JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Aldri ein dag utan smykke

Med om lag 550 smykke laga av 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land måtte det bli bok om samlinga kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg har bygd opp gjennom fleire tiår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lisa Walker har laga smykket av gamle telefonar.

Foto: Guri Dhl

8375
20210521
8375
20210521

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Jorunn Veiteberg blei samlar lenge før ho visste kva omgrepet innebar, men i dag er Jorunn Veiteberg kanskje vår fremste kjennar av norsk og nordisk smykkekunst. Ho er flittig brukt som sensor ved internasjonale utdanningsinstitusjonar, jurymedlem ved utstillingar, utstillingskurator og førelesar i ei rad land, og ho har skrive bøker og artiklar om emnet.

I den gjennomillustrerte boka Smykkeskrinet skildrar Veiteberg ikkje berre si eiga samling og sitt eige samlarliv, ho gir også viktige nedslag i den nyare smykkekunstens historie.

– Med denne boka ønskjer eg å inspirera andre til å dykka ned i smykkekunsten og kanskje sjølve bli samlarar.

Då Dag og Tid når samlaren på telefonen, er ho klar for ein ekspedisjon med eit barnebarn i Knuthenborg Safaripark på Lolland. Blant pensjonerte sirkuselefantar, apekattar, sjiraffar, nashorn, tigrar og anna frittgåande vilt, gjeld det å vera praktisk kledd, så denne dagen ber ho berre eit par enkle øyreringar. Men: «Aldri ein dag utan smykke.»

– Kva er eit smykke?

– Smykke er noko du ber på deg eller med deg, altså berbar kunst.

– Kor stor del av smykkesamlinga di er berbar?

– Om lag 80 prosent. Så kan vi skilja mellom berbart og praktisk. Noko er berbart berre for ei kortare stund, og somme smykke legg for mange fysiske avgrensingar

– Kva er den viktigaste funksjonen eit smykke kan ha for deg?

– At det kommuniserer. Signaliserer kven eg som berar er, kva eg står for – verdiar, haldningar. Eg tenkjer alltid på kva dagen eller situasjonen krev. Ofte treng ein noko som kan få folk til å smila og slappa av. I smykka eg har, finst mykje humor. Der mange ikkje kjenner kvarandre, kan eg med hjelp av smykke få i gang ein samtale. Ein kan alltid kommentera og le av at eg går med pølser rundt halsen, som er motivet i eit halssmykke av David Bielander.

– Korleis vil du karakterisera deg sjølv som samlar?

– Eg går ikkje etter utsøkte meisterverk, men etter kva som talar til meg. Då kan det godt vera billege ting av gjenbruksmateriale og kanskje ikkje så fantastisk utført reint handverksmessig. Men det skal ha eit personleg uttrykk eller ein bodskap som treffer meg. Mine smykke er gjerne fargerike, humoristiske, absurde, store og spenner elles svært vidt. Dei skal passa til mange ulike høve. Hierarki opptek meg ikkje, korkje kva status kunstnaren har, eller om materiala er edle eller ei. Særleg likar eg smykke som mobbar det konforme og konvensjonelle, som perler og diamantar.

Iscenesetjing

Eit smykke fortel svært mykje om beraren. Derfor meiner Veiteberg at beraren får eit visst ansvar, for ho blir eit omvandrande smykkegalleri. Slik kjem kunsten ut av dei lukka romma som musea og galleria representerer, noko ho ivrar sterkt for.

– Ofte er det der det morosame oppstår, for ein skapar møte, høve til samtale og diskusjon om det ein ber, seier ho.

– For meg er bruken av kunstsmykke eit middel til å gjera merksam på meg sjølv som individ. Som kvinne har eg sett det som eit viktig feministisk prosjekt å tora å skilja meg ut, vera sjølvstendig, ta plass i det offentlege rommet.

Kunsthistorikaren Marjan Unger blir i boka sitert på at «smykke inngår i iscenesetjing av sjølvet». Forfattaren er heilt klar på at det gjeld henne òg. Smykka seier ikkje berre noko om kven ein er, men kven ein ønskjer å vera.

– Du skriv at «bygd over lang tid blir ei samling eit tidsvitne»?

– For meg betyr den emosjonelle dimensjonen smykka representerer, mykje. Det har å gjera med den kulturelle tradisjonen smykke inngår i, knytt til merkedagar og minneverdige hendingar. Smykke er ofte noko ein arvar eller får som kjærleiksgåver. Det gir dei ei spesiell betydning i folks liv. Vi hugsar gjennom gjenstandar, smykka fungerer gjerne som ein minnebank.

– Du godtek ikkje at smykke blir reduserte til «berbar velstand» eller teikn på status og stand. Kvifor er det nødvendig å utvida forståinga av omgrepet smykke?

– Fordi kunstnarane som arbeider med dette mediet, fortener det. I Noreg har vi smykkekunstnarar som er heilt i toppen internasjonalt, trass i at marknaden for slike smykke er så liten her i landet. Heldigvis kjøper samlarar og museum i mange land arbeida deira. Eg skulle ønskja at norske kjøparar kunne interessera seg meir for kva smykkekunstnarane våre held på med.

– Kva skil kunstsmykke frå andre smykke, bortsett frå at dei ikkje er masseproduserte?

– Dei introduserer ei anna verditenking. Eit kunstsmykke utan gull, sølv og edelsteinar kan vera like mykje «verdt» som eit gullsmedarbeid, men utan at verdien ligg i valet av materiale. Det kan vera rusta blekk, glasstein i staden for diamant – rett og slett fordi kunstnaren vil skapa ei anna forteljing. Dette kan vera ein kritikk mot dei arbeidstilhøva som er knytte til utvinning og handel med edelsteinar, og det kan vera kritikk mot øydinga av naturressursar.

Ei frigjerande kraft

Veiteberg er også oppteken av det taktile ved smykkekunsten, å kunna ta og kjenna på eit smykke og føla det mot huda. I boka fortel ho om ei utstilling i Ram galleri i Oslo i 1995, der publikum fekk prøva dei utstilte smykka. Dette er noko ho ønskjer seg meir av.

– Eit poeng er korleis ein ser ut med eit smykke på. Du får aldri folk til å kjøpa smykke som dei ikkje først har fått «testa» på eigen kropp. Eg synest musea og galleria bør driva mykje meir med slikt. I somme land finst offentlege smykkesamlingar, der folk kan få låna eit smykke til spesielle høve. Slike ordningar har vi ikkje i Noreg, heller ingen eigne smykkegalleri.

– Var det innan kunsthandverket den ofte utskjelte postmodernismen slo sterkast igjennom her i landet?

– Ja, og det var ei frigjerande kraft. På 70-talet tok kunsthandverket ei heilt ny retning, og så kom postmodernismen og lyfta det ytterlegare. For postmodernismen verdsette nettopp det dekorative, montasjane, og forsvarte gleda ved ting. Ofte har representantar for kunsten stått foraktfulle andsynes dette fordi det blei oppfatta som overflatisk og utan ein djupare, åndeleg dimensjon.

– Kor stor plass har readymades og gjenbruk i moderne smykkekunst?

– Svært stor. Sidan verda er så full av ting, blir det berre meir naturleg å nytta dei ressursane som ligg rett framfor nasen på oss, i staden for å hogga meir skog eller utvinna fleire mineral og metall. Kasserte mobiltelefonar kan bli anheng i eit kjede – smykke handlar jo om kommunikasjon. Det er ikkje alltid ein kan sjå gjenbruken. At pølsesmykket mitt er laga av ein klassisk Thonet kaféstol, er ikkje opplagt.

Ho seier at ho blir så opplyfta av å sjå den kreativiteten som gjer at folk har sett bruksområde for ting andre vil kalla rusk og rask.

– At det kan bli til noko å pynta seg med, som representerer ei ny form for venleik. Den forvandlinga ei slik forteljing rommar, talar sterkt til meg.

Den nye venleiken

– Kva fortel den nye materialbruken, til skilnad frå den tradisjonelle?

– At venleik ikkje berre er det nye og blanke, men også kan vera det som ber spor av bruk, av slitasje, og som så er blitt oppdaga og gitt nytt liv i smykka.

– Finst det ingen grenser for kva som kan tena som råmateriale for dagens smykkekunst?

– Nei, det trur eg ikkje. I smykkekunsten er det mediet, ikkje materialet, som definerer kunstarten.

Det samlinga til Jorunn Veiteberg også fortel, er at mykje innanfor smykkekunsten kan bli for pent for henne. Det må ha ein kant, godt illustrert med eit av favorittarbeida hennar: Bernhard Schobingers halskjede av brukte sagblad.

– Eg likar å visa ein litt aggressiv kant, men vil også signalisera at eg er ei snill kvinne, om enn ikkje søt på den pene måten!

– Kva skjer med samlinga di når du ikkje lenger finst?

– Eg er forfattar, prosjektet mitt trur eg nærmar seg ei avslutning med denne boka. Der har eg fått dokumentert samlinga mi og drøfta kvifor det blei smykke, og kva eg meiner smykke kan. Smykka må få leva vidare på måtar som tener kunstnarane som har laga dei. Så dei blir truleg spreidde, men eg håpar dei hamnar hos nokon med same lidenskap for smykke som eg har. At dei har vore mine, betyr ikkje noko når eg ikkje er her lenger. Men eg held fram med å kjøpa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi hugsar gjennom gjenstandar, smykka fungerer gjerne som ein minnebank.

Jorunn Veiteberg, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis