JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Bergingsvon for utdøyande språk

I dei tre åra Pål Kristian Eriksen har arbeidd med den nye boka si om språkdød og språkberging, har minst 12–13 språk lide døden. Likevel er han optimist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Chapito, shaman av serifolket i Punta Chueca i Sonora i Mexico, er mellom nokre hundre brukarar av eit språk som ikkje liknar noko anna.

Foto: Tomas Castelazo / Wikimedia Commons

8310
20230217
8310
20230217

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Boktittelen, Språk på sotteseng, osar ikkje av optimisme. Men undertittelen peikar mot ei betre framtid: Hvorfor dør små språk og hvordan kan vi redde dem? Det høyrer elles med til historia at den 48 år gamle seniorkonsulenten i Språkrådet avviser som myte at språk døyr ut fordi dei er små.

– Eit lite språk kan fint overleve om det får godt vern. Så lenge andre faktorar ligg til rettes, er ikkje talet på brukarar avgjerande. Men dersom eit språk blir utsett for kraftig undertrykking og står heilt utan vern, vil dette i kombinasjon med lågt tal på brukarar kunne føre til at språket bukkar under.

Eit eksempel på små språk som har overlevd, er seri, som blir snakka i to små landsbyar i det nordvestre Mexico.

­– Språket har klart seg takk vere språksamfunnets isolasjonistiske og dels aggressive haldning til omverda i fortida og eit ope og godt forhold til storsamfunnet i notida. Språket overlever ved at samfunnet er nokså økonomisk sjølvberga og sosialt tett samanvove.

– Det blir sagt at i snitt døyr eit språk annakvar veke. Fullt så ille er det visst ikkje?

– Artiklar eg har lese om dette i vitskaplege kjelder, især i The Oxford Handbook of Endangered Languages, hevdar at det skjer kvar tredje veke. Noko heilt sikkert kan ingen vite.

Det finst to måtar språk kan døy på, fortel Eriksen. Eit språk som latin har eigentleg aldri døydd ut, det finst framleis. Men i dag kallar vi det for fransk, italiensk og spansk, som er dei moderne vidareutviklingane av latin. Om derimot urfolksspråk døyr ut, har ikkje dei moderne etterkommarar. Språka er berre blitt gitt fullstendig opp når ingen talar dei lenger.

– Kva er det som får deg til å tru at tempoet i den lingvistiske masseutryddinga kan auke i åra framover?

– Det er det vitskapen fryktar. Etter den vestlege koloniseringa av verda, der ein har fått kolonimaktspråk som mellom andre engelsk, fransk og portugisisk som politisk er svært sterke i store delar av verda, ser vi at det går ut over urfolksspråka og minoritetsspråka som blei snakka i desse områda.

Ein stor myte

– Den utviklinga er vel ikkje så lett å snu?

– Det er råd å freiste få statane til å gi meir vern til minoritetsspråka og prøve å få dei meir nytta i ulike samanhengar. Slik vi freistar gjere med dei samiske språka og andre minoritetsspråk i Noreg.

– Kor sannsynleg er det at noko slikt vil skje?

– Vi må berre prøve. Boka gir døme på utvikling som har snudd mot det positive. Takk vere den typen politikk står enaresamisk i Nord-Finland sterkare no enn for tjue år sidan. På Isle of Man har dei klart å gjenopplive mansk, og i Cornwall har likeins kornisk fått nytt liv. Unesco har oppgradert desse språka frå å vere utdøydde til «kritisk truga». Ingen kan vite kor vellykka dette vil bli i framtida, men vi bør ikkje berre gi opp. Enno er språkbergingspolitikk noko relativt nytt og lite utprøvd.

– Kjenner du mange døme på at døde språk er blitt gjenoppliva?

– Ikkje mange. Eg har nemnt dei to keltiske, så har du hebraisk, som nok er det mest opplagde. Sjølv om det ikkje har vore nytta som talespråk i mange hundre år, har det heile tida vore i bruk på religiøse og kulturelle arenaer, så språket var intakt. Difor var det lettare å ta det i bruk som offisielt språk for den nye staten Israel. Eit anna døme er livisk, ei slektning av estisk og finsk. Det blei rekna som utdøydd for nokre år sidan, men ganske mange har teke språket i bruk igjen. Andre tilfelle finst, òg.

– Mange fryktar at norsk skal bli ete opp av engelsk i løpet av dei neste hundre åra. Korleis ser du på det?

– Det er ein stor, stor myte. Norsk er eit svært sterkt språk. Blant dei mange tusen språka i verda kjem norsk på 114. plass med omsyn til storleik. Norsk er nasjonalspråk, presse og andre medium nyttar norsk, mykje litteratur blir skriven på norsk, alle lærer norsk i skulen. I sum: Norsk språk står kjempesterkt. At vi hentar inn lånord, især frå engelsk, er ikkje noko nytt. Og heller ikkje farleg, dette har alltid skjedd.

– Nynorsk er meir utsett?

– I utgangspunktet er eg ikkje kjempebekymra for nynorsken heller. Det finst framleis om lag 500.000 brukarar. Nynorsk blir også verna av den norske staten og får styrke frå dei same tiltaka som gjer at norsk språk generelt står sterkt. Men nynorsk er absolutt meir pressa enn bokmål, ikkje minst fordi det blir pressa av bokmål. I visse sektorar, som det private næringslivet, er dette språket lite brukt.

– Trugsmålet om domenetap for norsk er vel høgst reelt?

– Vi ser det klart i forskinga og i det private næringslivet. Der er engelsken ganske trugande mot norsk, der har vi ein del å jobbe med, ja. Det viktigaste vi kan gjere, er å prøve å lage insentiv for at til dømes forskarar skal ta i bruk norsk i større grad.

Språk- og kulturkrise

Eriksen har ansvaret for dei nasjonale minoritetsspråka i Språkrådet. Språk på sotteseng har han skrive fordi språkdød og språkberging er eit viktig tema som treng å bli betre opplyst. Dei færraste er klare over i kor stor grad språkdød skjer og at vi faktisk kan gjere noko med dette fenomenet. Dessutan ønskjer han med boka å spreie litt kjærleik om språk og glede, og kunnskap om det store språkmangfaldet vi har i verda. Eit forsiktig estimat seier at det finst 6000 språk i verda, men talet kan vere så høgt som 7000–8000.

– Verda står overfor store kriser, ikkje minst klimakrisa. I eit slikt perspektiv, kor viktig er det å setje inn ressursar på å hindre språkdød når vi likevel har mange tusen språk?

– Eg skal ikkje påstå at dette er viktigare enn klimakrisa. Men språka er ein del av verdas immaterielle kulturarv. Kvart einskilt språk er som eit stort kunstverk som kan nyttast til å gi att heile verda. Språket er blitt utvikla av folket som talar det som eit kollektiv, og er eigd av dei alle. Kvart einaste språk på jorda har eit slikt kunstverk å bidra med til verdas kulturarv. Det må vernast. For mange er trugsmål om språkdød ei gedigen krise.

Språket er kanskje den aller viktigaste identitetsmarkøren for mange, trur han.

– I seg sjølv er språket eit monumentalt stykke verneverdig kultur; språkberging vil også føre til at mange andre delar av eit folks kulturarv kan bli bevarte for framtida. Lokal kunnskap som små urfolk eig, kunnskap om til dømes lokalt plante- og dyreliv, kunnskap om handverksteknikkar og skaping av ulike gjenstandar, blir ofte overførte munnleg på minoritetsspråket. Det same gjeld eventyr og andre folkelege forteljingar. Døyr språket, er det fare for at slik kunnskap går tapt – om då ikkje noko av dette er overført til majoritetsspråket.

– Er språkundertrykking den mest effektive måten å utrydde ein kultur på?

– Språkdød vil ta livet av store delar av kulturen, noko av det aller viktigaste blir då borte.

At eit språk ikkje lenger blir tala av born, ser Eriksen og fagkollegaane hans som kanskje det sikraste teiknet på at det går mot ein snarleg død. Men, gjentek han, det treng ikkje døy, det er råd å snu utviklinga.

Dokumentasjon

– Under den statlege fornorskingspolitikken var vel samisk på veg mot undergangen nettopp fordi åtaka blei sette inn mot skuleborn?

– Å ja! Dette gjekk hardt ut over dei samiske språka. Fornorskingspolitikken i skulane, både her heime og tilsvarande i andre land, som mot urfolka i USA og Canada, har vore heilt medvitne forsøk på å utrydde språk og kultur.

– Skule og barnehage synest vere nøklar til å berge språk på veg ned?

– Å få born til å byrje å lære språket igjen er eit viktig ledd i arbeidet med å revitalisere språket.

– Like viktig er dokumentasjon av eit utdøyande språk?

– Får ein ikkje dokumentert ord og grammatikk for ettertida, har ein ikkje noko å byggje revitaliseringa på. Er språket alt dødt og ikkje dokumentert, er det uråd å gjenopplive det. Ordbøker og grammatikkbøker utgjer eit kriselager for framtida. Dette er minst like viktig for å berge døyande språk. Slik dokumentasjon trengst for å kunne utvikle læremiddel om språket til bruk i skulen og i andre samanhengar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Fornorskingspolitikken i skulane har vore medvitne forsøk på å utrydde språk og kultur.

Pål Kristian Eriksen, seniorkonsulent i Språkrådet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis