JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Essay om endringar

­­– Essayet er eit frirom der eg kan tillate meg sjølv å tenkje både langt og kort, seier Gunnhild Øyehaug.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gunnhild Øyehaug gjer ulike forsøk på å nærme seg det å skrive, det å sjå og det å tenkje i ei ny essaysamling.

Foto: Magne Sandnes

8891
20221021

Gunnhild Øyehaug

Er oppvaksen i Ørsta og busett i Bergen

Debuterte med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998 og har sidan gjeve ut fleire novellesamlingar, romanar og essay

Er omsett til fleire språk

Aktuell med si tredje essaysamling, Hjartet i skalkeskjulet

Kjelde: Kolon Forlag

Litteratur

eva@dagogtid.no

«När någon förvandlar dig, vet du om det», spør den finske lyrikaren Tua Forsström innleiingsvis i essaysamlinga Hjartet i skalkeskjulet. Slike innleiande sitat, såkalla epigrafar, skal ein bry seg om, for – som essayforfattaren Gunnhild Øyehaug sjølv skriv lenger ut i boka – «dei seier jo gjerne alt».

I ni essay går Øyehaug tett på skulpturar, måleri, bilete, filmar eller tekstar som har fasinert og gjort inntrykk, og som ho har omfamna eller gått ifrå, eller begge delar, alt etter tid og stad.

Det kunstverka har sams, er at dei har skapt endring og påverka henne i eiga skrift på ulike måtar, seier ho.

Om «Kvinnen i tre stadier» av Edvard Munch, som ho oppdaga då ho var 20 år og i kjærleikssorg, skriv ho til dømes at det kjendest som eit måleri som skildra henne – kvinna i høve til mannen, sett frå perspektivet til kvinna. Ho tok med seg komposisjonen i biletet til debutdiktboka si, Slaven av blåbæret, som ho delte i tre avdelingar, éi for von, den andre for kjærleik og den tredje for desillusjon. Kvinner i for store herreskjorter – filmen som er basert på romanen hennar Vente, blinke frå 2008 – har fått ei tilsvarande inndeling.

Men seinare las ho Munchs eiga tolking av verket og oppdaga det som fekk det til å gå «iskaldt nedover hjerneborken»: at Munch hadde mannen som utgangspunkt; kvinna er sett gjennom mannen. Då Øyehaug var 44 år og lurte på kven av kvinnene i måleriet ho var no, kom ho til at svaret var «ingen av dei».

– «Kvinnen i tre stadier» er eit kunstverk som har endra betydning, men som har vore der som eit nav gjennom heile det vaksne livet mitt, seier ho.

Ho er òg innom måleri av Nikolai Astrup og Claude Monet, tekstar av amerikanske Mary Ruefle og britiske Claire-Louise Bennett, ein musikkvideo til ein Kate Bush-song og ei plateinnspeling av Eyvind Solås og Trond-Viggo Torgersen, skulpturar av sveitsiske Alberto Giacometti og ein film av den russiske regissøren Andrej Tarkovskij. Mellom anna.

Øyehaug seier at dei fleste av tekstane har vorte til på bestilling, og at dei no er samla fordi ho oppdaga at dei handla om det same: omforming og det å sjå, og om balansen mellom det abstrakte og det realistiske.

– Dei er ulike forsøk på å nærme seg det å skrive, det å sjå og det å tenkje, seier ho.

Form og soklar

Øyehaug er kjend for å skrive eksperimentelt og sjangeroverskridande, og for tekstar prega av tematiske sprang og digresjonar. Det gjeld også for dei nye essaya. Ho ser på dei ulike kunstverka med overraskande og tankevekkjande nye inngangar og nye utgangar.

Ho skriv om skulpturane til Giacometti, som eingong engasjerte, men som ho hadde kjent seg ferdig med då dei brått dukka opp for henne att i 2018, i ein gang i kunstmuseet Louisiana utanfor København. Då synte dei seg i form av små figurar som såg ut til å trengje ut av materialet dei var laga av, og sokkelen dei stod på, noko som fekk tankane hennar til å springe til «den sterke bølga av sjølvrealisme i litteraturen, som førte til ei påfølgande bølgje av faktasjekk av fiksjonen, (og som) kunne føre til utmattande tilstandar hos enkelte forfattarar».

For å stå litt i dette tankespranget: Øyehaug har òg tidlegare sagt seg lei av debatten om forholdet mellom fiksjon og røyndom i samtidslitteraturen. Kva er det som gjer han så utmattande?

– Han var utmattande i den perioden, fordi det var så mykje av han. Samstundes er det jo fasinerande å ha vore vitne til. Både som skuleelev og som ung litteraturvitskapsstudent lærer ein at litteraturhistoria går i bølgjer, med reaksjonar og motreaksjonar, men det verkar som ein konstruksjon før du sjølv står oppe i det, og ser kva konsekvensar ei slik sterk rørsle får for produksjonen av litteratur og for diskusjonen rundt litteratur. Eg var på eit seminar om nordisk samtidslitteratur, i Wien i 2010, og då var det nokon som spådde ein motreaksjon på science fiction, men motreaksjonen kom jo fyrst ti år etter det igjen.

– Har denne bølgja av røyndomslitteratur hatt betydning for skrivinga di?

– Ja, det har skjerpa meg, og eg har skrive mykje i opposisjon til han og prøvd å svare gjennom både skjønnlitterære tekstar og essay der forholdet mellom «røyndom» og «framstilling» står sentralt. Eg vart lei av at alle heile tida skulle gå inn i livet til forfattaren for å finne svar på kva forfattaren hadde skrive om. Det står òg i kontrast til den måten og den meir formalistisk inspirerte tradisjonen eg sjølv er utdanna innanfor, seier ho.

Originalitet og skam

Eg-personen i Hjartet i skalkeskjulet visste at ho ville verte forfattar frå ho var rundt tolv år gamal. Det same gjorde Øyehaug.

– Eller, eg kan i alle fall ikkje hugse å ha hatt noko anna eg ville verte, bortsett frå ballettdansar. Og russ, seier ho.

Gleda ved å skrive har ho hatt endå lenger. Ho las frå ho var fire år, skreiv dagbok og dikt frå ho var seks år og fekk skrive noveller både på ungdomsskulen og på fritida. Frå ho var om lag tolv år las ho Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo, men klassikarar som Dostojevskij styrte ho unna, for å «verne om mitt særlege geni» og ikkje verte påverka av korleis dei store forfattarane skreiv.

– Kvar kom denne angsten for påverknad frå den gongen?

– Han var rotfesta og kom frå ei oppleving eg hadde då eg var rundt fem år. Eg hadde laga ein song, «Her går ein song for trollet», som eg brukte å syngje og spele for dei som ville høyre. Då onkelen min høyrde han, lo han og sa at dette berre var kjenningsmelodien frå Nitimen. Det hugsar eg som ei forferdeleg oppleving. Eg skamma meg over at eg hadde teke noko frå nokon og påstått at det var mitt, og utan å eingong vite det, seier ho.

Då ho byrja på litteraturvitskap grunnfag og faktisk las klassikarane, såg ho at ho hadde tenkt feil. Ho burde ha lese meir før.

– Eg såg at alt eg hadde tenkt, hadde vorte tenkt av andre. Originalitet var ikkje det eg hadde sett føre meg. Det var ikkje nødvendigvis det å finne på noko fyrst.

Fleirbruk og fabrikk

Sidan Øyehaug debuterte med diktsamlinga i tre avdelingar i 1998, har ho gjeve ut fleire novellesamlingar og romanar og skrive manus til film i tillegg til essay. Blant dei nyaste utgjevingane er det likevel essaya som dominerer, og Hjartet i skalkeskjulet er den tredje samlinga.

– Er det tilfeldig, eller går du i retning meir og meir sakprosa?

– Nei, her er det vel fleirbruk som er svaret. Om eg tenkjer på meg sjølv som ein fabrikk, finst det ulike produksjonshallar. Eg skriv ulike tekstar i ulike periodar, og nett no hadde eg fått så mange fine essayførespurnader som eg hadde lyst å gjere. Det eg skriv reint skjønnlitterært, er jo òg i slekt med essayet. Og eg er sjølv glad i andre forfattarskap som held på med same typen blanding, mellom essayistikk, det narrative og det poetiske, seier Øyehaug.

Ho nemner Mary Ruefle og Claire-Louise Bennett som døme, forfattarar ho seier har skrive heilt fantastiske bøker, der dei ulike sjangrane har fått nytt liv i måten dei vert brukte på.

– I eitt av essaya dine, om det uferdige, skriv du at «eg tenkjer på at eg kan svare på spørsmålet om å skrive ein tekst om det uferdige med å skrive ei novelle der ingenting er ført ut i nokon form for ende». Kvifor eit essay i staden?

– Nett i det tilfellet var svaret gjeve ut frå bestillinga, eg skulle skrive eit essay om det uferdige, men eg trur òg at ei novelle der ingenting vart fullført, ville vorte slitsam å lese, for i novella ligg det ein tanke om ei form for heilskap. Å skrive essay er for min del å frigjere meg frå dei andre sjangrane. I essayet kan eg vere oppteken av noko veldig lite og sleppe å tenkje på narrative strukturar eller at dei ulike tanketrådane skal brukast i ein større heilskap. Essayet er eit frirom der eg kan tillate meg sjølv å tenkje både langt og kort, og utan at romanen står og heng over skuldra og ventar på neste handlingstråd, seier ho.

– Men eg er veldig glad i å skrive roman òg, legg ho raskt til.

Ved sida av essaya, og ved sida av nyleg å ha gjeve teksten om Kristin Lavransdotter nynorsk språkdrakt tilpassa scenen på Det Norske Teatret, er det kan hende òg ein ny roman ho jobbar med for tida. Ho driv i alle fall med «eit eige prosjekt som ikkje kan nemnast med namn enno».

– Det er noko eg jobbar med kvar dag, men eg kan ikkje uttale meg noko meir om det her, no. Fabrikken går i svart då. Men du kan kalle det ei bok, og det er fiksjon, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg såg at alt eg hadde tenkt, hadde vorte tenkt av andre.

Gunnhild Øyehaug, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis