JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Velferds­knusarane

Bak dei siste tiåras globale liberaliseringar og framstøytar for å demontere velferdsstaten står eit godt organisert nettverk av tenketankar, syner Ivar Hippe i den nye boka si.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ivar Hippe har skrive fleire bøker og forskingsrapportar.

Arkivfoto: Heiko Junge / NTB

7425
20210507
7425
20210507

LITTERATUR

janh@landro.bergen.no

Namn som The Mont Pelerin Society, Atlas Network og Public Choice Society er ikkje på alle tunger, men desse organisasjonane arbeider for eit felles mål: meir og friare marknad, meir privatisering og minimal statleg regulering og innblanding.

Det er ikkje utan grunn journalist og forfattar Ivar Hippe har kalla boka si Korstoget mot velferdsstaten. Sentralt i dette krosstoget står ei rad tenketankar, svært mange av dei finansierte av reaksjonære milliardærar.

«Dei tre store»

Hippe har lese teoriane til «dei tre store» i den globale rørsla – dei hyperliberalistiske økonomane Friedrich Hayek, Milton Friedman og James Buchanan – og dessutan fått høve til å vere til stades på viktige møte i dei marknadsfundamentalistiske organisasjonane og intervjua leiande personar.

– Dette er ei så stor og kompleks rørsle at ho ytrar seg og agerer på ulike vis. Alle drikk av den same kjelda, men alle blir ikkje like rusa. Målet er å skape ein konservativ politisk påverknadsmaskin utanfor dei demokratiske kanalane.

Mont Pelerin Society (MPS) karakteriserer Hippe som «nyliberalismens intellektuelle kraftsentrum». Hovudfienden deira er velferdsstaten og sosial omfordeling i demokratiske statar.

Atlas Network er eit barn av MPS, ein global kampanjeorganisasjon og infrastruktur for samfunnspåverknad med nesten 500 marknadsradikale tenketankar i om lag hundre land. Dei arbeider med å skape aktivistiske, akademisk skulerte ideologar, som igjen inspirerer dei som skal bringe ideen om den frie marknaden ut i samfunnet: politikarar, journalistar, akademikarar, lærarar og kunstnarar. I dette arbeidet har dei spesialiserte tenketankar som dekkjer heile det politiske spekteret. Nokre har drive fram Tea Party-rørsla i USA, andre har jobba for brexit, andre igjen satsar på å påverke val eller lage framlegg til ulike reformer.

 Public Choice Society med si Public Choice-forsking er endå eit barn av MPS – ei global rørsle av forskarar som har spesialisert seg på å forske på politisk svikt for slik å «dokumentere» korleis politikarane og velferdsstaten kjem til kort. Sentralt står påstanden om at alle, politikarar og byråkratar, berre vil mjøle si eiga kake; noka allmenninteresse finst ikkje.

– Denne retninga er i dag verdsleiande i den samfunnsvitskapelege forskinga, seier Hippe.

Global idékrig

Aktørane Hippe skildrar i boka, talar sjølv om at dei fører ein global idékrig. Eit overraskande funn forfattaren har gjort, er kor sentralt Sverige har vore i denne krigen. Ikkje berre har Sveriges Riksbank tildelt dei tre sjefideologane Nobels Minnepris i økonomi, også fem presidentar og åtte medlemar av den marknadsfundamentalistiske rørsla har fått prisen. Dessutan har Sverige hatt sekretæren i MPS i 22 år, og det har heile tida vore ein svenske i styret. I tillegg var Sverige tidleg ute med eigne tenketankar.

– Kor viktige har desse tenketankane vore for utviklinga dei siste fire–fem tiåra?

– Det har lykkast dei å gjere ideane sine dominerande i vår tid. Skattekutt, privatisering av offentlege tenester, politikarforakt, aukande mistillit til staten og politiske vedtak – dei marknadsliberale tenketankane har vore enormt viktige for å gi desse ideane hegemoni.

– Det finst då tenketankar på venstresida, òg?

– Venstresida har sett seg nøydd til å kopiere arbeidsmåtane til høgresida. Det høgresida har bygd opp, er ein imponerande profesjonell og global kampanjeorganisasjon. Du finn ikkje noko tilsvarande på venstresida, dei ligg langt, langt bak.

I boka skriv Hippe òg om såkalla Fridomsforum. Dei er eit svært viktig instrument for å hente inn, utdanne og mobilisere unge aktivistar. Kvart år blir det arrangert slike forum over heile verda. «Ein politisk maskin for påverknad», kallar Hippe dei.

– Kva har vore jordsmonnet for denne sterke framvoksteren på høgresida?

– I USA har sterke krefter i næringslivet i tiår arbeidd systematisk for å svekkje New Deal og velferdsstaten. Dei har satsa milliardar av kroner på å utvikle denne rørsla og skape gjennomslag for desse tankane.

Kva blir att?

Hippe seier òg at ein del kriser i den sosialdemokratiske samfunnsmodellen på 1970-talet har vore viktige, kriser som desse kreftene utnytta.

– Kombinasjonen av sterke, akademiske personlegdommar og sterke interesser blant dei rikaste er den alliansen som dreiv dette fram. Det er knapt til å tru korleis samarbeidet for å gjere staten minst mogleg og kjempe ned politikken, har lykkast i USA. At desse ideane har fått slikt gjennomslag i Sverige, men også i Noreg – om enn ikkje i si mest radikale form, er resultat av eit mødesamt arbeid.

– Du skriv at privat makt blir bagatellisert, statleg makt demonisert. Er det eit gjennomgåande trekk ved nyliberalismen?

– Det er strategien deira og trua deira. Private selskap, sjølv globale monopol som Facebook, blir ikkje sett på som eit problem fordi marknadsideologane meiner at konkurransen alltid vil ordne opp. Makta dei har, blir knapt problematisert; offentlege monopol, derimot, er problem per definisjon.

– Kva blir att av staten dersom marknadsfundamentalistane får det som dei vil?

– Då blir staten redusert til eit valdsmonopol med politi og militærvesen og tilretteleggjar for såkalla frie, effektive marknader. Ein sterk, men liten stat.

– Og då er det kanskje ikkje så viktig med den einskilde borgaren?

– Ifølgje teorien blir borgaren då fri. Fri til å skape den spontane samfunnsutviklinga som er best for alle. Det er sjølve Utopia. Der har alle borgarar like mykje makt, alle har like mykje informasjon. Men vi veit jo at det ikkje funkar slik i praksis.

– Så vil dei jo gjerne ha ein stat som ryddar opp kvar gong den frie økonomien kollapsar?

– Ikkje utan vidare. Dei var imot Obamas bergingspakkar under finanskrisa, og dei går heilt av skaftet for Bidens tre stimulansepakkar. Sjølv Reagan såg seg i si tid tvinga til å innføre ein krisepakke, men det var unntaket frå regelen. Ifølgje teorien skal ikkje staten gripe inn i noko som helst.

Civita

Her i landet er Civita den fremste representanten for tankegodset til «dei tre store», men i ei langt meir moderat form. Hippe ser denne tenketanken som meir tilpassa det mindre konfliktfylte og meir likskapsorienterte Noreg.

– Dei har vore ein svært effektiv påverknadsorganisasjon, men langt frå så radikale som kollegaene i Sverige, Storbritannia og USA. Civita skil seg ut ved ikkje å drive politikarhets og ved å støtte trepartssamarbeidet.

– Kvifor gjer vi ikkje meir for å stoppe marknadstankegangen i Noreg?

– Eg trur Noreg ikkje har nokon garanti mot at ting kan utvikle seg dårleg her òg. Vi har store og aukande fordelingsproblem. No ser eg likevel teikn til at retorikken er i ferd med å endre seg i viktige miljø. Jonas Gahr Støre snakkar på ein heilt annan måte i dag enn då han tok over som partileiar.

Internasjonalt skjer det ting, seier Hippe.

– Gradvise endringar i Verdsbanken og OECD tyder på at ein tydelegare ser konsekvensane av den marknadsradikale politikken. Ein kan ikkje lenger skjule at dette skaper enorme sosiale kløfter og mistillit til demokratiet. Det er uråd å halde fram som før, kursen må bli lagd om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Venstresida har sett seg nøydd til å kopiere arbeidsmåtane til høgresida.

Ivar Hippe, journalist og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis