Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Krisa som er større enn flyktningkrisa

| Den 13. november 2015

Krisa som er større enn flyktningkrisa

Foto: Umit Bektas / REUTERS / NTB scanpix

Flyktningkrisa kan vi makta med middel vi rår over frå før. Den andre, mykje meir alvorlege migrasjonskrisa krev ei anna tilnærming.

Berre i oktober kom det over 200.000 flyktningar og migrantar til Europa. EU reknar med at det i åra 2015–17 vil kome tre millionar. Både Tyskland og Sverige har alt no overanstrengde mottaksapparat, og det er ingen grunn til å tru at migrantstraumen vil stansa av seg sjølv.
Til The Daily Mail 30. oktober sa den svenske utanriks­ministeren Margot Wallström at «Sverige kan ikkje handtera tilstrøyminga av flyktningar», og at landet «står overfor kollaps om 190.000 asylsøkjarar kjem årleg». Alt ei veke seinare, i Expressen 6. november, vedgjekk den svenske migrasjonsministeren Morgan Johansson at styresmaktene ikkje kan gje nye flyktningar tak over hovudet, og rådde dei til å dra attende til Tyskland.
Til Noreg, siste stasjon på migrasjonsruta, kom det sist veke 2452 asylsøkjarar, på årsbasis svarar det til over 128.000.Om ein ser vekk frå dei afghanske asylsøkjarane som regjeringa seier ho vil returnere, vil det likevel kome over 75.000 på årsbasis om dagens tal elles held seg.

Migrasjonskrisa
Av dei som kom til Noreg i førre veke, var berre ein fjerdedel syrarar. Det tyder at heller ikkje ei fredsslutning i Syria ville grunnleggjande endra ein migrant­situasjon som er knytt til historiske og kulturelle, sosiale og politiske omstende som spenner mykje vidare enn Syria. Migrantane kjem frå heile området frå Pakistan og Afghanistan til Gambia og Somalia. Andre land som Jemen eller Sør-Sudan kan verta dei neste avreiselanda.
Det er den store ubalansen mellom eit rikt og trygt, aldrande og demografisk krympande, etterkristent og liberalt Europa og dei fattige og krigsherja, unge og demografisk veksande, religiøse og tradisjonsbundne landa i sør og aust som har fått millionar av menneske til å tru at utvandring til Europa er den einaste sjansen dei har til å få eit godt liv.
Flyktningkrisa utspelar seg innanfor denne langt større migrasjonskrisa. Flyktningkrisa kan vi makta med middel vi rår over frå før. Den andre, mykje meir alvorlege migrasjonskrisa krev ei anna tilnærming.

Slutten på velferdssamfunnet
Under ei flyktningkrise dreiar det seg om å syna solidaritet med menneske i naud og organisera ein «flyktningdugnad» over eit avgrensa tidsrom. Men ei migrasjonskrise utfordrar sjølve samfunnsordninga og den fundamentale tryggleiken til innbyggjarane. Ho er ei eksistensiell krise både for samfunnet og for kvar einskild borgar.
LO-økonomen Stein Reegård seier i eit intervju med Klassekampen 24. oktober at 50.000 flyktningar i 2016 vil auka dei sosiale skilnadene og skapa eit hardare arbeidsliv. Med rett innsats kan det norske samfunnet sikkert greia ei slik utfordring. Men migrasjonskrisa er ikkje avgrensa i korkje tid eller tal. Det kan koma like mange eller fleire asylsøkjarar i 2017 og i åra frametter om ingen relevante endring­ar skjer ute i verda, og om dei norske politikarane ikkje finn relevante grep.
Den iransk-svenske økonomen Tino Sandandaij, som i årevis nesten åleine har vore ein fagleg opposisjon mot svensk innvandringspolitikk, seier i eit intervju i Weekendavisen 19. oktober at denne politikken ikkje vil ta frå Sverige ein sterk økonomi, men at menneska kjem til å segregera seg, at «ulikskapen vil verta enorm og få Sverige til å likna Mexico eller Brasil», med «høgt kvalifisert arbeidskraft og storselskap», samstundes som det vil oppstå «ein gigantisk underklasse slik ein ser det i Latin-Amerika. Dette er Sveriges framtid.»
Har Sandandaij rett, er dette òg Noregs framtid om ikkje den norske regjeringa kan få immigranttala ned. Ei slik latinamerikanisering av dei nordiske velferdssamfunna kjem til å dra med seg sterk sosial polarisering og høgt konfliktnivå.

Moralen
Men er det ikkje ei moralsk plikt for det rike Europa og det søkkrike Noreg å «opne hjarte og grenser» for like mange flyktning­ar som Libanon eller Jordan har teke imot?
Ikkje om dette er ein dårleg måte å hjelpa flyktningar på. Det er ein grunn til at det ikkje har vore vanleg å flytta store tal flyktningar til land langt frå heimlandet. Slik praksis reserverer hjelpa til ei lita gruppe flyktningar. I boka Dagens folkevandringer – berører de oss? frå 1993, skriv noverande generalsekretær i Flyktninghjelpa Jan Egeland:
«Vi må innrømme og forstå at å forflytte flyktningene til land langt borte fra hjemlandet bare vil hjelpe en liten minoritet av verdens flyktninger. Majoriteten av de 40 millioner flyktninger og internt fordrevne må derfor bli hjulpet og gitt vern så nært deres opprinnelige hjemland som mulig, og en må søke å hjelpe dem tilbake til deres opprinnelige hjemsteder så snart som mulig.»
Hvis Noreg tek inn, lat oss seia 100.000 flyktningar i 2016, ville det sluka mykje av pengane som kunne vorte nytta på flyktningkrisa elles i verda. Vi ville då ha gjeve asyl til eit forsvinnande lite mindretal av dei 60 millionar flyktningane i verda og ikkje ha noko att til å hjelpa det store fleirtalet.
Det er heller ikkje sikkert at vi hjelper flyktningar best ved å gjera dei til innvandrarar, om vi tek inn fleire enn mottakssystemet toler, slik at det vert umogeleg å få til ei god integrering. For mange kan draumen om Noreg verta eit årelangt mareritt på provisoriske asylmottak der det livet dei hadde sett føre seg, er heilt utanfor rekkjevidd.

Nasjonalstatens ansvar
For Europas del har den tyske regjeringa under Angela Merkel valt ein langsiktig strategi som krev at EU må betala den prisen Tyrkia vil forlanga for å seinka den flyktningstraumen som Merkel på eiga hand har sett fart på, noko dei andre EU-landa neppe vil gå med på. Planen føreset òg oppbygging av store mottakssenter og rettvis fordeling av kanskje ein million asylantar årleg mellom alle EU-landa, noko som ikkje kjem til å henda.
Det er sjølvsagt likevel rett å arbeida for å få til internasjonale og overnasjonale avtalar som kan bidra til å løysa krisa. Men mykje tyder på at den EU-strukturen som slike avtalar må lagast innan­for, er bygd for godvêr og kjem til å svikta.
Då fell ansvaret attende på nasjonalstatane. Då er det ikkje Angela Merkel eller Donald Tusk, François Hollande eller Jean-Claude Juncker som skal sikra ein forsvarleg norsk flyktningpolitikk. Då fell ansvaret på Erna Solberg.

Historiske tider
Det kan vera vanskeleg å kjenna att historias segl i ei historielaus tid. Men dette seglet er no så tydeleg at ein må vera forblinda for ikkje å skjøna at vi står ved byrjinga av ei stor migrasjonskrise. Det er ei krise med bakgrunn i fransk og britisk imperialisme og oppstykkinga av Det osmanske riket etter fyrste verdskrigen og i dei krigane USA og Nato sidan 2001 har ført i Afghanistan, Irak og Libya. Også økonomiske, demografiske og kulturelle omstende bidreg til krisa.
Alle desse problema må vi arbeida med på alle nivå. Men dei djupaste årsakene har òg djupe røter, stort omfang og komplisert struktur og kan berre verta løyste på lang sikt. Det er den akutte krisa som kan og må verta møtt no med det same.

Dødslotteriet
Skal vi tru ein analyse utførd av Tino Sandandaij, har dei europeiske statane mist kontrollen over flyktningstraumane på grunn av kombinasjonen av ein urealistisk asylpolitikk og mange­len på verna grenser i EU- og Schengen-systemet.
Europeisk innvandringspolitikk, seier Sandandaji, er slik forma ut at heile folkesetnaden i land som Syria, Irak, Eritrea, Somalia og Afghanistan i praksis har asylrett i europeiske land, så sant innbyggjarane greier å ta seg fram til Europa.
Men samstundes gjev ikkje europeiske land visum til flyktningar. Det tyder at ein eritrear, afghanar eller syrar ikkje kan setja seg på eit fly til Europa for å få asyl, men må ta seg fram over havet og til lands, ofte på livsfarleg vis. Europa seier med andre ord til millionar menneske at dei vil få asyl om dei maktar å ta seg fram til Schengen-grensa, men syter samstundes for at dei aller fleste ikkje greier det.
Den kyniske tanken bak denne paradoksale politikken med fyrst å invitera nokon og deretter hindra dei i å koma, var at det ville koma altfor mange om det var lett å få visum. Dermed hadde ein skapt eit «dødslotteri», seier Sanandaji. Dei som greier å ta seg fram til grensa, får ei enorm påskjøning i form av asyl og forsyting resten av livet om ein treng det. Men for å vinna i dette lotteriet må dei ta sjansen på å drukna i Middelhavet.
Sett frå mange land i Asia og Afrika er føremonene med asyl i Europa enorme og kan stå fram som skilnaden mellom lukke og ulukke. Rundt denne freistinga har det vorte bygd meterhøge elektriske gjerde patruljerte av væpna grensevakter for å stansa dei som fell for freistinga. Både dei spanske enklavane Ceuta og Melilla i Afrika og Bulgarias og Hellas’ grenser mot Tyrkia er vern som held stort sett alle ute. Men berre for kort tid sidan var det liknande omstende i Egear­havet, der flyktningane og migrantane no strøymer over i gummibåtar utan andre hinder enn vêret.
I Amnesty Internationals rapport «Frontier Europe: Human Rights Abuses on Greece’s border with Turkey» frå 2013 heiter det at Hellas med «brutale verkemiddel» tvinga flyktningar og immigrantar attende over grensa til Tyrkia utan å gje dei høve til å søkja om asyl. Kystvakta søkkte medvite båtar med flyktningar og internerte dei som likevel kom seg i land i «mørke, møkkete, fuktige celler» i opptil ni månader, heiter det i rapporten.
No er dette systemet brote saman både i aust mot Tyrkia, i sør mot Libya og i nord mot Russland. Konsekvensane råkar særleg dei landa som ikkje berre kan frakta migrantane vidare til neste land, nemleg Tyskland, Sverige, Finland og Noreg.

Ein open korridor
Årsaka til samanbrotet er samansett. Den vide asylretten la til rette for framvoksteren av smuglarnettverka som gjorde det lettare å koma seg til Europa, og ein fekk ein asylmarknad med «kundar» som kjøpte reiser til utvalde europeiske land. Krigen i Syria dreiv millionar av menneske på flukt, medan Tyrkia utvikla seg til transittland for både flyktningar frå Syria og migrantar frå Afghanistan og Afrika.
Schengen-systemet som hadde bygd ned dei nasjonale grensene i Europa, fekk under det aukande migrantpresset porøse yttergrenser. Utan å konferera med andre europeiske leiarar enn den austerrikske kanslaren under ein nattleg telefonsamtale henta Angela Merkel flyktningane som var stranda i Ungarn til Tyskland, og gav dermed Dublin-avtalen dødsstøyten. Den etterfylgjande spreiinga av euforiske velkomstbilete frå München attåt kanslarselfiar med flyktningar spreidde seg frå Afghanistan til Mali.
Då flyktningruta over Balkan svulma opp, oppstod ein open korridor der mange tusen migrantar i døgeret vert frakta med båt, tog og buss frå Hellas til Tyskland og Sverige, med Noreg som endestasjon.
Brått er det om ikkje lett, så absolutt mogeleg å nå fram til landa med ein asylrett laga ut frå idealistiske idear om universelle menneskerettar og med ein kynisk premiss om at ikkje mange ville makta å gjera krav på retten sin. Det opna opp for «a mass migration crisis», som det heiter i The New York Times 31. oktober.
Den rådande asylpolitikken bygde på røynsla om at berre eit overkomeleg tal flyktningar og migrantar kunne greia å koma fram til dei opne dørene for alle flyktningar og heile folkesetnader. No er røynda ny. Brått kjem det millionar. Det krev ein ny asylpolitikk.

Sykkelkrisa
Det har den norske regjeringa skjøna før den svenske, endå presset hos oss er mindre. Måndag vart det lagt fram femten innstrammingstiltak som regjeringa hevda «kommer til å ha øyeblikkelig effekt», skreiv Dagbladet 9. november.
Det stemmer kanskje når det gjeld den såkalla «arktiske ruta» over Storskog på grensa til Russland. Her skal det no gjennom ei rask endring av utlendingslova verta mogeleg å «snu asylsøkjarar på grensa». Det er særleg dei syklande afghanarane handlingsplanen tek sikte på, og som planen kan få rask effekt på.
Det er viktig nok å få slutt på denne openbert illegale innvandringa som ingen i heile verda har skjøna korleis ein har kunna tillata. Men elles vil tiltaka ikkje ha nokon innverknad på asylstraumen, i alle fall ikkje «øyeblikkelig». Tyskland har før Noreg ført inn liknande innstrammingar utan at det har løyst krisa.
Ser ein bort frå dei syklande afghanarane, kom det 1453 asylsøkjarar til Noreg i førre veke. Det er som sagt meir enn 75.000 i året. Om regjeringa ikkje vil ha ein permanent asylsøkjarstraum av denne storleiken til landet, må ho setje ei grense for kor mange reelle flyktningar ein vil ta imot.
Ein må berre ikkje tru at ei slik oppdemming av migrasjonsstraumen løyser problemet for godt. Dei reelle årsakene ligg djupare. Men ein burde heller ikkje tru at desse djupare årsakene kan løysast utan kontroll over migrasjonsrørsla.
Slik kontroll får ein ikkje utan reelle og fungerande landegrenser, og heller ikkje utan reelle og fungerande statsleiinger som ikkje tek inn fleire migrantar og flyktningar enn landet er i stand til å integrera. Regjeringa kan invitere til ein «flyktningdugnad», men ikkje til nedbygging av velferdsstaten og den sosiale tryggleiken.

Grunnårsaka uendra
Utan reelle grenser vil ikkje innstrammingstiltaka til regjeringa stansa migrantstraumen til Noreg så lenge Balkan-ruta er open, fordi tiltaka ikkje rører ved grunnårsaka, nemleg ein politikk som gjev alle som kjem frå land prega av krig og undertrykking, von om asyl.
Så lenge denne vona vert halden oppe, kjem Noreg framleis til å trekkja til seg tusenvis av menneske som legg ut på den farlege reisa over Middelhavet frå Libya eller Tyrkia.
Det er som om regjeringa veit dette og difor har lagt opp eit handlingsprogram som hovudsakleg handlar om retur av asylsøkjarar eller avskrekking så dei ikkje kjem. Slik avskrekking i ettertid har ikkje verknad, seier den amerikanske migrasjons­eksperten Demetrios Papademetriou til Die Zeit 5. november.
Når ryktet om at dei rike landa i Europa gjev asyl til alle som kjem, fyrst har sett seg, og den store rørsla er i gang, «spelar det inga rolle kva politikarane seier etterpå», seier Papademetriou: Vil ein stansa rørsla, må ein både endra asylpolitikken og med ein viss machiavellisme gjera dette så sterkt synleg at han kan konkurrera med dei rykta som har motsett verknad.
Språklege varsel om komande asylinnstrammingar bleiknar mot ein migrasjonsstraum som har samla kraft heilt sidan 1990-åra, og der omfemnande nettverk spreier motsett informasjon, dokumentert av overtydande bilete av asylsøkjarar på hotell.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa