Asia tek over utan skamkjensle
Gullkampen mellom Usbekistan og India 2 – med verdsmeisteren en passant.
Foto: Lennart Ootes / FIDE
Sjakk-OL i Chennai, heimbyen til Vishy Anand, vart avslutta denne veka. I sjakkfesten med 190 nasjonar er somme lag så veike at det ikkje er til å tru, men sjakken er for alle. Ei kvinne frå Seychellane gav opp etter berre tre trekk, men ho var ikkje matt, berre sjakk.
Noreg med Magnus Carlsen i spissen var rangert som nummer tre i open klasse, men hamna så langt bak at det ikkje var til å tru. 59. plassen er den dårlegaste plasseringa vår nokon gong. Den tidlegare antirekorden var ein 52. plass i Istanbul-OL i 2000. (Men den gongen hadde vi så låg rating at spelarane våre enda gjekk opp). Verdsmeisteren sjølv spela OK i Chennai (7,5 av 9 poeng, minus tre ratingpoeng), men resten av laget var tidvis på nivå med Torstein Bae og meg – for å setja antiprestasjonen i perspektiv. Slikt spel er ikkje toppidrett.
Toppidrett er for ungdommen. OL-gullet gjekk til Usbekistan, der dei tre beste spelarane er 17, 20 og 16 år gamle. Vesle Armenia, sjakkgiganten frå Kaukasus, tok sølv jamvel om stjernespelaren Aronjan no representerer USA. Bronsen gjekk til Indias andrelag med snittalder på 17 og fyrstebordspelar Gukesh (16) som den store helten. Gukesh vann dei sju fyrste partia før han i åttande runde vann med svart mot Caruana, favorittane frå USA. I runde 10 skulle han òg ha vunne mot Abdusattorov (17) frå Usbekistan, men då kom nervane, og han tapte ei stilling der remis nok hadde gjeve OL-gull til India 2.
Sjakken vert altså yngre og meir asiatisk. Alt prat om Noreg før start vart snart gløymt. Russarane fekk ikkje spela på dei 64 felta, men karrierepolitikaren frå Kreml Arkadij Dvorkovitsj (med visepresident Anand), slo den ukrainske utfordraren Andrii Baryshpolets (visepresident Heine Nielsen) i presidentvalet med siffera 157–16. Ute i den store verda er ikkje Ukraina eit tema. Berre eit dusin land i Vesten, mellom anna Noreg, røysta på ukrainaren og dansken.
Ei fin trøyst for Ukraina var OL-gullet i kvinneklassen, men krigen er det berre vi i Vesten som bryr oss om.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Bjørgulv Straume (1938–2024).
Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet
Munnharpevirtuosen frå Setesdal
Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Sau
Noko om sauedrift i Noreg og Wales.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.