men som òg har vore nytta i den meir avgrensa tydinga ‘det å gjeva bort (dotter si) i ekteskap’. Det er den tydinga som ligg til grunn for gifta og adjektivet gift.

Substantivet gift (‘det å gjeva bort, gåve’) ter seg mellom anna i samansetjingar som medgift og avgift. Engelsk gift (‘gåve’) er lånt frå nordisk. Gift i tydinga ‘stoff som skader eller drep ein organisme’ er same ordet. Det som har hendt, er at tydinga har endra seg frå ‘gåve’ til ‘døyeleg gåve’. Slik bruk av ordet finst alt i gamalhøgtysk (nytta frå ca. 750–1050). Med tida har denne tydinga funne vegen inn i nordisk, med lågtysk forgifta hakk i hæl.

Me har òg arveordet eiter, som fyrst og fremst har vore nytta om svidande eller giftig væske frå ormar, maur og segndyr (t.d. drakar). I Snorre-Edda les me at Tor får gjort det av med Midgardsormen, og so «sig han daud til jorda for eiteret som ormen blæs på han». Me veit elles at Tor kunne verta eitrande sinna. Men eiter og galle er vel meir Loke si greie?

Om me oppdagar at nokon forgiftar unge sinn, kan me prøva å finna ei motgift mot den ulaglege påverknaden. Og dei som driv med dumping av giftig avfall, kunne ha hatt eit giftmerke i panna. Mange slags giftstoff kan skada eller gjera ende på oss, jamfør røykforgifting, matforgifting, alkoholforgifting, kolosforgifting og blodforgifting. Likevel kan gift vera berginga vår: Mange er vortne lækte med cellegift.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis