JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Forfattaren som ikkje kan seie litteratur

Endeleg skal Lars Petter Sveen senke skuldrene og gjere det han har skjult i 40 år – stamme. Men prosessen har ikkje vore enkel, og han er ikkje i mål. Det fortel han om i si nye bok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Tine Poppe

8110
20220812
8110
20220812

Litteratur

Jan. H Landro

jan.h.landro@gmail.com

Kunsten å stamme – uten at noen merker det er forteljinga om han som alt frå tidleg alder skjøna at han ikkje var som alle andre, og som etter kvart tok til å lage seg teknikkar for å skjule det han forstod ikkje skulle høyrast. Når han no har skrive bok om dette, er det især fordi ei slik bok skulle finnast. Ho fanst ikkje då Sveen trong henne, og det kunne vore til stor hjelp om boka hadde funnest.

– Så handlar det òg om å ha førebilete som stammar, noko det ikkje har vore for mange av i den norske ålmenta. Det gjer at vi som stammar får forsterka kjensla av at det er noko gale med oss. For meg var det sterkt og fint å høyre Joe Biden, verdas mektigaste mann, stamme.

Sveen fortel at han aldri har tort å stamme i vaksen alder. Og når han har høyrt andre stamme, har han forlate rommet.

– Blei det stamma på TV, slo eg av. I dag tenkjer eg at det kanskje hadde vore lettare om eg hadde stamma. Eg har valt bort ting i livet for å unngå å hamne i ubehagelege situasjonar. Tileigna meg ein måte å snakke på for å meistre å tale utan høyrbar stamming. Det har teke mykje energi.

Svima av

– Du må vere utsliten etter alle desse åra.

– Ja, det kom til eit punkt der eg svima av på scena på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. Då innsåg eg at eg ikkje lenger kunne halde på med dette tullet. Mange slit med stamming, men vi høyrer lite om dei. I skulealder kjendest det lettare å ta på seg å vere dum, ikkje skjøne eller halde kjeft i staden for å seie noko som blei feil. Ikkje feil i innhald, kanskje, men i måten å snakke på. Når det skulle vere høgtlesing i klassen, gjekk eg på do og heldt meg der til eg trudde «faren» var over.

– Korleis er det når lysta til å ta ordet kolliderer med frykta for å stamme?

– Det er då stresset set inn. Eg blir frustrert, sint på meg sjølv, irritert, nedbroten. For meg sat det så djupt at eg kunne ikkje setje ord på det. Det er som om dei vanskelege orda sit fysisk fast i munnen og ikkje vil ut. Når eg stammar, får eg rykkingar i heile kroppen. Då får eg «fiskeansiktet» mitt – open munn og himling med augo i 2–5 sekund før ordet kjem ut.

– Kvifor trur du at litteratur er det ordet du slit mest med å uttale?

– Kanskje fordi det betyr så mykje for meg, sidan eg er forfattar sjølv. Men også noko så banalt som at når eg skal uttale bokstaven l, når tunga skal opp bak framtennene, så strammar det seg. Og då kan eg snuble kraftig. Eg merkar ei raud, blinkande lampe i hovudet kvar gong ordet dukkar opp. Eg trur dette er stamminga i eit nøtteskal. Ho er både genetisk og fysiologisk, i min familie har dei stamma gjennom fire generasjonar.

Ein blir òg påverka av sine eigne kjensler, fortel Sveen. Det finst situasjonar som utløyser stamming meir enn andre.

– Er det éin plass eg har lyst å vere veltalande, smart og klok, er det når eg snakkar om bøker, seier han.

Pusteteknikk

Her snor Sveen seg unna ved å seie bøker i staden for litteratur. Då eg ber han ta opp att setninga, men med det vanskelege ordet, høyrer eg i telefonen korleis han tek sats og får pressa det ut: – Litteratur!

Han fortel at han måtte knipe auga saman og nesten slå handa i bordet for å få artikulert l-ordet.

– Kva for teknikkar har vore mest til hjelp for deg når du ville unngå å stamme?

– I vaksen alder må det ha vore pusteteknikk og tempo. Tempo for å kunne sakke ned og få høve til å byte om ord og gjere om på setningar. Slik kan eg styre unna dei vanskelege orda, desse eg veit triggar ubehaget. Pusteteknikken har lært meg å puste med magen og ta det med ro.

Som barn lærte han seg tidleg å snakke svært fort for å hindre stamminga i å komme.

– Kom stamminga likevel, la eg inn nokre eh, eh, eh mellom orda for å få talen til å gli. Elles kunne eg snakke lågt og utydeleg for ikkje å bli avslørt. Noko av dette har eg òg teke med meg som vaksen.

– Slike teknikkar er berre eit middel til å halde symptoma på avstand. Kjenner du deg no trygg på at arbeidet med boka og det å vere open kan få deg til å leggje vekk forsvarsmekanismen og i staden konfrontere det eigentlege problemet?

– Ja. Det eg har mest lyst til å gjere no, er å stamme når eg kjenner at eg er i ferd med å stamme. Enno greier eg det ikkje heilt, for teknikkane er så automatiserte i kroppen. Straks eg tek til å stamme, strammar alle musklane seg. Når eg kjenner at det kjem, må eg prøve å la det komme. Eg har sleppt meg litt meir laus både på jobben og heime no i vår, og eg merkar at det blir meir avslappande.

Skamkjensle

– Når det sjølv ikkje i den stammande familien din blei snakka om stamming, er det kanskje ikkje så rart at skamkjensla fekk vekse seg stor og sterk?

– Akkurat. Eg har aldri høyrt eit ord om stamming i familien. Men snakkar du ikkje om det som er vanskeleg, forsvinn det ikkje, det blir større. Når eg er saman med brørne og foreldra mine, byrjar eg stamme igjen, saman med andre gjer eg det ikkje. Som barn trudde eg at stamminga kom av at eg var meir nervøs enn andre.

På spørsmål om kva Lars Petter Sveen sjølv har opplevd som det mest skamfulle ved stamminga, svarar han at det har vore å ikkje greie å skjule at han stammar – trass i mykje strev. Og at han, i staden for å «la det skje», har halde kjeft. På ei skuleavslutning der han hadde éin replikk i ei framsyning, lét han som han ikkje hugsa replikken framfor å stamme han fram.

– Med tanke på alle teknikkane du har laga deg for å dekkje over stamminga, gir det ikkje litt skamkjensle å høyre stammarar som gir blaffen og berre lèt det stå til?

– Jo visst. Opp til for eit par år sidan var eg svært skamfull når eg høyrde andre stamme. Ei egosentrisk skam. Dei siste to åra har eg jobba med stamminga, og no blir eg stolt og glad av å høyre andre stamme. Det er rett og slett fint å høyre på. No torer eg vere open om min eigen veikskap, som eg no ser også kan vere ein styrke.

– Kor stor har freistinga vore til å gjere boka om til ein roman, dikting som tilsynelatande ikkje handlar om deg?

– Stor. Veldig stor. Heilt fram til siste liten. Men eg kjende behov for ikkje å ha ei bakdør, der eg kunne seie at det er jo berre fiksjon. Eg ville at det skulle handle om korleis stamminga er for meg. Og eg tenkjer at stamminga jo berre er ein del av meg, ikkje heile.

Slappar meir av

– Historia du fortel handlar jo også om identitet og om å godta den personen ein er?

– Ho gjer jo det. Eg synst sjølv det er lettare å snakke enn før, eg slappar meir av. Det er som om eg kjenner meg sjølv betre. Ting eg tidlegare skjemdest over, trekkjer eg no på skuldrene av. Eg kan lettare akseptere at det som kjem ut av munnen min, det er faktisk eg sjølv. Det er ei frigjerande kjensle å sleppe å gjere seg til.

– Er det også skuldkjensle knytt til stamminga?

– Ja, ein føler at dette er noko ein sjølv er skuld i. Alle andre snakkar jo normalt. Born som stammar, får velmeinte råd, men under ligg det at dei gjer noko feil, at dei må skjerpe seg. Ein som stammar, må få snakke ferdig, det blir berre verre om du vil «hjelpe» til medan orda luggar.

– Trur du at stamminga har påverka det litterære språket ditt?

– Det har eg tenkt mykje på. Og eg trur nok det. Til vanleg skriv eg nynorsk, eit språk som ligg svært nær måten eg føler og tenkjer på. Men til denne boka trong eg avstand, og då var det lettare å skrive bokmål.

– Dersom du maktar å gjennomføre den frigjeringsprosessen du har sett deg føre, kan det då tenkjast at det vil gjere noko med det litterære språket ditt?

– Eg lurer på om det til dømes gjer noko med lengda på setningane. At teksten kan bli litt meir munnleg, ikkje så tilknappa. Då eg tok til å skrive denne boka, var eg låst i korte setningar som ofte byrja med jeg. Men jo meir eg skreiv, jo meir opna språket seg, og setningane tok til å vekse litt meir. No er eg spent på å sjå korleis dette utviklar seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein som stammar, må få snakke ferdig, det blir berre verre om du vil «hjelpe» til medan orda luggar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis