JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Jon Auklend

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Rune forlag

Foto: Rune forlag

2547
20221209
2547
20221209

Jon Auklend (1889–1978) er ukjend for dei fleste i dag. Men dikta hans fortel om eit viktig straumdrag i norsk lyrikk – inspirasjonen etter Olav Nygard. Nygard er kjend for lange dikt på ottava rima (dikt med strofer på åtte vers­liner med eit innfløkt rimmønster) og fortetta ordbruk med både arkaiske og nylaga ord. Eg har tidlegare presentert to slike diktarar: den unge Olav H. Hauge og Frank Frode. Auklend høyrer til same gruppa. Jamfør ein av titlane hans, «Nygards-dråpa». Han skreiv òg mange strofer på åtte versliner (men med eit lettare rimskjema).

Men til skilnad frå Nygard, som skreiv dikt med overraskande unasjonal tematikk, har Auklends dikt nasjonale, norrøne og kristne motiv. Tittelen på ei av Auklends samlingar, Norrøna, er eit godt døme. Gjennom samlingane sine stig Auklend fram som ein ordhag lyrisk-episk portrettmålar av norrøne og bibelske personar, anten det er Olav Kyrre eller Maria Magdalena.

Attmed ser de ein annan spesialitet i Auklends diktekunst: motiv frå Nord-Noreg. Auklend var frå Hetland ved Stavanger, men var rektor ved Nesna lærarskole (1947–1950). Under krigen protesterte Auklend mot Norges lærersamband, landsorganisasjonen for lærarar som NS skipa, og vart send på tvangsarbeid til Kirkenes.

«Dei sju systrene» (frå Leiestjerner, 1965) viser til den kjende fjellkjeda på Alstahaug «som fletter sin’ Lokker i Snee», for å herme Petter Dass. Liksom herr Petter meiner Auklend fjellkjeda er vakrast om vinteren. Han brukar òg metaforar frå kulturkrinsen han kjende: den norrøn-germanske og den antikk-klassiske – sistnemnde i termen «vestalinner», prestinner i det gamle Roma. Andre vanskelege ord: «kjerte», voksljos, og «traut», fortid av «tryte», gå tom for. Den siste lina er tvitydig: Meiner Auklend bekker og fossar om våren eller sorga til systrene – som liksom anna troll vart til stein då sola rann?

Eg vil takke ein slektning av Auklend, som òg har gjort nordlending av seg, for å ha sett meg på sporet av denne fine diktaren. Han heiter Morten.

Ronny Spaans

Dei sju systrene

Det sat sju systermøyar

med kvite vinterskaut

som kjerte mellom øyar

med lys som aldri traut.

Kong Vinter heitte faren,

som vigsla dei til strid,

når sola kverv or garden

kjem deira vitjingstid.

Då sit sju vestalinner

som lys på altarbord,

sju nordgermanske kvinner

i tempelhall her nord.

I atterskin av stjerner

frå blåe himmeltjeld

stod sju eidsvorne terner

som faklar mang ein kveld.

Dei sat på dronningstolar

i aldrar og i år,

i rima vinterskjolar,

men gret mot sol og vår.

Jon Auklend

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis