Diktet: Liti Kjersti
Gerhard Munthe: «Den Bergtagne», 1914.
Liti Kjersti
Liti Kjersti ho va seg så fagert eit viv, – Det rigner og det blæs –
ho ri nord i bergom på gangaren kvit.
Ved djupt onde’ hello,
langt nordi fjello
der leikar det.
Men som ho no kom seg åt bergo dei blå – Det rigner og det blæs
Då høyrer ho frå haugo det spelar og læt.
Ho stanar sin gangar bak bergo dei blå – Det rigner og det blæs
og Haugebonden burt te Liti Kjersti han går.
«Å høyr du Liti Kjersti det seier eg deg – Det rigner og det blæs
Vil du til haugo heim fylgje med med?»
«Nei eg kan kje til haugo heim fylgje med deg – Det rigner og det blæs
For moder sit heime og ventar på meg.»
«Tenk alli på store, tenk alli på små – Det rigner og det blæs
Alt det du ynskjer av meg sko du få.»
Liti Kjersti ho rei seg åt bergo dei blå – Det rigner og det blæs
Og Haugebonden etter på gangaren grå.
Så rei dei kring haugar tri store tri små – Det rigner og det blæs
Og heim att til moder ho alli meir kom.
Men stundom når det skymest
kring bergo dei blå – Det rigner og det blæs –
då høyrer du frå haugo det sukkar så sårt
Ved djupt onde’ hello

Eg er lokka inn i mellomalderballadeverda og kjem meg knapt ut att. Eg ville skrive om «Liti Kjersti», ei av dei mest tolka og formidla visene frå mellomalderen, ei vise eg aldri blir klok på, og difor blir dregen mot. Men kva for nedskriven versjon eller «oppskrift» var det eg hadde likt så godt og kvifor?
I skattkista Våre lesegleder, redigert av Mentz Schulerud og Anne-Cath. Vestly, fann eg 31 strofer der tilhøvet mellom Kjersti og mor hennar spelar ei viktig rolle, og der elvekongen lokkar og dopar ned Kjersti så ho til slutt gløymer kor ho kjem ifrå, og kapitulerer: «I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy,/ i bergjet vil eg vera elvekongens møy.» Redaktør Schulerud skriv: «Så fint at hun da fikk vinen å smake med tre villarkonn i, og slo seg til i bergjet sammen med alle sine små glade barn.»
Bandet Gåte valde ei litt anna tolking då dei presenterte sin versjon i 2002. Her var elvekongen bytt ut med Bergjekongen, og mora var ikkje nemnd. Sjølv om eg hugsa det som at Kjersti var sterk og sjølvstendig i denne tolkinga, les eg no: «Liti Kjersti ho var seg så liti eit viv, Brunfolen løyper lett/ Ho kunne ikkje råde sitt unge liv.»
Det finst over hundre nedskrivne variantar av «Liti Kjersti», og fleire har det nok vore, slik det ofte er med munnleg overleverte viser. Den utvalde versjonen er brukt mellom anna av songaren Arve Moen Bergset i 1987, og her blir ein reint ør av alt regn og blåst. Ein kan tape seg bort av mindre. Og sjølv om Kjersti lengtar tilbake til røyndomen, er det noko forunderleg fritt og farleg fengande å vere «djupt onde’ hello»; «der leikar det».
Cathrine Strøm
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg er lokka inn i mellomalderballadeverda og kjem meg knapt ut att. Eg ville skrive om «Liti Kjersti», ei av dei mest tolka og formidla visene frå mellomalderen, ei vise eg aldri blir klok på, og difor blir dregen mot. Men kva for nedskriven versjon eller «oppskrift» var det eg hadde likt så godt og kvifor?
I skattkista Våre lesegleder, redigert av Mentz Schulerud og Anne-Cath. Vestly, fann eg 31 strofer der tilhøvet mellom Kjersti og mor hennar spelar ei viktig rolle, og der elvekongen lokkar og dopar ned Kjersti så ho til slutt gløymer kor ho kjem ifrå, og kapitulerer: «I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy,/ i bergjet vil eg vera elvekongens møy.» Redaktør Schulerud skriv: «Så fint at hun da fikk vinen å smake med tre villarkonn i, og slo seg til i bergjet sammen med alle sine små glade barn.»
Bandet Gåte valde ei litt anna tolking då dei presenterte sin versjon i 2002. Her var elvekongen bytt ut med Bergjekongen, og mora var ikkje nemnd. Sjølv om eg hugsa det som at Kjersti var sterk og sjølvstendig i denne tolkinga, les eg no: «Liti Kjersti ho var seg så liti eit viv, Brunfolen løyper lett/ Ho kunne ikkje råde sitt unge liv.»
Det finst over hundre nedskrivne variantar av «Liti Kjersti», og fleire har det nok vore, slik det ofte er med munnleg overleverte viser. Den utvalde versjonen er brukt mellom anna av songaren Arve Moen Bergset i 1987, og her blir ein reint ør av alt regn og blåst. Ein kan tape seg bort av mindre. Og sjølv om Kjersti lengtar tilbake til røyndomen, er det noko forunderleg fritt og farleg fengande å vere «djupt onde’ hello»; «der leikar det».
Cathrine Strøm
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.