JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Problema står i kø i Arktis

Svalbard er ein spesiell, men særs viktig del av kongeriket. Difor treng Noreg ein eigen viseminister til å forvalta øygruppa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det norske selskapet Austre Adventsfjord, som sit på retten til å vinna ut kol rett over fjorden frå Longyearbyen, vil selja, men den norske staten har vist lita interesse, motsett kinesiske og russiske selskap.

Foto: Berit Roald / NTB

5932
20210312
5932
20210312

KOMMENTAR

halvor.tjonn@gmail.com

Artikkel 1 i Svalbardtraktaten av 1920 gjev Noreg – i språkdrakta frå den gong – «den fulle og uinnskrenkede høihetsrett over Spitsbergenøgruppen... tillikemed alle de øer, holmer og skjær, som hører dertil». Så langt er alt vel. Problemet er at dei åtte påfølgjande artiklane i traktaten holar ut den norske suvereniteten.

Difor er og blir Svalbard ein spesiell del av kongeriket. Når norske styresmakter og politikarar snakkar om Svalbard, formulerer dei seg rett nok som om problema var små: Den norske suvereniteten ligg fast. Norske interesser på Svalbard er sikra herifrå og i all æve, blir det hevda.

Alle veit at slik er det ikkje. Heilt sidan Noreg tok over Svalbard formelt i 1925, har øygruppa vore ein varm politisk potet. I lange periodar innretta russarane seg som dei ville. Litt etter litt blei det norske grepet om Svalbard styrkt. Talet på norske statsborgarar auka. Samstundes blei den russiske busetjinga i Pyramiden avvikla, og Barentsburg blei redusert til ein skugge av det byen ein gong var.

Sjølv om Russland trappa ned nærværet sitt, var det stadig usemje om Svalbard. Det verkeleg store sjokket kom for eit år sidan. For å markera 100-årsdagen for Svalbardtraktaten sende Russlands utanriksminister Sergej Lavrov eit brev til den norske kollegaen sin, Ine Eriksen Søreide. I brevet klaga Lavrov på dei fleste sidene av norsk Svalbard-forvalting. Han varsla at «Den russiske føderasjonen er interessert i å utvikla eit varig og konstruktivt samarbeid med Noreg om Spitsbergen».

Det Lavrov her henta fram, var det gamle russiske ynsket om eit kondominium – eit norsk-russisk fellesstyre av Svalbard. Den norske Prio-forskaren Pavel Baev – som er fødd i Vladivostok og i si tid jobba ved eit forskingsinstitutt knytt til det sovjetiske forsvaret, karakteriserte tonen som skarp. «Slik brevet står på russisk, grenser det opp til frekt», sa han til nettstaden E24 i fjor.

kinesisk fotfeste?

Før jul kunne Aftenposten melda om ei anna problematisk sak. Eit norsk selskap, Austre Adventfjord AS, vil selja rettane til eit kolfelt på 82.000 dekar på andre sida av Adventfjorden sett frå Longyearbyen. Sjølv om den norske staten eig grunnen, vil til dømes eit utanlandsk selskap kunna byggja opp ein heil by dersom dei finn kol der. Om utbyggjaren er kinesisk, vil Kinas kommunistpartiet ha skaffa seg eit solid fotfeste i Arktis.

I ein samtale med Dag og Tid stadfestar advokat Erling O. Lyngtveit, som representerer eigarane, at arbeidet med å selja mineralrettane held fram. Om salet går i orden, er det ingen vernevedtak som hindrar ei full utbygging av området, slår han fast.

No er det langt frå sikkert at ein kinesisk tettstad veks fram rett i nærleiken av Longyearbyen. På den andre sida er det heilt sikkert at USA, Russland og Kina legg stadig større vekt på dei arktiske områda. Russland har dei siste åra bygd opp ein militærbase på Frans Josefs land, om lag 60 mil i luftline aust for Longyearbyen.

Mange lo då ekspresident Donald Trump ynskte å kjøpa Grønland frå Danmark. Utsegnene til Trump syner likevel ein realitet som ingen kan sjå bort frå, nemleg at USA vil auka engasjementet sitt i Arktis, båe det kommersielle og det militære. Kina har alt i fleire år drive ein eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund.

Då Noreg i 2019 slo fast at det er det norske forskingsrådet som skal styra forskinga på Svalbard, kom ei krass høyringsfråsegn frå kinesisk hald. Dei hevda at det var «upassande» at Noreg skulle ha noko meir å seia over forskinga på Svalbard enn alle dei andre landa som har underteikna Svalbardtraktaten.

For å seia det på ein annan måte: Problema står i kø. Svalbard er det einaste området i verda med ein slags «open access»-klausul hengande over seg. Å halda på lågspenninga i Arktis og samstundes styrkja den norske suvereniteten over Svalbard vil bli stadig meir krevjande.

Då er det ikkje nokon fordel at det ikkje er ei samla norsk forvaltning av Svalbard. Rett nok er det ein norsk sysselmann på øygruppa som skal representera norske styresmakter. I sentraladministrasjonen er det polaravdelinga i Justisdepartementet som skal samordna norsk politikk på Svalbard, i Arktis og i Antarktis.

Men i praksis er det ei rad med departement som steller med Svalbard-saker: Spørsmålet om ein eventuelt skal kjøpa utmåla ved Adventfjorden, ligg under Nærings- og fiskeridepartementet, vern av miljøet på Svalbard ligg under Klima- og miljødepartementet, og så bortetter. Per Arne Totland, som har skrive boka Kaldfront om Svalbards politiske historie, sa til Aftenposten før jul at ansvaret for øygruppa er fragmentert og dårleg samordna.

Ei lita investering

Det er alltid lett å ropa på endringar i byråkratiet når verda flokar seg til. Det som er klart, er at forvaltinga av Svalbard vil vera eit kritisk problem for norske politikarar i åra som kjem. Heilt sikkert er det at press frå andre land vil auka. Svalbard må bli utvikla etter ein plan som er innanfor ramma av Svalbardtraktaten og tek omsyn til miljøet på Svalbard, men som òg sørgjer for at det ikkje oppstår noko slags vakuum på Svalbard som andre makter vil kunna fylla.

Det overordna ansvaret for Svalbard bør difor bli flytta høgare opp, slik at i det minste ein eigen statssekretær – det vil seia ein viseminister – får ansvaret for heilskapen i den norske politikken på Svalbard. Ein viktig del av ansvaret til den politikaren som får eit slikt oppdrag, må vera den langsiktige utviklinga i denne nordlegaste delen av Noreg. Målt opp mot dei interessene som står på spel, kan dette syna seg som ei lita investering.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å halda på lågspenninga i Arktis og samstundes styrkja den norske suvereniteten over Svalbard vil bli stadig meir krevjande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis