JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Lyden av litteratur

Stadig fleire historier finn vegen til oss gjennom eit par hovudtelefonar. Kva gjer det med litteraturen, og kva gjer det med oss?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folk lyttar stadig meir til lydbøker, først og fremst gjennom strøymetenester.

Foto: Thomas Brun / NTB

10831
20221028

Bakgrunn

Bokstrøyming

Strøymetenester har ført til kraftig vekst i konsumet av lydbøker.

I 2021 lytta folk til 8,2 millionar titlar.

Strøymetenestene Fabel, Storytel, Ebok Premium, Nextory og Podimo er etablerte i den norske marknaden.

Lydbøker

christiane@dagogtid.no

I haustferien fekk eg endeleg lese ein bestseljar eg lenge har tenkt på å lese, Min skyld av Abid Raja. Ikkje fordi eg kunne sitje meir i godstolen enn vanleg, men fordi eg skulle måle ein trappeoppgang. Så når eg skriv «lese», vil ikkje det eigentleg seie «lese», men «høyre». Eg høyrde boka innlesen av forfattaren sjølv, så lenge ho varte, i seks timar og 46 minutt. Det viste seg å vere omtrent den tida det tok å måle to strøk.

Kvifor skriv eg om dette? Fordi all statistikk viser at eg ikkje er åleine. For stadig fleire av oss er ikkje bøker noko ein først og fremst set av tid til å lese, men like mykje noko ein lyttar til på bussen, ved kjøkkenbenken eller når ein, som eg nett har gjort, målar vegger. Lydbøker gjer tidsklemma mindre og husarbeidet lettare.

Litteratur vert lydspor til livet vårt, slik musikk lenge har vore det. Lyden vert den nye teksten og øyra dei nye auga. Utviklinga er i ferd med å endre bokmarknaden. Endrar ho også litteraturen, kva vi les, og måten vi tek han inn på?

Ny skrivemåte?

Ein som har engasjert seg i det første spørsmålet, er forfattaren Jan Kjærstad. I eit mykje kommentert Facebook-innlegg, som også er publisert på Bok365.no, spør han om lydbøker fører til ein ny skrivemåte. Kan lydbøker og strøyming føre til at romanar med komplisert komposisjon og lange setningar døyr ut?

Premissane han legg til grunn, er desse: Kampen om merksemda vår, og tida vår, vert stadig hardare, medan distraksjonane vert fleire. Mange klarer berre å konsentrere seg i korte strekk. På same tid vert fleire lesarar trekte mot strøymetenestene som tilbyr lydbøker. Det er her den økonomiske vinsten for forfattarar ligg i framtida, særleg om avtalane vert betre.

«For en skjønnlitterær forfatter i dag er det om å gjøre å få romanen sin lest inn, slik at den kan tilbys som lydbok og etter hvert komme på de ulike strømmetjenestene. Også av økonomiske hensyn. At antallet lydboklyttere stiger og stiger, er en av de mest markante tendenser i bokbransjen», skriv Kjærstad.

Kraftig auke

Det er verdt å ta eit blikk på utviklinga. Lydbøker er ikkje nett eit nytt fenomen. Sjølv hugsar eg godt kassettane eg lytta til i 80-åra om bjørnen Colargol og den stygge andungen. Seinare tok CD-ane over marknaden, for så å verte erstatta av lydfiler. Med lydfilene kom strøymetenestene, og det er desse som verkeleg er i ferd med å endre både bokmarknaden og medievanane folk har.

I bransjestatistikken frå Den norske Forleggerforening set ulike tal lys på tendensen. Ser ein til dømes på korleis forlaga har omsett lydbøker i perioden 2015–2021, ser ein ein kraftig auke kvart einaste år. Medan forlaga i 2015 omsette lydbøker, i fysisk og digitalt format, for nærare 65 millionar kroner, omsette dei i 2021 for nærare 266 millionar kroner.

Strøymetenestene rapporterte i fjor om totalt 8,2 millionar lyttingar, som utgjer ein vekst på nesten 25 prosent frå året før.

Stadig fleire aktørar kjempar også om boklyttarane. I tillegg til Fabel, Storytel og Ebok Premium etablerte også Nextory og Podimo seg i den norske marknaden i fjor. Og stadig fleire titlar vert gjorde tilgjengelege.

Utviklinga i forlagsomsetning på lydbøker

Konsentrasjon

Eg ringjer Kjærstad for å slå av ein prat om lydtrenden. Det viser seg at han ikkje er mellom dei som dreg statistikken opp.

– Eg høyrer lite på lydbøker, men det er nok fordi eg er forfattar og ein slik som treng å notere mykje i bøkene eg les, seier han.

Samtidig er han open for at måten han les på, kan vere ein vane, og at vanar lett kan verte opphøgde til noko heilagt, slik at ein lukkar seg for at det kan vere kreative måtar å lytte til ei bok på. Og at det også kan vere eit generasjonsspørsmål.

– Det eg er oppteken av, er om bruken av lydbøker, bevisst eller ubevisst, fører til nye måtar å skrive på. For det å lytte krev konsentrasjon. Og ofte gjer ein andre ting samstundes, slik at ein ikkje er 100 prosent konsentrert om det ein held på med. Ein køyrer bil, ryddar eller målar ein vegg.

Den utløysande faktoren for at Kjærstad skreiv Facebook-innlegget, var at han høyrde om svenske forfattarar som vart inviterte til forlaget sitt for å lære om korleis dei kunne skrive bøker som eignar seg godt som lydbok. Det handla om å starte dramatisk, ikkje ha for mange personar og ikkje for lange kapittel.

I tekstuniverset

Kan ei tilpassing til lydboka gje nyskapande litteratur? Kjærstad er open for det.

– Måten vi skriv på, speglar den tida vi lever i, og i dag er vi omringa av informasjonsbitar, fragment, bitar av fragment vi i beste fall sjølve kan setje saman, masse løgner og mykje informasjon vi ikkje veit om vi kan stole på. Om nye forfattarar vil skrive for dei som les i kortare tidsrom om gongen, kan jo det vere ein spennande ting, seier han.

Men litt uroa er han også.

–?Å lese er også ein måte å jobbe med sitt eige minne på. Du treng å la personar, hendingar, bitar og skildringar gjære og arbeide i kroppen, så du kan få ordlause erkjenningar og innsikter. Då trur eg du treng å vere i tekstuniverset så lenge som mogleg.

Med unntak for ei essaysamling er alle bøkene Kjærstad sjølv har skrive, også gjevne ut som lydbøker, men han er tydeleg på at han ikkje vil tilpasse seg lydformatet.

– Eg er ein eldre herre, så det er ikkje så mange bøker eg har att å skrive. Då ville det vere krampaktig om eg skulle skrive den heidundrande lydboka. Men eg er ein storyteller, og ei god historie eignar seg òg godt som lydbok, seier han.

Lyd, lyd, lyd

Lydbøker er ikkje det einaste lydmediet i vinden. Den store populariteten podkastar har fått, har ført til enkelte synergiar mellom dei ulike lydkategoriane, som podkastar og lyddrama (eller skal vi kalle det høyrespel?), baserte på bøker.

I fjor starta lydstrøymetenesta Podimo og Aschehoug eit samarbeid om å lage eksklusivt innhald, som kan strøymast på strøymetenestene Podimo og Fabel. Då samarbeidet vart lansert, sa Aschehoug-direktør Åse Ryvarden til Bok365.no at ho såg eit stort potensial i fiksjonsbaserte produksjonar der forfattarane skriv først og fremst for lyd.

Eg ringjer noregssjef i Podimo, Fride von Porat, som fortel at samarbeidet har ført til fleire produksjonar. To noveller av Jo Nesbø har vorte skrivne om til lyddrama, podkasten Pakten er basert på den sanne historia som ligg til grunn for romanen 304 dager av Simon Stranger, og podkasten Edvin er basert på historia om ein liten gut som plutseleg døydde, tidlegare fortald i boka Snu deg. Edvins bok av Therese Tungen.

– Vi har fleire prosjekt der vi utforskar lydbokformatet og nærmar oss podkastformatet og lyddramaet. Det er spennande, og vi er samde om å halde fram med avtalen også til neste år, seier von Porat.

Episodar

– Kva krav vert stilte til ein tekst som skal fungere godt i lydformat?

– For oss er det ofte det at ei historie vert delt opp i fleire episodar, med ein cliffhanger på slutten, slik at ein får eit driv inn i neste episode, og slik at ein får lyst til å lytte vidare. Det bør ikkje vere altfor mange karakterar, så det skal vere enkelt å følgje med. Og så har vi lydkulissar og lyddesign for å setje stemninga.

Det artar seg litt annleis enn i ei typisk lydbok, der ein innlesar les frå a til å, seier ho.

– Det handlar vel om å stimulere folk til å lage nokre bilete i hovudet, men det er kanskje ikkje like komplekst skrive som i ei bok. Kanskje liknar det meir på korleis ein skriv ein TV-serie.

Fride von Porat håper fleire forfattarar skal få auga opp for dei nye lydformata.

–?Det gjev eit unikt høve til å ha skriveprosjekt mellom store romanprosjekt, til dømes. Forfattarar er jo generelt veldig gode historieforteljarar.

–?Kva seier du til dei som no kan vere litt urolege for at romanforfattarar byrjar å tilpasse romanane sine til eit lydformat?

– Eg ser berre dette som eit tilskot. Det er plass til begge delar for gode historieforteljarar. For å appellere til nye generasjonar må ein kanskje tilpasse seg litt i måten ein byggjer opp historier på, men eg trur alltid det vil vere eit publikum for ein god roman.

Ei erstatning?

Erstattar lydboka boklesinga eller kjem ho i tillegg? Det er ikkje berre lett å lese ut av statistikken, og eg spør sjefen i Den norske Forleggerforening, Heidi Austlid. Ho har ingen fasit på spørsmålet, men kan dele litt kunnskap.

– Lyttinga gjer det mogleg å konsumere meir litteratur. Vi har leseundersøkingar som viser at det er dei som alt les mykje, som også lyttar mykje. Men truleg når også lyttinga ut til fleire grupper.

Strøymetenestene tilbyr lydbøker som ikkje lenger har fastpris, og overlappar derfor mjukpermbøker i innhald. Salet av billigbøker gjekk ei stund litt ned, men har den siste tida fått eit oppsving igjen. Derfor er det vanskeleg å seie at salet har samanheng med strøyming av lydbøker.

Slik Austlid ser det, er lytting ein veg til lesing. Det å lese ei bok og det å lytte er ikkje storleikar som kan samanliknast, meiner ho.

– Når ein les i ei fysisk bok, utviklar ein evne til å konsentrere seg, utvikle empati og ei rekkje andre tilleggseffektar, seier ho.

Frå ord til bokstav

Denne artikkelen opna med ei lydbok, men skal avsluttast med kunnskap frå ei fysisk tekstbok. Ordet litteratur kjem frå det latinske litteratura, som tyder bokstavskrift, les eg på den første sida i boka Litteraturens historia i världen (Bernt Olsson og Ingemar Algulin).

Og vanlegvis tenkjer vi på skrivne tekstar når vi snakkar om litteratur, les eg vidare, men kva vi ser på som litteratur, poesi, forteljingar og dramatikk, har vore til i munnleg form lenge før den første skrifta kom til. Primært er forteljingane knytte til det munnlege språket, og frå mennesket kunne samtale, kunne vi også skape litteratur.

Er vi med lydboka tilbake til leirbålet? Kjærstad har tenkt tanken.

– Det er ein spennande tanke, for om eg skal vere litt sjølvkritisk, så er det jo sånn at sjølv om tekstar vert fragmenterte og ein mistar konsentrasjonen, så er det trass alt slik at dei første eposa våre vart fortalde munnleg.

Kjærstad viser til storverk som Mahabharata og Odysseen, som vart framførte munnleg framfor eit lyttande publikum.

– Kjenner du sjølv til forfattarar som har lagt om stilen?

– Nei, og hardbarka forfattarar vil seie at det skal dei ikkje. Eg er meir spent på dei som skriv no. Eg trur det kan kome meir samtidslitteratur som er meir lydbokvennleg. Men eg har alltid trudd på både og, så eg trur den tradisjonelle forteljemåten held fram, samtidig som nye former kjem til. Eg liker at feltet er breitt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis