Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Kraftpatriotane

| Den 23. februar 2018

Kraftpatriotane

Foto: Håvard Rem

PYEONGCHANG: Slik dei norske utøvarane tek flest medaljar, får dei norske publikummarane mest merksemd. Men så sjåvinistiske som sørkoreanarane vert me nok aldri.

Det overfylte nattoget fór vestover på eit jarnbanespor frå Japanhavet til Gulehavet. Ein politimann freista å åla seg gjennom mengda av langt høgare passasjerar. I dei mørke togvindauga såg ein atterskinet av den signalgule refleksvesten hans røra seg som moreld på eit raudt hav, for slik var passasjerane kledde, draperte i halvannan meter lange flagg, med flagg i handa eller peikande opp av ryggsekken. Somme var raude i andletet av ein lang dag med rop og risvin, men òg av andletsmåling frå øyre til øyre, frå hårfeste til hake, med ei kvit og blå stripe over nase og tinning. Ein koreansk togkupé er til vanleg ein god stad for meditasjon, men no fór orda høgt mellom seteradene i eit mangfald av målføre. På trøndsk og jærsk vart det lagt planar om nattmat og etterfest i ein by dei kalla Sævl. «Kor – e – a! Kor – e – a!» skreik ein som ikkje fann sambuaren.

Les heile reportasjen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa