Holberg overraskar ikkje i dag, men han får oss framleis til å le.
Eirik del Barco Soleglad som Jeppe i ein fiks og elegant versjon av komedien til Ludvig Holberg på Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Odd Mehus
Eirik del Barco Soleglad som Jeppe i ein fiks og elegant versjon av komedien til Ludvig Holberg på Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Odd Mehus
Jeppe på Bjerget – den garantert mest spelte komedien i skandinavisk dramatikk – ser aldri ut til å spele seg ferdig. Det er no 295 år sidan urpremieren i København. Og sjølv om vi nordmenn, og særleg bergensarane, gjer alt vi kan for å halde på Holberg som nordmann og stykka hans som norske, er det ingen tvil om at Jeppe er ein pære dansk bonde frå det aller flataste Jylland. Han hamnar mellom anna i senga til baronen, og baronar har vi aldri hatt mykje av her i landet. Men jammen vil vi ha våre norske Jeppe-figurar på teateret, no som før. Vi vert liksom aldri trøytte av han. Og særleg i Holbergs fødeby Bergen lyt han finnast att på nytt. Så òg no, i ein visuelt fiks og elegant versjon, med notidige revyvitsar knadde inn i den klassiske teksten. Og ikkje minst, med ein publikumsyndling i tittelrolla, Eirik del Barco Soleglad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.