JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Privat

Foto: Privat

2331
20220812

Frå Aude så rørsle kan synast

Pust i natta står ut

frå lydane av regnet

sansane vende ut

mot det rolege mørkeret

den nyfødde inst i senga

far hans på hi sida

små rørsler gjennom natta

når vi vaknar ligg vi

nærare kvarandre

jordhellinga bort frå sommaren

kvar art har levd

eit høgt tal rotasjonar kring sola

krope saman med andre av sin art

forma av skiftingane i naturen

sting som huda veks over

Av Juliane Rui

2331
20220812

Frå Aude så rørsle kan synast

Pust i natta står ut

frå lydane av regnet

sansane vende ut

mot det rolege mørkeret

den nyfødde inst i senga

far hans på hi sida

små rørsler gjennom natta

når vi vaknar ligg vi

nærare kvarandre

jordhellinga bort frå sommaren

kvar art har levd

eit høgt tal rotasjonar kring sola

krope saman med andre av sin art

forma av skiftingane i naturen

sting som huda veks over

Av Juliane Rui

På lågmælt vis har Juliane Rui (f. 1982) skapt seg ein plass i bokheimen med sine fire diktsamlingar frå og med den særeigne debuten, Den hesten er av snø, i 2011. Ho har fått fleire stipend for diktinga si her til lands, og ho har òg fått merksemd i grannelandet. I vinter blei den seinaste samlinga hennar, Snurr mi eng, omsett til svensk av John Swedenmark, ein av dei fremste kjennarane av nordisk poesi i Sverige. Eit utval blei trykt i tidsskriftet 20TAL sitt temanummer Klimatvisioner.

Swedenmark var allereie «fortrollad» av samlinga då redaktørane ringde og ønskte seg dikt som handla om menneska sin sameksistens med naturen, utan å vere dystopiske.

Dikta i den førre samlinga til Rui, Aude så rørsle kan synast (2017), som diktet denne veka er henta frå, er heller ikkje dystopiske, men dei er klart økologisk medvitne. Dei er prega av ein sanseleg nærleik til naturen og alt levande.

Dikta er som små feltnotat frå audmjuke og varsamt nyfikne møte mellom eg-et («eg er òg eit landdyr») og andre artar – frå stranda kvalar, hjort og hegrar til veslefingersmå organismar. Små endringar og rørsler kjem i forgrunnen: slikt ein får auge på når ein lever tett på naturen, og når ein sjølv nyss har sett liv til verda.

Ein kan kjenne uro, men insistere og håpe på at vi alle snart vil innsjå skjebnefellesskapen mellom artane.

Når Møllebyen litteraturfestival blir arrangert i Moss siste helga i august, er det Juliane Rui som opnar programmet, før poesistjerner som mellom andre svenske Ann Jäderlund, belarussiske Dmitrij Strotsev og amerikanske CAConrad entrar scena. Tema for festivalen er «Det radikale håpet», og Rui skal kan hende lese frå «Jorden skriver», eit tingingsverk som kjem ut på H//O//F i 2023. Men allereie til hausten kjem ei ny bok, Oumuamua, oppkalla etter det første objektet frå eit anna solsystem som er blitt oppdaga i vårt eige. Ein openberr poesigenerator.

Cathrine Strøm

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis