JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

– Moralismen trugar litteraturen

Sjølv om Sven Anders Johansson med ei spiss­formulering har gitt den nye boka si tittelen Litteraturens slut, vil han ikkje avskrive skjønnlitteraturen enno.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sven Anders Johansson er professor i litteraturvitskap.

Foto: Anna Tärnhuvud / Glänta Productioner

8134
20210409
8134
20210409

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Sven Anders Johansson deler arbeidskvardagen sin mellom å vere professor i litteraturvitskap ved Mittuniversitetet i Sundsvall (70 prosent) og nytilsett litteraturredaktør i Sveriges største dagsavis, Aftonbladet (30 prosent). Yrkesvalet hans tyder ikkje på at han ser ein snarleg ende på litteraturen.

Johansson argumenterer over eit breitt spekter i den nye essayistiske boka si og er ikkje alltid samd med seg sjølv. Noko som opptek han, er korleis boka som formidlingsform taper for strøyming og andre digitale former. Kva kan det få å seie for litteraturen?

– Det eventuelle tapet av den trykte boka som formidlingsform er berre ein liten del av problematikken. I dag er litteraturen blitt digital, og val av medium er svært avgjerande. Det er behov for å skjøne kva overgangen frå trykte bøker til strøymd litteratur inneber. Som med alle tenester på nettet hentar også strøymarane informasjon frå brukarane sine. Og vi skal helst vite kva det er.

– Ser du dei nye endringane som så fundamentale at dei kan representere eit trugsmål mot litteraturen sjølv?

– Vi må vere medvitne om at litteratur ikkje er eit naturgitt fenomen som alltid vil finnast. Om premissane for litteraturen blir tilstrekkeleg endra, vil det til slutt ikkje lenger gi meining å tale om litteratur. Det er ikkje urimeleg å tenkje at vi er på veg dit i dag. Men det handlar også om litteraturens stilling i samfunnet, og ho er under sterk endring.

– Er litteraturen i ferd med å gjere seg irrelevant?

– Ikkje nødvendigvis. Vi opplever oftare ein litteratur som har ein agenda eller fører ein kamp for klimaet, mot rasisme, fascisme eller anna ein ser som viktigare enn litteraturen sjølv. Då er det ein risiko for at litteraturen berre blir eit middel i ein større strid.

I boka syner Johansson fleire døme på at skjønnlitteraturen blir stadig meir instrumentell. Denne tendensen ser han især i skuleverket. Der kan litteraturen bli redusert til eit reint hjelpemiddel i lesetreninga. Eller så skal han tene til å fremje læreplanens verdigrunnlag, som blir stadig viktigare i skulen. For å få betre resultat på PISA-testane kan det òg vere greitt å ty til enkle, skjønnlitterære tekstar. Innhaldet og kva det tyder, blir underordna.

Moralisme

– Det er slett ikkje like ille overalt. Men den lystfylte litteraturlesinga får stadig mindre plass, likeins den litteraturhistoriske kunnskapen. Språklæringa blir det viktige, og det å leve opp til verdigrunnlaget i læreplanane.

– Det må ekskludere mykje litteratur?

– Risikoen er at elevane lærer om ei verd slik ho burde vere, ikkje den verda vi faktisk lever i. Iblant kjennest det som om vi er attende i tidleg svensk romantikk, hos Per Daniel Atterbom. Han meinte at diktinga skulle forbetre røyndommen. Eg kan sjå ei kopling mellom hans idealistiske litteratursyn og det synet vi stundom møter blant lærarstudentar i dag.

– Er det ditt inntrykk at skjønnlitteraturen er blitt merkbart meir instrumentell dei siste tiåra?

– Det er vel heller samtalen om litteraturen som er blitt slik, måten han blir omtala på. Men i den svenske barnelitteraturen ser vi tendensen. Den første barnelitteraturen var fullt og heilt moralsk, og kanskje er han no på veg i ei slik retning igjen, etter å ha vore friare for nokre tiår sidan. Det finst ein aktivistisk tendens i barnelitteraturen som er ganske sterk. 

– Du kritiserer «en samtida moralism», som gjer seg gjeldande i store delar av samfunnet. Er dette hovudproblemet, slik du ser det?

– På eit vis. Men også det er berre eit symptom. Det er ikkje så enkelt at vi berre kan velje å bli mindre moralistiske. Ei ulempe med moralismen er at han impliserer eit visst blikk på samfunnsproblema som styrer bort frå politiske løysingar og over på det individuelle ansvaret. Det fører lett til status quo og bevaring av den kapitalistiske ordenen.

– Det individuelle ansvaret kan ein vel aldri sjå heilt bort frå?

– Nei, det finst sjølvsagt nyansar. Når det er tale om litteratur, handlar det om å nærlese kvar einskild tekst og sjå den moralske lesinga opp mot den estetiske. I litteraturen kan vi i detalj studere desse skjeringspunkta og sjå korleis grensene mellom estetikk og politikk blir forskovne.

Autonomi

Johansson seier at den estetiske inngangen til litteraturen i stadig større grad blir oversett til fordel for ein ideologisk, etisk eller moralsk innfallsvinkel.

– Kanskje er vi på veg attende til ein førmoderne litteratur, til 1700-talet, der litteraturen hadde eit «oppdrag» definert av fyrsten eller kongen.

– Du siterer den tyske kritikaren Hanno Rauterberg, som hevdar at litteraturen og all kunst er i ferd med å miste sin autonomi ved at det som før var eit estetisk domene, stadig oftare blir underkasta moralske dommar. Deler du det synet?

– Til ein viss grad har han rett, men han behandlar dette som eit slags val. Det er ikkje så enkelt at ein berre kan velje litteraturens autonomi, og så blir det slik. Den endringa han skildrar, har sine vilkår og historiske føresetnader som ikkje den einskilde kan styre. Eg tykkjer at han ikkje heilt ser det store biletet.

For å illustrere poenget syner Johansson til ei sak som har vore heftig debattert i Sverige dei siste månadene. På P3 Guld 2021 blei rapparen Yasin røysta fram som den beste svenske artisten det siste året. Men samstundes er han tiltala for å ha bortført og mishandla ein annan rappar. Er det då rett at statskanalen gir han ein pris? Saka er vanskeleg, og debatten syner at kunsten blir stadig mindre autonom, meiner Johansson.

– Er dette ein parallell til debatten som oppstod då Peter Handke fekk først Ibsenprisen og så Nobelprisen?

– Ikkje heilt. Handke har ikkje gjort noko kriminelt, han hadde «berre» halde tale i gravferda til Slobodan Milosevic. Bøkene han fekk pris for, var alt skrivne. Den moralske diskusjonen handlar om noko anna enn skjønnlitteraturen hans.

– Kan vi alltid skilje mellom forfattar og verk?

– Ikkje som prinsipp. Vi må vurdere kvart einskilt tilfelle. Dessutan; skal ein estetisk dom rette seg inn etter etiske innvendingar? Litteraturen blir meiningslaus om vi ikkje kan oppretthalde den estetiske dommen. Då er det mykje litteratur som må definerast bort.

Johansson peikar på at det finst tilfelle som er urimelege, men han tykkjer ikkje Handke er eit slikt.

– Ofte vil det vere tale om rekkefølge. Vi kan ikkje byrje i det etiske og sidan gå til det estetiske, for då blir litteraturen berre ein illustrasjon av «det gode», moralen. Og det er knapt til å halde ut. Men at all litteratur også har etiske implikasjonar, seier seg sjølv. Forfattarens etiske eller politiske haldningar er likevel mindre interessante enn det lesaren legg inn i verket.

Ideologi

– Vi lever i ei tid som blir stadig meir gjennomideologisert, der verdigrunnlaget får meir å seie på alle felt. Då er det grunn til å forsvare eit område som er ganske føresetnadslaust, som har høve til å prøve ut ulike idear, scenario, pasjonar, der det ikkje finst etiske eller moralske svar på førehand. Om vi i utgangspunktet nærmar oss litteraturen med ein idé om at dette er farleg, feil eller forkasteleg, taper vi noko vesentleg.

– Er forfattaren no blitt viktigare enn verket, slik Handke-debatten kan tyde på?

– Kjendiskulturen er ikkje noko nytt, han er berre blitt sterkare dei siste tiåra. Forfattaren er blitt den primære vara. Skiljet mellom ein litteratur som er kjendisprega, og ein meir seriøs litteratur som er oppteken av det estetiske, blir tydelegare. Det avantgardistiske blir meir og meir ein subkultur.

– Røyndomslitteraturen er ein del av dette. Kva er det han formidlar – «røyndom», «sanning» eller noko heilt anna?

– Heller ei lengt etter røyndom, eit slags bilete av røyndommen fordi vi ikkje heilt veit kva røyndommen er. Det verkelege får vi aldri grep om. Derfor denne viljen til å skildre noko som førestiller røyndommen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det avantgardistiske blir meir og meir ein subkultur.

Sven Anders Johansson, litteraturprofessor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis