Julefred – utan mikrofonar i skjul
Er det nokon som burde forstå skilnaden på open scene og bakrom, er det journalistane.
I veka som gjekk, freista media å skapa eit slags Ibsen-drama av livet på Løvebakken. Om det ikkje var forfalska underskrifter og nedarva syfilis, var det familiekonfliktar på høgt nivå, og Ibsen vart modernisert ved at høgtalarfunksjonen på mobilen til ein Høgre-representant kom til å spela same rolla som den fatale vekselen i Et Dukkehjem. Litt inspirasjon frå Gengangere kunne vel også sporast i mor–son-oppgjeret i Venstre, men til alt hell gjekk sjukemeldinga av den nye Osvald ut før han byrja å peika på julestjerna og mumla «Gi meg solen, mor». I staden kan Trine og Raja gå i kantina og unna seg ei Solo med godt samvit.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.