Hellemyrsfolket på tysk
I november kjem Amalie Skrams Hellemyrsfolket, eit hovudverk i norsk naturalisme, ut på tysk.
Amalie Skram (1846–1905), her om lag 40 år gammal.
Foto: NTB
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
Einmannsforlaget Guggolz Verlag i Berlin har mellom anna spesialisert seg på å gi ut klassikarar frå nordisk litteratur og gir no ut dei fire banda av Die Leute vom Hellemyr samla. Tre omsetjarar har arbeidd parallelt med bøkene, Christel Hildebrandt, Gabriele Haefs og Nora Pröfrock. Tidlegare har forlaget gitt ut Skrams Professor Hieronymus, som så å seie er den skjønnlitterære versjonen av hennar eigne røynsler som pasient i psykiatrien.
Det er ikkje første gong tyske lesarar får møte Skrams litterære figurar. I åra mellom 1895 og 1902, altså i forfattarens eiga levetid, kom ei rad av romanane hennar ut på tysk, også den vonde historia om slekta frå Hellemyren, då under tittelen Die Leute von Felsenmoor. For om lag tjue år sidan låg dette verket føre på fransk.
Nyss var forleggaren, Sebastian Guggolz, i Telemark for å få med seg 125-årsfeiringa for Tarjei Vesaas, som han også gir ut på tysk. På heimreisa la han turen om Bergen, der Skram-kjennaren Gunnar Staalesen tok han med på ei omvising i dei stroka der vi veit at den unge Amalie bevegde seg. Sjølv om den bergenske krimforfattaren ikkje har vore direkte involvert i utgivinga, har han innimellom svart på språkspørsmål frå omsetjarane. Alt i ein norsk romanserie frå 1880–90 åra er ikkje like lett å forstå i dag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
Einmannsforlaget Guggolz Verlag i Berlin har mellom anna spesialisert seg på å gi ut klassikarar frå nordisk litteratur og gir no ut dei fire banda av Die Leute vom Hellemyr samla. Tre omsetjarar har arbeidd parallelt med bøkene, Christel Hildebrandt, Gabriele Haefs og Nora Pröfrock. Tidlegare har forlaget gitt ut Skrams Professor Hieronymus, som så å seie er den skjønnlitterære versjonen av hennar eigne røynsler som pasient i psykiatrien.
Det er ikkje første gong tyske lesarar får møte Skrams litterære figurar. I åra mellom 1895 og 1902, altså i forfattarens eiga levetid, kom ei rad av romanane hennar ut på tysk, også den vonde historia om slekta frå Hellemyren, då under tittelen Die Leute von Felsenmoor. For om lag tjue år sidan låg dette verket føre på fransk.
Nyss var forleggaren, Sebastian Guggolz, i Telemark for å få med seg 125-årsfeiringa for Tarjei Vesaas, som han også gir ut på tysk. På heimreisa la han turen om Bergen, der Skram-kjennaren Gunnar Staalesen tok han med på ei omvising i dei stroka der vi veit at den unge Amalie bevegde seg. Sjølv om den bergenske krimforfattaren ikkje har vore direkte involvert i utgivinga, har han innimellom svart på språkspørsmål frå omsetjarane. Alt i ein norsk romanserie frå 1880–90 åra er ikkje like lett å forstå i dag.
Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.