JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Havrånaren

Erna Solberg har pynta seg med lånte fjør, og resultatet er eit gedigent mageplask.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14806
20210326
14806
20210326

Kommentar

Kva er den merkelegaste internasjonale utnemninga, etter at Obama fekk Nobels fredspris i 2009 nesten før han hadde fått sett LP-platene og bøkene i hyllene i Det kvite huset? Du må gjerne sende inn forslag, men eg trur det er at FN for ei stund sidan utnemnde Erna Solberg til «havvernar» for Havtiårsalliansen i FNs havforskingstiår.

For kva slags havnasjon er Noreg eigentleg, spesielt under Erna Solberg? Er vi eit førebilete for andre land? Regjeringa freistar å ta den rolla. På Davos-møtet i 2018 tok Noreg initiativet til eit «globalt havpanel» der målet er å sette havhelse og marin berekraft på den globale agendaen.

Fortener Erna Solberg å sole seg i glansen av havet?

Eg veit knapt kor eg skal begynne. Jau, visste du at berre tre land i verda no godtar dumping av gruveavfall i havet? Indonesia og Chile, liberalkapitalismens høgborg, har nett slutta. Berre Tyrkia, Ny-Guinea og Noreg er igjen på denne lista. Repparfjord og Førdefjorden er førebels offer: Norske «gründerar» få løyve til å fylle norske fjordar med gruveavfall – før dei mest sannsynleg sel konsesjonen til eit utanlandsk selskap ingen greier å finne ut kven som eigentleg eig, når miljøproblema melder seg.

Gruvedrift på havbotnen er ei norsk satsing. Oljebransjen og regjeringa snuser no på sjansane til å tene milliardar på dette, melde NRK sist månad.

Eg blir sittande og skrolle gjennom ei mappe eg har på maskina. Ho inneheld mange hundre nyhende om ting som vedkjem havet. Mens eg skrollar nedover og oppover, ser eg mønster. Alle «positive» nyhende handlar om pengar, om at nokon har tent nye milliardar eller snart kjem til å gjere det. Det er vel difor vi har hav, fisk og maritime motiv på alle pengesetlane våre. Det kan vere at oppdrettskonsern har fått kvartalsvise milliardoverskot, eller at ein laksearving er blitt Noregs rikaste mann.

Nesten alle dei andre nyhenda handlar om at det går til helvete med miljøet, og det i ein ganske endelaus straum av denne typen: «En økologisk kollaps: Nordsjø-torsken forsvinner» (Dagbladet). «Havet kveles av plast» (Aftenbladet). «Fisk forsvinner. Bunnen er råtten og livløs. Det foregår noe skummelt i fjordene våre» (BT). «Havbunn ødelagt på bare fire måneder» (iFinnmark). «Villaksen dør ut» (NRK).

Eit mønster i nyhendestraumen er at forskarar, miljøvernarar og kystfiskarar først åtvarar mot noko. Så lèt styresmaktene investorane gjere det likevel. Dette dreier seg gjerne om at ein går stadig lenger ned i næringskjeda, for å ta maten og habitatet frå fisk. Her er fire eksempel på dette:

1. «Fiskere, forskere og politikere advarer mot taretråling» (NRK). «Taretråling øydelegg god fangstplass» (Sunnmørsposten). «Taretråling er blitt milliardnæring» (NRK).

2. «Ørliten lusemiddel-dose ga høy rekedød» (Aftenposten). «Ny forskning slår fast at lusemidler tar livet av reker» (Fiskeribladet). «Åpner for dumping av lusegift i Lofoten og Vesterålen» (Fiskeribladet).

3. «Slår alarm om raudåte» (Kyst og Fjord). «Fikk grønt lys på å fiske etter raudåte tross flere avvik i prøvefisket» (NRK). «Bygger verdens første rødåte-fabrikk: – Et nytt industrieventyr» (NRK).

4. «Lyser ut to nye krillkonsesjoner i Antarktis» (iLaks). «Decline in krill threatens Antarctic wildlife, from whales to penguins» (The Guardian).

Elles er svært mykje knytt til destruktivt oppdrett. «Her ser dykkarane eit unikt korallområde – så kom oppdrettsanlegget» (NRK Sogn). «Vil doble talet på oppdrettsanlegg: Fiskar fryktar han mistar sin siste fjord» (NRK Troms og Finnmark). «Naturvernforbundet: Mer enn 300 tonn mikroplast fra fôringsrør i oppdrett går rett i havet » (NRK). «Brasilianske soyaselskaper knyttes til slavelignende arbeidsforhold, avskoging og vold. Soyaen brukes til fôr hos flere av Norges største oppdrettsselskaper» (Dagbladet). «Raser mot kjemikaliebruk på havfarmen – spiller russisk rulett» (E24). «Regjeringa sier ja til oppdrett i verdensarv-område» (NRK). «Frykter at Alta-laksen allerede er ødelagt av oppdrettsgener» (NRK).

Og: «Frank Bakke-Jensen spår en tidobling av oppdrett i Finnmark» (iNord).

Vi er fem millionar menneske i dette landet. I fjordane sym rundt rekna 300 millionar oppdrettslaks. Rundt 50 millionar av dei døyr i merdane kvar år, av ei lang rekkje dødelege og ofte svært smittsame sjukdommar. Mange døyr fordi dei ikkje toler behandlinga mot lus, anten det er å bli bada i kjemikaliar eller spylt med varmt vatn, som er rein tortur for ein laks.

Laksen er laga slik at han aldri skal bli mett, han skal ete og ete og aldri bli nøgd – for då veks han fort. Men av innlysande grunnar blir laksen stressa og deprimert, han sluttar å ete og døyr. Difor blir det no gjort forsøk med å gi oppdrettslaksen antidepressiv. Eg tullar ikkje no. Laksen har lenge fått roande medisin («mors små hjelparar») før avlusing og slakting. No går han kanskje snart over på «lykkepiller», slik at han ikkje skal rekke å gjere sjølvmord før Erna, familien og resten av verda kan ete han.

Kvifor har ikkje dette nervevraket av ein fisk vern mot mishandling gjennom dyrevernlovene våre? Det er uansett på høg tid å fjerne uttrykket «ein glad laks» frå det norske språket.

All medisinen til laksen blir blanda inn i fôret, som i høg grad kjem frå brasiliansk soya. Samstundes som vi ser satellittbilete av regnskogar i Brasil som går opp i røyk, og synest det er leitt, kjem nyhende om nye børsrekordar for oppdrettskonserna. Dei blir presenterte som gladmeldingar.

Mykje oppdrett går føre seg terskelfjordar. Dei har låg gjennomstrøyming og blir forureina av enorme mengder med laksekloakk, lusemiddel og medisinrestar. Botnen under nokre anlegg har vist seg å vere døde soner, der det piplar opp gass frå rotnande slam. Det er blitt brukt mange hundre tusen tonn hydrogenperoksid. At lusemiddel øydelegg skalet til skaldyr som kril, reker og hummar, har ein ant lenge, også på grunn av forsking. Men som med nesten alt anna som gjeld denne pengemaskinen: Styresmaktene våre har i minst 15 år late vere å undersøke konsekvensane meir inngåande, sjølvsagt av frykt for svara, og fordi lakselobbyen då kan seie: «Vi veit ikkje heilt sikkert.»

I tillegg kjem mange tusen tonn giftig og ikkje-nedbrytbar kopar, som dei brukar til å halde merdane reine. Alt går rett ut i fjorden, til reker, fisk og plankton. Ein del av dette endar til slutt opp i oss.

Oppdrett har ingenting å gjere med berekraftig hausting frå havet. Ein har tatt den verste tankegangen frå det mest omsynslause industrilandbruket og gjort han hakket verre ved å plassere han midt ute i det som var rein og vill natur.

I tillegg gir Noreg ryggdekning til eit internasjonalt imperium som lagar store økologiske og sosiale problem andre stader i verda, som i Chile. Eller i Canada, der det om nokre veker kjem ut ei bok som vil vekke oppsikt og gi Noreg ekstremt dårleg PR.

Då eg skulle ha tak i ein PDF av denne boka, fekk eg høyre frå forlagsredaktøren på eit stort internasjonalt forlag: «As a Canadian, I am so shocked and upset about the Norwegian-owned fish farms in BC [provinsen British Columbia]. It is completely outrageous that they can own our ocean (when no one is allowed) and pollute it and introduce Atlantic salmon to the Pacific Ocean. Terrible, terrible. I would always expect better from Norway.» (Du skal få høyre meir om denne boka snart.)

Alle veit korleis det gjekk då den norske kongefamilien vitja Chile for to år sidan. Dei blei møtte av store protestar frå fortvilte folk som bad kongeparet om hjelp mot miljøvandalismen til dei norske oppdrettskonserna.

Oppdrett har gjort det flautt å seie at ein er norsk somme stader i verda.

Noreg er forplikta av ei rekke internasjonale lover og konvensjonar. Eit av dei er EUs vassdirektiv. Ifølge Aftenposten greidde Noreg å halde oppdrett utanfor desse reglane. I tillegg driv Noreg lobbyverksemd for å få godkjent høgare giftnivå i laksen enn EFSA, EU-organet for mattryggleik, meiner er bra for menneske.

Noreg har ikkje berre underteikna, men var med på å opprette OSPAR-konvensjonen (OsloParis) om havmiljø. Er nokon der ute gode til å rekne og legge saman? Kan dei finne ut kor mange punkt i denne internasjonalt bindande konvensjonen Noreg bryt kvar dag, på grunn av oppdrett?

Kvifor gjekk ikkje miljørørsla til sak mot staten for dette, i staden for oljeutvinning, som er langt meir abstrakt? Hadde dei tatt oppdrett, kunne dei ha vore mykje meir konkrete og peikt på naturmangfaldsparagrafen (paragraf 112) i Grunnlova, OSPAR-konvensjonen, EUs vassdirektiv og mykje anna.

Hiv du eit halvtomt spann måling i ein bekk, får du sikkert ti tusen kroner i bot. Hiv du hundre tusen tonn avfall og gift i havet, får du applaus frå Erna Solberg, fordi du tener milliardar på det.

«Vi trenger en gjennom­-
gripende forandring i verdens bruk og vern av havet. For å lykkes må flere – både stater og private aktører – engasjere seg», sa Solberg då ho blei havvernar. Så gjekk ho tilbake til kontoret for å flytte iskantar, hjelpe oppdrettarar og eigarane av botntrålarar til å få større kvotar.

Havgudinna heiter Rån i norrøn mytologi, sidan Rån «ranar» druknande fiskarar. Erna er ikkje ei gudinne, men ein havranar. Før Erna Solberg blei havvernar i FN-regi, burde ho vist litt større vilje og evne til verne havmiljøet heime.

Då det var snakk om at oppdrettskonserna kanskje skulle betale ressursskatt, sidan det dei tener pengar på, er retten til å bruke og forureine den mest særeigne nasjonale felleseigedommen vår, altså fjordane, mobiliserte oppdrettsbransjen litt ekstra.

Mellom anne betalte dei såkalla forskarar til å gå ut i media mot forslaget. Ein av dei som sa ja til dette – utan alltid å opplyse om at han var betalt av bransjen – var Ragnar Tveterås, lakseøkonomiprofessor ved Universitetet i Stavanger. «Vi er ikke kjøpt og betalt. Vi skriver kronikker på grunnlag av vår forsking», uttalte Tveterås då til E24, samstundes som han kalla det som hadde skjedd «ein glipp».

For meg såg ikkje innlegga til Tveterås, mot lakseskatt, ut som vitskap, men meir som polemikk. Eit spørsmål er korleis slike praksisar, som kan sjå ut som lobbyisme på vegner av særinteresser, påverkar universiteta og truverdet til vitskapen.

Tveterås er ein sentral figur i utforminga av norsk oppdretts- og fiskeri-politikk. Han har leia fleire viktige utval og utgreiingar (til dømes havindustrimeldinga, NOU 2014:16).

Bransjen veit kva dei får: Råd om liberalisering av fiskeripolitikken – og meir og meir og meir oppdrett. Spørsmålet er berre om Tveiterås finn ut at oppdrett kan auka tidobbelt, femtidobbelt eller hundredobbelt. Det er «tenk på eit høgt tal».

Siste rapport der Tveterås var ein sentral person, den bransjefinansierte «Verdiskap­ningspotensiale og veikart for havbruk til havs», blei lansert før jul i fjor. Det kan bli «verdiskapning» for 2–7 milliardar i 2030 og 30–90 milliardar i 2050.

Auke av oppdrett har vore eit tungt politisk mål i Noreg. Kvifor dette knefallet for økonomiske særinteresser, som går så på tvers av andre interesser, som kystfiske og miljø? Kvifor smelta politikken, forvaltninga og forskinga saman med ein industri på ein slik uverdig måte? Før var det slikt vi trudde gjekk føre seg i bananrepublikkar.

Apropos, no skal Frank Bakke-Jensen bli fiskeridirektør, etter ein prosess som har hausta mykje kritikk (mellom anna etter fleire saker her i avisa). Han stod ikkje på søkarlista, men blei meld inn av ein ven i Forsvarsdepartementet etter at fristen var gått ut.

Viktigast av alt: Han er ikkje på nokon måte kvalifisert til å leie eit slikt fagorgan.

Kva seier han sjølv? «Jeg er fra Båtsfjord […]. Det kommer en dag da jeg ikke lenger er statsråd, og da ser jeg frem til å bruke krefter på fiskerinæringen. Jeg har et brennende engasjement for kysten, sjømatnæringen og lokalt næringsliv.»

Bakke-Jensens kvalifikasjonar for å fylle fagstillinga som fiskeridirektør, er altså at han er frå Båtsfjord og er «engasjert». Litt erfaring har han. Då han skulle tale for 360 næringslivstoppar i sjømatnæringa for nokre år sidan, mimra han om korleis det var på fiskemottak i Båtsfjord i ungdommen: «Det var mange vesterålsjenter som kom på sommerjobb i Båtsfjord. Då leverte vi mye i dem.» Som forsvarsminister påstår Bakke-Jensen slikt som at Afghanistan-krigen – som begynte i 2001 og held på enno – har vore «riktig».

Bakke-Jensen er en oppdretts­-
entusiast på sin hals. Han «spår» at oppdrett kan tidoblast i Finnmark. Då forsvarsministeren skulle avklare at det er norske styresmakter som tar avgjersler på norsk jord, vart avklaringa først send til det amerikanske forsvaret til godkjenning, slik Klassekampen avslørte for nokre veker sidan. Om Bakke-Jensen blir fiskeridirektør, er det nok lakselobbyen som blir ringt opp.

Stillinga som fiskeridirektør er ei fagstilling. At ein mann som Bakke-Jensen får jobben, er ein politisering av byråkratiet. Det kanskje mest destruktive Donald Trump gjorde som president, var å lamme føderale faginstansar og regulerande styresmakter. Han utnemnde klimafornektarar til miljøsjefar og lét bransjelobbyistar overta leiinga i føderale reguleringsorgan for dei same bransjane.

Då professor i offentleg politikk Noralv Veggeland (1941–2020) skulle summere opp «den solbergske staten» i boka med same namn (2020), var «svekkelse av det nøytrale byråkratiet» eit markant kjenneteikn. Det skaper demokratisk underskot, skriv Veggeland.

Om Frank Bakke-Jensen og Erna Solberg køyrde ein miniubåt frå Lindesnes til Nordkapp, ville dei saman neppe vore i stand til å identifisere eit økosystem. Derimot ville dei funne mange oppdrettslokalitetar, gruvedumpeplassar og gunstige område der det fanst liv: til taregrabbing og botntråling. Ein femåring som har lese til dømes barnebokklassikaren til Dr. Seuss om Loranxen, veit meir om slikt.

Loranxen seier mellom anna til Selv-nok:

Fabrikken din spyr, dag og natt
uten stopp,

Ut ka-glurpiti-glopp,

og ga-slurpeti-slopp.

[…]

Nå nynner det ingen i

nynnefiskdammen

For fiskens gjeller er helt

glurpet sammen.

Legg merke til ein ting med Erna Solberg. Heilt abstrakte storleikar som pengar og finans har ho eit nært og konkret forhold til. Heilt konkrete og verkelege storleikar som natur, miljø og økosystem i den verkelege verda har ho derimot eit heilt abstrakt forhold til.

Av slike årsaker er FNs utnemning av Solberg til havambassadør endå merkelegare enn nobelprisen til Obama. Vi er nesten på nivå med då Caligula ville gjere hesten sin til konsul.

Morten A. Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er på høg tid å fjerne uttrykket «ein glad laks» frå det norske språket.

Kvifor dette knefallet for økonomiske særinteresser som går så på tvers av andre interesser, som kystfiske og miljø?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis