Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.05.2018

Gå til toppen

Toppen

Kostnadssluket

| Den 4. mai 2018

Kostnadssluket

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Helge Lund er den dyraste mannen i norsk soge. Det bryr ikkje BP seg om.

Statoil er og har vore ei pengemaskin. I fyrste kvartal i år passerte selskapet 1500 milliardar i skatt sidan oppstarten. Om vi legg til nettoresultatet, som mykje har gått til eigarane, i hovudsak staten, hamnar vi på 2070 milliardar. Selskapet har lenge vore Nordens mest lønsame. Det er kanskje difor Helge Lund no ikkje lenger er i Statoil, men i staden, som vi fekk vita førre veke, har vorte styreleiar i BP, eit av verdas største oljeselskap.
Ein digresjon her er elles at BP har mykje å gjera med Winston Churchill, noko sikkert Lund får vita etter kvart. Den britiske marinen var før fyrste verdskrigen den fyrste marinen som gjekk frå kol til olje. Mannen bak dette var marineminister Churchill, som kontrollerte ein fjerdedel av det britiske statsbudsjettet. For å seia det slik, hans pengebruk låg langt over dei 2 prosentane som Erna Solberg av og til seier ho vil nytta på forsvaret.
Olje hadde ikkje Storbritannia på den tida. For å vera trygge på at marinen fekk leveransar, kjøpte Churchill enkelt og greitt eit selskap som heitte Anglo-Persian Oil, som seinare vart døypt om til BP. Det var truleg den mest lønsame statlege investeringa i verdssoga. No skal Lund ta hand om arven etter Churchill.

Er han flink?
At Lund har fått denne stillinga, som gjev mykje pengar og heider, må tyda på at han er flink. Så lat oss sjå nærare på kva han fekk til då han var leiar av Statoil frå 2004 til 2014. Dette var ei periode då Statoil tente uhorveleg mykje pengar, sidan oljeprisen mykje av tida låg og vakte på rundt 100 dollar fatet. Når ein tener mykje pengar, har ein to val. Ein kan seia til styret at ein vil betala eigarane ekstraordinære utbyte, eller ein kan investera. Lund valde det siste. Men han investerte ikkje så mykje i Nordsjøen og på norsk sektor, han investerte i utlandet, særleg i Nord-Amerika, der han møtte hard konkurranse frå andre investorar.
Sidan 2004 har Statoil investert over 700 milliardar kroner i utlandet, det aller meste under Lund. I dag er desse verdiane bokførte til 318 milliardar, meir enn halvparten er altså borte. Kvart år etter at Lund gjekk av, har resultata i internasjonal sektor vore blodraude. I Noreg, derimot, har resultata av dei gamle investeringane vore særs gode, fyrst i 2017 etter store nedskrivingar byrja internasjonal sektor å gå med overskot. Litt enkelt sagt: Utan dei svært gode resultata frå norsk sektor, hadde ikkje Lund kunna investert internasjonalt, for utan norsk sektor kunne ikkje Statoil ha lånt pengar. Det er ingenting som tyder på at dei pengane Lund nytta i utlandet, nokon gong vert tente inn att. Lund kan ha kosta staten, altså oss, rundt 300 milliardar i utlandet.

Noko må ha vore bra?
Men sidan Statoil har gjeve oss så mykje pengar, kan ikkje Lund ha vore så dårleg, vil mange seia. Noko rett må han ha gjort her heime? Det ser ikkje slik ut. Som vi hugsar, gav Jens Stoltenberg Lund høve til å kjøpa oljedelen av Norsk Hydro i 2007. Planen var at Eivind Reiten skulle verta styreformann i det nye selskapet. Slik gjekk det ikkje, det nye Statoil skubba Reiten ut av di Hydro hadde vore involvert i korrupsjon i Libya. Men Reiten var ikkje heilt ute av det gode selskap, staten gjorde han til leiar av det såkalla riggutvalet, som skulle sjå på kostnadene i norsk sektor versus kostnadene i grannelanda vore. Dette har Dag og Tid skrive om før, så her kjem ein repetisjon. Rapporten kom elles i 2012.
Ein monopolist, som Statoil reelt sett er på norsk sokkel, kan gjera mykje. Han kan pressa ned løningane og kostnadene; dei tilsette og verksemdene som leverer til monopolisten, har få andre stader å gå. Men om monopolisten tener gode pengar, kan han velja å vera raus og dela med dei tilsette i staden for aksjonærane. (Som i Statoils tilfelle er deg og meg gjennom staten, vi får pengar frå Statoil via eigarskapen, men fyrst og fremst gjennom å skattleggja eventuelle overskot. Di billegare Statoil driv, di meir skattepengar.) Reiten fann at Statoil i stor grad delte pengane med dei tilsette og leverandørindustrien.

Utruleg dyr
Borekostnadene på norsk sokkel utgjer omtrent halvparten av alle kostnader på sokkelen. I utgangspunktet er heile Nordsjøen ein riggmarknad, riggane går fritt mellom alle land, bortsett frå Noreg. Det offentlege regelverket skal i utgangspunktet vera det same, men operatørane på norsk sokkel har ei rekkje særkrav og tingar helst spesialriggar. Norsk sokkel er i røynda lukka for konkurranse. Ein av konsekvensane av dette er at dei som lagar riggar for Statoil, veit at det berre er Statoil som vil ha desse riggane, og då må dei taka seg betalt deretter, og når Statoil vil ha denne spesielle riggen i alle høve, er det ikkje vits i å vera nyskapande.

Mykje fritid
I tillegg har vi på norsk sokkel lagt oss til eit regime med svært mykje fritid. På britisk sokkel arbeider ein tre veker på, tre veker av. I Noreg er ordninga to–fire. Statoil har lenge vore lydhøyr for fagforeiningane. Slikt kostar. Personalkostnadene på ein rigg i 1997 var både på britisk og på norsk sokkel i gjennomsnitt litt under 40.000 dollar per dag. I 2012 var kostnadene litt over 60.000 dollar per dag på britisk sokkel, i Noreg over 120.000 dollar. Mellom 1997 og 2012 gjekk kostnadene opp med 28 prosent i Storbritannia, i Noreg med 113 prosent. Slik vert det mellom anna av di ein på britisk side berre treng to tilsette for å driva ei full stilling, i Noreg tre. Om ein samanliknar produktiviteten på norsk, britisk, canadisk og mexicansk sokkel, er vår produktivitet berre betre enn den mexicanske. Reiten fann ingen produktivitetsvekst på norsk sokkel mellom 2005 og 2012, og det endå om personalkostnadene gjekk opp med 49 prosent.
Samla sett låg driftskostnadene på norsk side av sokkelen 90 prosent over den britiske; 63 prosent av differansen kjem av arbeidstidsordningane. Råda frå riggutvalet var klart: Opne opp sokkelen for reell riggkonkurranse og endre arbeidstidsordninga. Om ein på sokkelen arbeider like mange timar som arbeidsmiljølova opnar for, kan ein redusera talet tilsette per rigg frå 160 til 124. Om ein får redusert bore- og brunnkostnaden med 30 prosent, er den potensielle ekstrainntekta for AS Noreg 1,5 billionar kroner, trur riggutvalet. Dette er mogeleg innanfor rammene som arbeidsmiljølova set. I eit slik perspektiv vert tapa i USA småpengar.
No skal det seiast at noko har skjedd på norsk sokkel etter at Lund gjekk av, men det illustrerer vel kanskje mest kva som gjekk gale under Lund. Johan Sverdrup-feltet er det siste kjende gigantfeltet på norsk sokkel. I si tid var det snakk om at det kom til å kosta 200 milliardar å byggja ut i fyrste fase, men då oljeprisen gjekk ned, byrja Statoil å innsjå at dette var for dyrt, sidan dei måtte ha ein oljepris på over 50 dollar per fat. Då Stortinget godkjende utbygginga i 2015, var prisen komen ned i 125 milliardar, den siste oppdateringa seier no 88 milliardar, vona er at feltet skal koma endå meir ned i pris. Men no tener ein pengar på alt over 15 dollar fatet.

Underleg
Liknande reduksjonar ser ein på felt etter felt i Nordsjøen. Og det er her vi vert sitjande og kleia oss i hovudet. For om Statoil har så lett for å kutta drifts- og investeringskostnader, kvifor i alle dagar har dei ikkje gjort det før? Det fortalde Eldar Sætre, den noverande leiaren av Statoil, om på dei såkalla kapitaldagane i London i 2016. Sætre var heilt open om at Statoil hadde drive for dyrt dei seinaste ti åra, og at dei har investert altfor mykje, men, sa han og andre i Statoil-leiinga: «Dette har vore generelt for oljeindustrien og oljeselskapa.»
Det har dei rett i. I hovudsak har det vore slik at for kvar dollar oljen har gått opp, har kostnaden stige tilsvarande. Litt enkelt sagt har overskota når oljeprisen har vore høg, vore ein like stor prosentdel av samla omsetning som når prisen har vore låg. Styra har altså vore nøgde med at overskotet har gått opp, utan å bry seg om at kostnaden har gått opp tilsvarande. Dette samsvarar med Parkinsons lov. Denne lova gjeld i hovudsak for offentleg sektor, men òg for verksemder som får stadig høgre inntekter.

Bruker pengane ein har
Parkinsons lov seier at «arbeidet aukar til det fyller tida ein har til rådvelde». Boka Parkinson’s Law, skriven av historieprofessor C.N. Parkinson, kom ut i 1957 og er den «management»-boka som har selt best i verda. Parkinson meinte å ha oppdaga at det ikkje var samanheng mellom det som burde gjerast, og kor mange som vart sette til å gjera oppgåvene. Eitt av mange døme han drog fram, var det britiske kolonidepartementet. I 1932 hadde kolonidepartementet 372 tilsette, i 1939 450. Så kom krigen, dei offentlege skattane gjekk sterkt opp og med det høvet til å tilsetja feire: I 1943 var talet kome opp i 817, og i 1954 var det 1661 tilsette. Alt dette gjekk føre seg medan Storbritannia tapte koloni etter koloni. Ei liknande utvikling ser vi i Noreg. Då vi fekk vårt fyrste direktorat, Helsedirektoratet, var det berre nokre titals tilsette der. No er det nær 15.000 tilsette i ulike direktorat, 3,5 gonger så mange som i departementa dei skal assistera.
Parkinsons lov, formulert om til å gjelda i oljebransjen, kan vera noko sånt: «Kostnadene aukar til dei brukar opp dei pengane dei har til rådvelde.» Faktisk har investeringskostnadene generelt i oljebransjen stige langt meir enn oljeprisen; mellom 2002 og 2014 steig dei med nesten 600 prosent. Difor har òg aksjeprisane stige langt mindre enn ein i utgangspunktet skulle tru. Statoil, til dømes, hadde mellom 2006 og 2016 berre stige med 0,6 prosent i året, justert for inflasjon har altså verdien gått ned, og det jamvel om oljeprisen var over 100 dollar fatet så seint som i 2013.

Exxon
Men det finst unnatak: Giganten Exxon, som har eigarar med svært lang røynsle i oljebransjen, til dømes Rockefeller-familien. Om Statoil under Lund hadde hatt den same kursutviklinga som Exxon, kunne selskapet ha vore verdt 350 milliardar meir på børsen i 2016. Om vi legg saman dei dårlege investeringane i utlandet under Lund og den sterke veksten i kostnader her heime under Lund, kjem vi godt over 1 billion i tapte pengar. Men slikt legg eigarane av BP tydelegvis ikkje vekt på.Dag og Tid har prøvt å få tak i Lund, det har vi ikkje fått til.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa