JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Denne reisinga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bergensbanen opna i 1909.

Bergensbanen opna i 1909.

Foto: NTB

Bergensbanen opna i 1909.

Bergensbanen opna i 1909.

Foto: NTB

3350
20220819
3350
20220819

Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen, seier ein tysk diktar. Den som har vore på reise, har noko å fortelje.

Reiselysta har følgt menneska så langt vi kjenner historia. Abraham drog frå Ur i Kaldea til Kanaan, og kom inn i verdshistoria. Paulus farta rundt Middelhavet og endra tru og tanke på dei kantar for tusenår. Forfedrane våre segla skipa sine til Island, Grønland og Vinland, og på elvane kom dei til Gardarike og Miklagard.

Som så mykje anna i samfunn og menneskeliv er reisinga knytt til den teknologiske utviklinga. Dei norrøne langskipa gjorde det mogeleg å segle langt, over opne havstrekningar.

Toget var eit stort sprang for reisinga. Det var nytt og spennande.

Farfaren min, Andreas Skartveit, var bonde på Skartveit i Ryfylke. Då Bergensbanen vart opna i 1909, bestemte han seg for å gjere ære på kona si, Olena Skartveit, som hadde født han tolv barn. Han inviterte henne på tur frå Bergen til Kristiania med den nye banen.

Då dei hadde passert Finse og unnabakken starta, vart farmor skremd. «Nei, å nei!» ropa ho, «dette går ramlande gale!»

Det gjorde ikkje det. Dei kom heim att, med båt rundt kysten.

I 1951, godt 40 år seinare, var vi nokre ungdommar frå Ryfylke som ville prøve å kome inn på den nye skulen på Jæren, Rogaland offentlege landsgymnas.

For mange av oss var dette eit stort sprang. Mykje var nytt og ukjent. Nokre av oss var dei første i slekta som søkte oss til høgare utdanning, gymnas, som det då heitte.

For å kome til opptaksprøva på Bryne, der skulen låg, tok vi først lokalbåten til Stavanger. Derifrå tok vi toget til Bryne. Dette var vår første togreise. Vi greidde opptaksprøva, og skule og hybelliv kunne starte.

Ti år seinare var eg student i Oslo. Det var påske. Og eg hadde lite å gjere. Etter å ha snakka med mor på telefonen fann eg ut at eg ville reise heim for resten av påsken. Eg fann eit fly. Så kom eg vandrande inn på tunet heime, der mor hengde opp vask. Ho kjende meg ikkje. At denne framandkaren i den lyse dressen som kom vandrande inn på tunet, var eg, var ein utenkjeleg tanke. Ho hadde jo akkurat snakka med meg i telefonen.

Ein ven av meg studerte ved NTH i Trondheim. Han var nygift, og kona hans heldt familieøkonomien oppe.

Mor hans, på Hebnes i Ryfylke, ville vitje dei nygifte. Det var i 1960, og ho ville ta fly, som ho aldri hadde gjort før.

Ho sette seg inn i flyet på Sola, med stort alvor. Ho sette seg ned i stolen og fasta beltet. Så tok ho tak i sidene på stolen og såg rett fram. Ho hadde fått vindaugsplass, og då flyet gjekk inn for landing på Værnes, la det seg på skrå, som fly gjer ved landing. Ho sat då og såg i vindauget, på bakken som nærma seg fort.

Roleg vende ho seg til sidemannen: «Å nei, å nei! Tenk at vi kom nesten heilt fram før vi datt ned!»

Og i dag? Flyindustrien, teknologiens triumf, er blitt for stor for sin eigen marknad. Skattebetalarane må hjelpe til for å halde han i live. Og ungdommar fartar verda rundt, frå flyplass til flyplass, for å hente kunnskap der han er å finne.

Det har gått fort. Flyet har dominert reisinga i mi levetid. I fars levetid var det båten og toget som sende folk omkring.

Ein gammal mann eg eingong kjende, sat og bladde i det leksikonet som nyleg var kome.

Her har verda eksistert i uendeleg tid, og så har det meste skjedd i mi tid, slo han fast.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis