JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Mona Høvring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Berit Roald / NTB

Foto: Berit Roald / NTB

2156
20221125
2156
20221125

Å, Mona Høvring! Vekas dikt er henta frå den fjerde diktsamlinga hennar, Å paradis frå 2008. Tittelen er det ein i retorikken kallar ein apostrofe, ei påkalling av noko fråverande, som eit «Foraar» (hjå Wergeland). Både det poetiske og det religiøse språket har denne evna til å overskride avstand og fornuft, og dette peikar på noko sentralt i poesien til Høvring: Ho skriv dikt som speler på språklege likskapar og samband mellom sanseleg og åndeleg begjær.

Samstundes som ein i apostrofen vender seg mot noko uoppnåeleg og difor ofte bort frå verda, er diktet denne veka ein salme som vil nytte språket til å halde fast: Bli her.

Høvring er godt kjend med religiøst tankesett og språkbruk frå ein oppvekst i eit fri­evangelisk miljø på Karmøy, der påkallingar og dommedagspreiker var daglegdagse. I ljos av dette er det ikkje underleg at «sommer i hagen» utan vidare blir følgd av «det føres krig et sted». Men det viser òg til eit anna sentralt motiv hjå Høvring: Den skjøre balansen mellom det lette og vakre, og det skremmande og vonde som pregar livet, især til unge kvinner.

I Samlede dikt 1998–2022 som kom ut i høve Høvrings 60-årsdag denne hausten, har ein gjort det geniale grepet at seinaste utgjeving står først, slik at ein les seg bakover mot byrjinga. Og i byrjinga var som kjent ordet. Hjå Høvring er ordet (eller mirakelet) «menneske». Mennesket, heilt stille.

Det aller siste diktet i Samlede dikt, det vil seie i debutsamlinga, som jo er første gong vi får høyre stemma til poeten, går slik: «Og i glipa, der dag skil natt,/ der himmelen deler havet/ vakna eg i silhuett// Eg stod i ulveham/ Eg hadde nyklipte tenner/ Eg var forferdeleg vakker// Eg ulte ikkje/ Eg var uhyggeleg stille»

Cathrine Strøm

Bli her salme

Det er sommer i hagen,

det føres krig et sted,

du har på deg en kvit kjole

og er åpen for setningas overtalelse.

Du tilhører et privilegert univers:

roser, sødme, bare nødvendige bevegelser.

Hver natt kommer melankolien til sin rett:

du sovner med lyset på,

du tøyler hat og harme,

men det gir ingen kvile.

Du bøyer et verb, og reiser deg som et menneske,

som ordet menneske.

Mona Høvring

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis