Ivar Aasen-tunet jubilerer
Nynorsk kultursentrum fyller 25 år. Det skal feirast denne helga.
Jostein Nerbøvik tok initiativet til Ivar Aasen-tunet i 1990 og leidde arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000.
Foto: Ivar Aasen-tunet
Nynorsk
andre@dagogtid.no
Direktør Ottar Grepstad held jubileums- og avskilstale, Roger Erlandsen fortel om forfattaren og strategen Jostein Nerbøvik, ei eldsjel bak stiftinga av institusjonen, og Grete Riise fortel historia om Nynorsk kultursentrum.
– Fleire ambisiøse nøkkelpersonar har vore med på å gjere Nynorsk kultursentrum viktig for både språket og språkbrukarane. Dei får sin velfortente takk når vi feirar 25-årsjubileet i Aasen-tunet i haust, seier dagleg leiar Gaute Øvereng på nettsida til senteret.
Kulturminister Trine Skei Grande (V) skal legge ned blomar ved Ivar Aasen-bautaen i tunet og halde foredrag om samfunnsrolla til nasjonale kulturinstitusjonar. I tillegg lovar senteret ei kunstnarleg overrasking.
Ivar Aasen-tunet blei skipa 30. august 1993 med føremål om å bli eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. No har Nynorsk kultursentrum tre museum og tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke på Aust- og Vestlandet, og det digitale oppslagsverket Allkunne.no.
– Dei som drog dette i gang i 1990, ville for alt i verda at det skulle bli ein nasjonal kulturinstitusjon. Det målet nådde dei gjennom eit stortingsvedtak hausten 1995. Det er knapt til å fatte kor mykje dei arbeidde for å få dette til, seier direktør Ottar Grepstad, som frå 1. november overlèt direktørstolen til Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nynorsk
andre@dagogtid.no
Direktør Ottar Grepstad held jubileums- og avskilstale, Roger Erlandsen fortel om forfattaren og strategen Jostein Nerbøvik, ei eldsjel bak stiftinga av institusjonen, og Grete Riise fortel historia om Nynorsk kultursentrum.
– Fleire ambisiøse nøkkelpersonar har vore med på å gjere Nynorsk kultursentrum viktig for både språket og språkbrukarane. Dei får sin velfortente takk når vi feirar 25-årsjubileet i Aasen-tunet i haust, seier dagleg leiar Gaute Øvereng på nettsida til senteret.
Kulturminister Trine Skei Grande (V) skal legge ned blomar ved Ivar Aasen-bautaen i tunet og halde foredrag om samfunnsrolla til nasjonale kulturinstitusjonar. I tillegg lovar senteret ei kunstnarleg overrasking.
Ivar Aasen-tunet blei skipa 30. august 1993 med føremål om å bli eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. No har Nynorsk kultursentrum tre museum og tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke på Aust- og Vestlandet, og det digitale oppslagsverket Allkunne.no.
– Dei som drog dette i gang i 1990, ville for alt i verda at det skulle bli ein nasjonal kulturinstitusjon. Det målet nådde dei gjennom eit stortingsvedtak hausten 1995. Det er knapt til å fatte kor mykje dei arbeidde for å få dette til, seier direktør Ottar Grepstad, som frå 1. november overlèt direktørstolen til Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»