JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Historia om eit varsla drap

Kanskje var ikkje drapet på Benjamin Hermansen så tilfeldig som politi og rettsvesen ville ha det til. I ei bok om det som skjedde på Holmlia, gjer Anne Bitsch dette til eit viktig poeng.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Drapet på Benjamin Hermansen fekk folk ut i gatene. Her frå fakkeltoget i samband med tiårsmarkeringa for drapet 26. januar 2011.

Foto: Heiko Junge / NTB

8160
20210514
8160
20210514

Litteratur

janh@landro.bergen.no

I Brorskapet går Anne Bitsch, dansknorsk samfunnsgeograf og forfattar, svært detaljert til verks. Ho vil syne samspelet mellom individ og samfunn, politikk og ideologi for å kunne gjere det levande for folk. Ho peikar ikkje berre på sorga som øydela fleire familiar og påverka eit heilt lokalmiljø, ho vil òg skape empatiske og analytiske rom kring personane som utførte drapet. Ikkje for å rettferdiggjere ugjerninga, men skjønar vi ikkje kven dei var, og kvifor dei gjorde som dei gjorde, er det heller ikkje råd å førebyggje at det kan skje igjen.

Historia kjenner vi: På Åsbråten i oslobydelen Holmlia, like før midnatt 26. januar 2001, blei 15 år gamle, norskghanesiske og norskfødde Benjamin Labaran Hermansen knivstukken og drepen av eit par nynazistar.

Oppvekst og miljø

Ugjerninga skaka heile Noreg og blei omtalt som det første rasistisk motiverte drapet i landet etter krigen. Joe Erling Jahr (21), Nicolai Kvisler (19) og Veronica Andreassen (17) blei dømde til høvesvis 18, 17 og 3 års fengsel.

– Det har vore viktig for meg å etablere eit skilje mellom dei borna og ungdommane dei var, og korleis dei utvikla seg til å bli farlege nynazistar. Då må ein dykke ned i oppveksten og lokalmiljøa deira. Prøve å forstå det som rører seg i psykologien til eit menneske, men òg sjå dei i lys av miljøet dei voks opp i, og tida vi alle er forma av.

Anne Bitsch fortel at det var terrorhandlingane 22. juli 2011 som fødde ideen til boka. Ho stussa over at det raskt blei heitande at Noreg med dette hadde mista uskulda. Det var jo berre ti år sidan drapet på Benjamin Hermansen, og tjue år før det hadde vi opplevd hadelandsdrapa.

– Frå slutten av 1970-talet og framover gjorde ei stadig meir militant form for nasjonalisme seg gjeldande. Omfanget av 22. juli-terroren var sjølvsagt eit anna, men retorikken, fiendebileta og tanken om kven som utgjer eit trugsmål mot samfunnet, var eit stykke på veg dei same.

Skilnaden på 2011 og 2001 var at muslimar i noko større grad enn tidlegare blei peikte ut som hovudfiende. På 1990-talet var det jødar, fortel ho.

– Det som har halde seg stabilt gjennom heile perioden, er «kulturrasismen» og skepsisen til framande, som flyktningar og innvandrarar. Også hatet mot Arbeidarpartiet og venstresideintellektuelle, og ei presse som blir rekna som venstreorientert, går att gjennom heile denne perioden. Den kontinuiteten ønskte eg å gå lenger inn i for å prøve å skjøne kva som får enkelte til å ta så radikale skritt som å drepe barn for ei politisk sak dei trur på.

Radikalisering

– Tidleg i boka skriv du at dette er «fortellinger om oss». Skal vi forstå det i lys av noko du skriv 250 sider seinare: «Drapet på Benjamin Hermansen var ikke tilfeldig. Det var et varslet drap – kulminasjonen av flere tiårs feilslått sosial- og justispolitikk og fellesskapets tendens til å snu det blinde øyet til ekstremismen som gror midt iblant oss»?

– Nettopp. Rett nok kan berre tre personar klandrast for drapet på Benjamin, men radikaliseringa heng saman med korleis vi som samfunn har handtert desse som individ, og korleis vi har takla trugsmålet frå det høgreekstreme miljøet.

I boka drøftar forfattaren ulike typar dokumentasjon på at det kan ha vore kontakt mellom Benjamin og minst éin av drapsmennene før udåden. For Anne Bitsch blir dette svært viktig.

– Utan noka form for kontakt er det som skjer tilfeldig og nesten utan årsak, og det blir vanskeleg å finne motivasjonen bak drapet og kva for dynamikkar som fører til det – bortsett frå Benjamins hudfarge. For rasistisk motivert var handlinga. Men bak fleire av valdsbrotsverka nynazistar var involverte i, fanst element av føregåande spaning på offera og målretta vald. Det vitnar om at brotsverka ikkje er tilfeldige, men utførte av eit relativt godt organisert miljø med stor vilje til vald – truleg meir enn det politi og rettssystem hadde evna eller vilja fange opp. Boka syner at politietterforskinga ikkje avdekte dette godt nok.

I boka er Bitsch innom Rune Gerhardsens debattinnlegg i Dagbladet sommaren 1991 der han går sterkt i rette med «snillismen» i norsk politikk og samfunnsliv. Ho vil sjølvsagt ikkje kople direkte frå innlegget og til drapet i Holmlia ti år seinare, men peikar på at vi alle blir forma av det offentlege ordskiftet i samfunnet vi veks opp i. Det gjeld òg for gjerningspersonane i denne saka.

– Dei generelle ideane og haldningane som kjem til uttrykk i den offentlege debatten, har konsekvensar for korleis vi oppfattar og omgåst kvarandre. Folk som meiner at militante, radikale verkemiddel er fullt legitime, hentar inspirasjon frå og legitimerer handlingane sine med desse haldningane, seier ho.

– Antisnillismekampanjen gjorde at også sentrumspolitikken blei oppteken av noko som til då hadde vore retorikken og bekymringane til den ytste høgrefløya. Det skjedde ei dreiing i det offentlege ordskiftet som til dels verka polariserande og forråande.

Svikt

– Du skriv: «Det løper en brun tråd mellom krigstidens fremstilling av jøder som skitne parasitter, løpesedlene til Norsk Front fra 1970-tallet, Arne Myrdals agitasjon på FMIs folkemøter på 1980- og 90-tallet og til dagens begreper om ’snikislamisering’ og ’lykkejegere’.» Kor tydeleg vil du seie at den tråden er?

– Mekanismane og fortolkingsrammene er til forveksling like. Det handlar om å sjalte ut nokre grupper i befolkninga. Først ved å peike på dei som kvalitativt annleis enn eit større «vi». Dinest blir dei sette som uønskte, mindre verde og ikkje til å integrere. Denne forma for skilnadstenking og diskriminering har lange historiske røter i samfunnet vårt.

I tråd med ambisjonen om å skape empatiske og analytiske rom kring personane som utførte drapet, brukar forfattaren mykje plass på å skildre oppveksten deira. Det er i stor grad historier om omsorgssvikt, alkoholisme og fråverande fedrar. I tillegg kjem sviktande barnevern og skule, eit handlingslamma politi og fylkesmenn som ikkje utfører kontrollplikta si. Alt dette ser ho som medverkande årsaker til radikalisering.

– Det er tale om menneskeleg og systemisk svikt på mange nivå, som ikkje har fanga opp denne utanforskapen. I det høgreekstreme miljøet stod vaksne, ressurssterke personar klare til å rekruttere dei skadeskotne ungdommane inn i ein fellesskap.

– Du er kritisk til delar av politiets etterforsking i drapssaka?

– Dei anerkjende ikkje at valden mange nynazistar var involverte i på 1990-talet, gjekk inn i eit mønster av organisert kriminalitet. I staden for å sjå kor farleg dette miljøet var, har politi og rettsvesen behandla lovbrota deira som enkeltståande brotsverk og i nokon grad også omtalt dei som gutestrekar og mangel på impulskontroll. Folk fekk korte dommar og slapp ut raskt utan noka vellykka rehabilitering i fengselet. Få veker før drapet i Holmlia var dei tre som blei dømde, involverte i ein episode med knivstikking og grov vald. Politiet hanka dei inn, men sleppte dei ut av varetekt dagen etter.

– Kvifor trur du at ein del av valden og terrorhandlingane som blei utførte av nynazistar, ikkje blei dømde som rasistisk motiverte eller som uttrykk for høgreekstrem knoppskyting, men berre som ordinære valdsbrotsverk og liknande?

– I mange tiår har rasismeparagrafen vore sovande. Det handlar om den forståinga ein har av kva rasisme er, og kanskje om den vanskelege grenseoppgangen mellom haldning og handling, mellom ytring og brotsverk. I tillegg har det nok vore ei avgrensa forståing av kva rasisme og nynazisme er. I tidsperioden eg skildrar i boka, er retorikken til nynazistane i noko mindre grad fundert i den såkalla biologiske rasismen, som fokuserer på genetikk og underlegne «rasar», men heller på fordommar knytte til religionen, dei kulturelle praksisane og levemåten til «dei andre». Rasismens uttrykk og argumentasjon endra seg altså over tid, medan den rettslege forståinga ikkje hang med.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er tale om menneskeleg og systemisk svikt på mange nivå.

Anne Bitsch, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis