JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Sanseleg om kjønn og identitet

Ei hjerneristing kan føre til så mangt. For dansk-norske Kirstine Reffstrup blei det opptakta til ein sanseleg roman om sjelevandring, kjønnsidentitet og isolasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kirstine Reffstrup debuterte som romanforfattar i 2016 og vart nominert til fleire prisar. No er den andre romanen komen ut på norsk. Den danske utgåva kjem ut i april.

Foto: Sofie Amalie Klougart

8046
20230210
8046
20230210

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Når Kristine Reffstrup i desse dagar kjem ut med den alt anna enn sosialrealistiske romanen Jernlungen, stadfestar det så å seie hennar status som «norsk» forfattar. 43-åringen har studert kunsthistorie, men hadde i mange år visst at det var forfattar ho skulle bli. Først ville ho skaffe seg livsrøynsle, nå den rette alderen for å kunne skrive.

Etter at ho flytta frå København til Bergen i 2010 for å gå på Skrivekunstakademiet, fekk ho sving på skrivinga. I 2016 debuterte ho med romanen Jeg, Unica, som hausta svært gode kritikkar. Ved dei tider hadde ho busett seg i Oslo, der ho framleis held til. Jernlungen er den andre romanen hennar.

– Eg skriv på norsk og dansk. Etter kvart har eg fått det norske språket og litteraturen under huda. Jernlungen skreiv eg parallelt på dei to språka. Når eg skriv, kjem setningane ut på både det eine og det andre språket. Boka blir lansert i Danmark i april.

Ulike stader, ulike tider

Handlinga i romanen går føre seg på to ulike stader til ulike tider, Blegdamshospitalet i København under den store polioepidemien som gjekk over Europa i 1952, og eit hus for foreldrelause gutar i ein skog nær Budapest i 1913. Likevel får vi tidleg ei kjensle av at det finst eit samband mellom dei to 13 år gamle hovudpersonane. I ei jernlunge (forløparen til dagens respirator) ligg Agnes, hardt råka av polio, medan eit barn som korkje er gut eller jente og berre går under namnet «Gutt», lever saman med tolv gutar i det merkelege Taras hus.

Mykje i romanen dreier seg om overgang og endring, både i dei to og utafor livet deira.

– Skrivinga tok til med at eg såg føre meg biletet av ei ung jente i jernlunge. Ho låg i si vesle verd, men kunne i fantasien sjå den mykje større verda utafor. Så prøvde eg å følgje ideen om reinkarnasjon, at ho har levd fleire liv og hatt fleire lagnader. Ho er på terskelen til vaksenlivet, på éin gong både ung og gammal.

Dernest kom biletet av eit barn som voks opp i ein skog utafor Budapest, og kjensla av at det fanst eit samband mellom dei.

– Eg byrja skrive om jenta i jernlunga og polio i 2018, før covid-19 kom som eit ekko av det eg heldt på med. Pandemien hindra meg i å dra til Budapest for å sjå kor den andre delen av handlinga fann stad. I boka blei denne staden ein fantasi om det verkelege Budapest.

Kjønn og kjærleik

– Vil du noko meir med romanen enn å fortelje ei svært god historie?

– Å vilje noko er vanskeleg, slike historier oppstår av seg sjølve, intuitivt. Men under ligg eit tema om å vere mellom to tider, mellom to kroppar, mellom to kjønn. Det er denne mellomposisjonen eg har vilja fortelje om, og til dette var det naturleg med to 13-åringar på veg inn i puberteten. I den overgangen skjer så mange endringar i kroppen, ein blir ein annan. Denne perioden er så sprengfull av motsetnader, ein er framleis barn, men i ferd med å bli vaksen, begjæret og seksualiteten kjennest ekstra sterkt.

– Det verkar som om du på noko vis har eit personleg forhold til det du skriv om?

– Romanen er fri fantasi, men har likevel på eit eller anna vis grunnlag i ei personleg røynsle. Slik vil det vere med alt eg skriv. I dette tilfellet var det ei hjerneristing, som gjorde at eg lenge knapt kunne skrive og lese. Det kjendest som å vere innkapsla på eit vis, om lag slik Agnes har det i jernlunga. I tillegg er kjærasten min kvinne, og når eg skriv, tenkjer eg mykje på kva kjønn, kjærleik og begjær er.

– Kva er det med «Gutt»? Hen er korkje gut eller jente, får vi vite. Skildrar du eit kjent anatomisk kasus?

– «Gutt» er først og fremst eit fantasiprodukt, utan direkte førebilete. Men eg har tenkt på Virginia Woolfs Orlando medan eg skreiv, Orlando som lever gjennom fleire hundreår og skiftar kjønn undervegs. Ein uregjerleg kropp som ikkje finn seg til rettes i dei to kjønnskategoriane. Det er tale om ein kropp som ikkje passar inn, eller eit begjær som ikkje passar inn.

– I boka er det vel tale om to ulike former for ufridom. Agnes ligg lenkja til ein pustemaskin, «Gutt» er lenge sperra inne i ein gutekropp og skal ikkje få syne fram kven hen er?

– Presis. I motsetnad til Orlando hos Virginia Woolf, som forvandlar seg frå mann til kvinne, blir «Gutt» ståande mellom dei to kjønna. I Taras hus måtte ein vere anten kvinne eller gut.

– Ser du hen som ein opprørar? Hen bryt jo med alt dette huset representerer?

– Ja, barnet i Taras hus blir ein opprørsfigur, men også utsett og sårbar slik hen gjer om på reglane i huset. «Gutt» bryt med førestillinga om kva kjønn er.

Politisk?

– Det er noko eventyraktig over Taras hus og livet der?

– Inspirasjonen frå eventyret er klar; sjølv tenkjer eg det nesten som ein litt mytisk stad. På ein gong er huset forankra i tida like før første verdskrigen, men samstundes også utafor tida. Isolert i si vesle mikroverd med eigne lover og reglar. Barnet i huset har brote ut, men så kjem det inn i tida rett før første verdskrigen, som får alt til å bryte saman. Det er ei historie om overgangar både i små kroppar og i det store perspektivet i Europas historie.

– Det er tale om kommunisme, og boka har mange referansar til store hendingar i inn- og utland. Men vil du kalle romanen politisk?

– Det er eit stort spørsmål. Politisk agiterande er han i alle høve ikkje. Men eg trur at ei bok kan ha ein verknad, politisk eller annan, syne fram ei anna verd, gi andre førestillingar – om så berre hos eitt einskilt menneske, ein einskild lesar. Primært har eg vore oppteken av det som skjer i to unge sinn, men eg vil ikkje sjå dei uavhengig av det ytre rommet kring dei, i kjølvatnet av omveltande verdskrigar.

Jernlungen er prega av eit svært poetisk, biletrikt og sanseleg språk, fullt av lukter, smakar, høyrsle- og synsinntrykk. Reffstrup fortel at ho under skrivinga prøvde å førestille seg så konkret som råd korleis dei romma ho skildrar, ser ut, og korleis ting luktar og smakar. Ein som er sjuk, som Agnes, kan oppleve sanseinntrykk ekstra sterkt. Dette ønskte forfattaren å formidle.

– Romanen din er vel også ei historie om både kjønnsidentitet og kjønnsforvirring?

– Kanskje ikkje kjønnsforvirring. Eg vil gjerne syne at det finst fleire kjønn enn berre det binære, mann og kvinne. Ein kan vere begge delar – eller ingen av dei. Det rommet ønskjer eg å opne opp. Hovudpersonane i boka kjenner seg ikkje komfortable med å skulle velje mellom dei to kjønna, dei vil frigjere seg frå andre sine reglar for korleis ein skal leve livet sitt og sjølve forme det.

Opp til lesaren

Gjennom små «teikn», einskildord og parallelle kjensler eller opplevingar blir det litt etter litt etablert eit samband over tid og rom mellom jenta i jernlunga og hen som etter kvart rømmer frå Taras hus og gradvis skaper seg eit nytt liv i Budapest. Til slutt nærmar det seg full identifikasjon då Agnes kallar seg Iggy, det nye namnet «Gutt» har teke. I teksten førekjem orda «sjelevandrer» og «reinkarnasjon».

Reffstrup stadfestar at det er noko slikt ho har tenkt seg skjer mellom dei to.

– Eg byrja forfølgje tanken om at Agnes hadde levd eit anna liv i ei anna tid. Ho ligg så fastlåst at det må gi henne eit rikt indre liv. Eg ser kanskje føre meg ei samansmelting til slutt; Agnes talar om å gå ut av sin eigen kropp og inn i ein annan. Dette kan sjølvsagt tolkast på ulike vis. Eg har ønskt å gjere slutten på boka open, det skal vere opp til lesaren å avgjere kva som skjer.

– Eg skjønar ikkje absolutt alt som skjer i denne romanen. Gjer du?

– Når ein er inne i ein slik skriveprosess, kjennest det nesten som å vere i ein tunnel. Eg må berre følgje språket og personane. Først seinare byrjar eg prøve å forstå kva eg har skrive. Det har vore viktig for meg å skrive ei bok som kan tolkast på mange ulike måtar, gi lesarane eit ope rom dei kan gå inn i. Det handlar ikkje om å gi svar, men heller om å opne ei verd lesarane kanskje ikkje har vore inni før.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis