Hollywood tapar terreng i Kina
Vestleg film står for ein stadig mindre del av sjåartala i Kina, ifølgje The Economist.
Ein av dei største filmproduksjonane i Kina – og verda – dei siste åra handlar om slaget ved Changjin-sjøen i 1950.
Film
eva@dagogtid.no
Kinesiske kinoar får ikkje syne meir enn 34 utanlandske filmar kvart år, men kinesarane har gjennom piratkopimarknaden god tilgang til utanlandsk film likevel. No ser det ut til at vestleg film tapar terreng i verdas mest folkerike land. Slik konkluderer The Economist, som har gått gjennom visningstal frå 2010 og fram til i dag på den kinesiske nettstaden Douban, der brukarane kan melde filmane dei har sett.
Der har andelen kinesiskproduserte filmar auka frå å utgjere 21 prosent av filmane i 2010 til 55 prosent i 2021, medan andelen engelskspråklege filmar samstundes fall frå 53 prosent til 28 prosent. I same periode var 10.000 av filmane oppførte på nettstaden på engelsk og frå engelsktalande land, medan 4500 vart produserte i Kina og resten stort sett i Europa, Japan og Korea.
Ifølgje The Economist er Kinas eigen dominans på heimemarknaden driven av storfilmar og produksjon av vellukka kinesiske propagandafilmar – stjernespekka og med store budsjett – frå midten av 2010-talet og framover.
Medan engelskspråklege filmar dominerte topp 10-listene frå 2010 til 2014, har kinesiske storfilmar dominert rangeringane sidan.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Film
eva@dagogtid.no
Kinesiske kinoar får ikkje syne meir enn 34 utanlandske filmar kvart år, men kinesarane har gjennom piratkopimarknaden god tilgang til utanlandsk film likevel. No ser det ut til at vestleg film tapar terreng i verdas mest folkerike land. Slik konkluderer The Economist, som har gått gjennom visningstal frå 2010 og fram til i dag på den kinesiske nettstaden Douban, der brukarane kan melde filmane dei har sett.
Der har andelen kinesiskproduserte filmar auka frå å utgjere 21 prosent av filmane i 2010 til 55 prosent i 2021, medan andelen engelskspråklege filmar samstundes fall frå 53 prosent til 28 prosent. I same periode var 10.000 av filmane oppførte på nettstaden på engelsk og frå engelsktalande land, medan 4500 vart produserte i Kina og resten stort sett i Europa, Japan og Korea.
Ifølgje The Economist er Kinas eigen dominans på heimemarknaden driven av storfilmar og produksjon av vellukka kinesiske propagandafilmar – stjernespekka og med store budsjett – frå midten av 2010-talet og framover.
Medan engelskspråklege filmar dominerte topp 10-listene frå 2010 til 2014, har kinesiske storfilmar dominert rangeringane sidan.
Fleire artiklar
Same tema
Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904).
Ei litterær føregangskvinne
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Den magiske åtinga