JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Tyttebærsyltetøy

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3153
20230505
3153
20230505

Eg har teke feil og smurt eit tjukt lag med tyttebærsyltetøy på brødskiva. Smaksløkane skjønar med ein gong at noko er gale. Hjernen brukar litt lengre tid, men etter tredje bete avbryt eg måltidet og skrapar av syltetøyet over søppeldunken. Raudt og fint legg det seg på toppen av alt det andre eg har kasta i det siste. Eg kikkar på etiketten og ser at det er glaset med tyttebær- og ikkje kirsebærsyltetøy eg står og held i nevane.

Heldigvis er eg åleine i kjøkenet, så ingen andre får med seg kva som har hendt. Hadde eg budd i lag med ei jente, kunne alt vore annleis, ho kunne oppdaga kva som var i ferd med å skje, og stoppa meg i siste liten, eller kan hende var det ho som laga frukost til oss denne morgonen og sette fram rett syltetøy. Men slik er det ikkje. Eg har ikkje klart å finne ei som passar inn. Det er ikkje det at eg ikkje har prøvd, for det har eg, sjølv om det er ei stund sidan no. Eg må skjerpe meg og gå gjennom rutinane. Tyttebærsyltetøyet kan ikkje lenger stå i nærleiken av anna syltetøy. Etikettane er for like.

Eg har alltid vore kresen i matvegen, eller i syltetøyvegen, for å vere meir presis. Klumpar, til dømes, kunne gje meg brekningar då eg var yngre. No toler eg meir, og det er ikkje mykje eg ikkje kan ete. Men det går ei grense, og tyttebær­syltetøy som pålegg fungerer berre ikkje for meg, det passar til middag: kjøttkaker, ei god steik eller kalkun, men ikkje på ei brødskive.

Eg tek glaset med tyttebærsyltetøy med meg ned i kjellaren og set det saman med potetene og tomflaskene og alt det andre som har samla seg opp. Golvet flyt av flasker eller posar fylte med flasker. Eg sparkar borti ei som flyg av garde og treffer veggen under ei rekkje med gamle klede eg aldri kjem til å bruke meir. Eg må komme meg på butikken og pante desse flaskene, kanskje vinn eg nokre slantar på lotteriet til Raudekrossen om eg freistar lykka.

Det kunne blitt ein fin kjellar om eg fekk rydda og sortert det eg har lagra, men eg tippar at folk flest ikkje har noko meir orden enn det eg har. Uansett har eg ikkje tenkt å setje meg til i ein kjellar, same kor fin han er. Det er ikkje nokon plass for meg. Her nede manglar både vindauge og godt lys i taket. Eg set glaset frå meg på ei hylle i same rommet som potetene står i. Tomflaskene blir ståande urørte, men eg er fast bestemt på å gyve laus på oppgåva om ikkje lenge. Eg sløkkjer lyset i toppen av trappa og stengjer døra ned til kjellaren. Det er nok av tid.

Eg legg eit nytt lag med syltetøy på skiva, denne gongen er det kirsebær. Det blir noko heilt anna, det kan faktisk ikkje samanliknast.

Den dagen eg treng tyttebærsyltetøy, har eg sannsynlegvis gløymt at det finst rett under føtene på meg. Då kan eg sitje og ete kjøttkaker eller kalkun utan tyttebærsyltetøy og berre ha det så godt. Kan hende sit eg saman med ei som eg no ikkje veit kven er. Me et og snakkar saman og har det fint, samstundes har eg ei kjensle av at noko manglar, men kjem ikkje på kva det er, og slik som det har blitt, kan det vere det same.

Frank Tønnesen

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis