JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Omsetjing i fargar

Då Marieke Lucas Rijneveld skulle omsetja Amanda Gorman, kom protestane. Kvifor hadde dei ikkje kome om Gorman skulle omsetja Rijneveld?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den amerikanske poeten Amanda Gorman.

Den amerikanske poeten Amanda Gorman.

Foto: Kevin Lemarque / NTB

Den amerikanske poeten Amanda Gorman.

Den amerikanske poeten Amanda Gorman.

Foto: Kevin Lemarque / NTB

3180
20210312
3180
20210312

KOMMENTAR

havard@dagogtid.no

Dei siste vekene har eg gått kritisk gjennom den førtiårige verksemda mi som omsetjar og attdiktar. Vil ho stå seg i framtida? Sjølvgranskinga har elles ingenting å gjera med at ein omsetjar alltid er førebudd på at ei omsetjing vert utdatert. Shakespeare og Bibelen – eg har attdikta båe – har synt seg å krevja ei ny omsetjing for om lag kvar generasjon. 

Det sjølvkritiske blikket kom ikkje av at tida går, men av ei uvand merksemd om det ein kunne kalla litterær appropriasjon. 

Amanda Gorman

Hugsar du den amerikanske lyrikaren Amanda Gorman (23), ho som las diktet «The Hill We Climb» under president Joe Bidens innsetjingsseremoni i januar? Rettane til dikta hennar er no selde til forlag i mange land, mellom dei Noreg og Nederland. 

Gorman har fornuftig nok teke del i val av attdiktarar. Mellom anna godkjende ho den nederlandske omsetjaren, Bookerpris-vinnaren Marieke Lucas Rijneveld (29). Som Gorman har Rijneveld fått eit internasjonalt gjennombrot i ung alder. Debutromanen Kveldens ubehag (De avond is ongemak, 2018) kjem på norsk til hausten. 

Men det gjer ikkje attdiktinga hennar av Gorman. I Nederland kom protestar. Fyrst i sosiale medium, så i avisa De Volkskrant, i eit edrueleg innlegg skrive av journalisten Janice Deul. Deul og andre meinte: Det er ikkje rett at Rijneveld attdiktar Gorman. 

Protestane vart høyrde. Rijneveld trekte seg som omsetjar, jamvel om ho var godkjend av Gorman. 

Kvifor protesterte ein mot val av omsetjar? Jau, av di Gorman er svart i huda medan Rijneveld er kvit.

Solomon Northup

Er det mogeleg? Ja, i 2021 er det mogeleg. Og på eit vis forståeleg. Val av attdiktar er vanskeleg og viktig. I dikta mine, omsette til nokre språk, er det så mange bibelske referansar at det vert gale om attdiktarane ikkje fangar dei opp. Det går båe vegar: Dei same referansane går att i lyrikken til Bob Dylan og Leonard Cohen, som eg difor har hatt føresetnader for å attdikta, jamvel om eg ikkje er jøde som dei. 

Farga har eg omsett òg, til dømes Tolv år som slave (2014) av afroamerikanaren Solomon Northup og Det siste karnevalet (1995) av sanktlusianske Derek Walcott. 

Kva er rett og gale i dette feltet? Ein kan protestera mot at ein kvit omset ein svart, men kan ein protestera mot at ein svart omset ein kvit? Om det er feil at Rijneveld omset Gorman, er det då like feil at ein afrikanar omset Hamsun?

Oppgjeret

Verkeleg interessant vert det om lesaren no meiner at desse to døma ikkje kan samanliknast. Ja, at samanlikninga i seg sjølve er reaksjonær og litt rasisisk. For kva er det då det handlar om?

Handlar det då ikkje berre om hudfarge, men om ei stereotypisk, essensialiserande førestilling om at kvite er mindre eigna til å setja seg inn i livet til andre? Neppe. Ein slik tankegang ville utan tvil ha vore rasistisk. 

Handlar det om ein freistnad på eit oppgjer med det ein meiner har vore hundreår med kvit dominans i litteraturfeltet? Truleg.  

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er det mogeleg? Ja, i 2021 er det mogeleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Siri Helle

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis