Ei verd av boktips
Og det store spørsmålet er: Kva bøker skal vi lese i sommar?
Catherine Beltons bok om Putin og den nye romanen til Monica Ali har fått plass på lister over anbefalt sommarlektyre.
Litteratur
christiane@dagogtid.no
Les Bibelen, var eit av livsråda den kanadiske psykologen og forfattaren Jordan B. Peterson gav då han vitja Oslo Spektrum tidlegare i juni. Då den australske rockestjerna Nick Cave vitja Oslo konserthus våren 2019, sa han noko liknande – rett nok på ein mindre insisterande måte. Bibelen var boka som inspirerte han mest.
For dei som har trong for nyare bøker, fløymer verdsveven over av kvalifiserte råd. Her ser vi på eit lite utval av dei.
Krigskunnskap
Bøker knytte til krigen i Ukraina må i år kunne reknast som ein eigen kategori. I svenske Dagens Nyheter vert boka Putins krets (Putin’s people, originaltittel) av britiske Catherine Belton løfta fram som ein «bladvändare» av meldar Jan Eklund. Belton fortel historia om det gamle KGB og korleis Putin surfa på kapitalismen for å skape ein korrupt mafiastat, får vi vite.
I Financial Times anbefaler meldaren Tony Barber boka The Decline of Empires in South Asia: How Britain and Russia lost their grip over India, Persia and Afghanistan av Heather A. Campbell. Forfattaren undersøker korleis den første verdskrigen og den russiske revolusjonen førte til at Storbritannia og Russland tapte makt i Sør-Asia.
Barber anbefaler dessutan ei bok om korn, som kan få oss til å forstå meir om kva som skjer når krigen i Ukraina også fører til matkrise. Boka Oceans of Grain: How American Wheat Remade the World av Scott Reynolds Nelson er fascinerande lesing, skriv meldaren.
Tett på makta
Dei som vil sjå parallellar til dei urovekkjande utviklingstrekka i USA, får råd av Financial Times-kommentator Gideon Rachman, som framhever boka How Civil Wars Start: And How to Stop Them av Barbara F. Walter. Med eksempel frå Jugoslavia, Syria, Libya og Myanmar argumenterer forfattaren for at USA i dag har mange av dei trekka som historisk har ført til borgarkrig.
I Danmark er den første av to memoarar av Anders Fogh Rasmussen i sal. Boka har fått tittelen At træde i karakter, og ifølgje meldar Christian Jensen i Politiken kjem ein tett på den tidlegare statsministeren, som også seiest å dele gripande augneblink frå livet sitt.
Vandedannande
Også dei som vil lese skjønnlitteratur, har ein flaum av tips å velje mellom. Øvst på sommarlista i The Guardian finn vi romanen The Exhibitionist av Charlotte Mendelson, som skal vere både klok og vanedannande. Boka handlar om ein dysfunksjonell familie dominert av ein narsissistisk kunstnar, og kva som skjer når kona hans ikkje lenger vil undertrykke si eiga skaparkraft.
Romanen Love Marriage av Monica Ali er plassert øvst på Financial Times-lista av meldar Laura Battle – ei bok som også dukkar opp på fleire andre lister.
Den internasjonalt kritikarroste romanen Un verdor terrible av Benjamin Labatut, som har fått tittelen Når vi ikke længere forstår verden på dansk, får seks av seks moglege hjarte i Politiken.
Mats Odéen i Dagens Nyheter oppfordrar oss til å lese romanen Löpa varg av Kerstin Ekman, som kom ut i fjor, som skildrar natur og menneskelege relasjonar i ei forteljing som også inneheld ein krimgåte.
Den mest selde skjønnlitterære boka i Noreg i uke 25 var elles Å vanne blomster om kvelden av Valérie Perrin, og tillegg kjøper vi sjølvsagt quiz, quiz og endå meir quiz.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.