JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Eventyret om oljestaten sprekk

Rapporten frå Riksrevisjonen om Kielland-ulukka avsluttar ingen diskusjon, men gjev heller ein ny start på forsking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Beinet på Alexander Kielland-plattforma som rauk av og fekk henne til å tippa rundt og forlise.

Foto: Erik Thorberg / NTB

5853
20210319
5853
20210319

KOMMENTAR

bjorn.k.nicolaysen@uis.no

Kvifor har uvissa vore stor om kva som verkeleg hende med plattforma Alexander L. Kielland (ALK), som gjekk rundt i Nordsjøen på under 20 minutt den 27. mars 1980? Trass i at dette er ei av dei verste ulukkene Noreg har opplevd, med 123 omkomne, har det mest vore tabu å drøfte ulike årsaksforklåringar. 9. mars kom likevel ein omfattande rapport frå Riksrevisjonen, der ein på nytt vurderer den norske statens rolle i hendingane før, under og etter ulukka.

Rapporten tilrår ikkje ny gransking, han har likevel dels teke feste i ny forsking frå dei siste ti åra. Såleis har dei også drøfta materialet frå ei forskargruppe ved Universitetet i Stavanger, leia av Marie Smith-Solbakken. Det har vore eit unikt samarbeid mellom akademikarar og gravejournalistar, dei sistnemnde frå Stavanger Aftenblad. Vitnemåla til overlevande og pårørande frå ALK er endeleg skikkeleg samla og granska.

Sprikande forklåring

Materialet har vist at der må vere sterke sprik i den offisielle forklåringa i den eingong hastig samanskrivne norske rapporten (NOU 1981: 11). Den utpeikte syndebukken var eit verft i Dunkirk, ved nokre sveisarar. Sveisefeilen, usynleg og under vatn på eine beinet i den fembeina (pentagone) plattforma, skal ha ført til så stor slitasje på konstruksjonen at beinet braut saman av metalltrøyttleik utan varsel.

Verftet var ikkje tilfeldig valt for oppdraget i 1976. På norskekysten og især i Rogaland vil mange hugse nemninga CFEM, som står for Compagnie Française d’Entreprises Métalliques, eit familiefirma skipa i 1844. Firmaet har endra namn etter kvart som det har vakse, i 1989 vart namnet Eiffel Construction Mécanique, korta til Eiffage i 2003.

Kva Eiffel har med saka å gjere? Firmaet bygde Eiffeltårnet. Liksom bruer og store konstruksjonar i koloniane; dei var med på ombygginga av Paris i 1853–1870, laga metroliner og jernbaneliner, tunnelar i Sveits og så bortetter. I dag er dei over heile verda, frå Mexicogolfen til Dubai, og er av dei aller mest brukte konstruktørar av store metallkonstruksjonar.

Opphavleg årsak

Rapporten til Riksrevisjonen held på den opphavlege årsaksforklåringa og tek ikkje særs grundig opp det franske materialet, for det var knytt til søksmålet Noreg reiste mot CFEM og den franske staten i 1983. Dei gjev derimot kritikarane av granskinga delvis rett og er harde i kritikken av manglande oppfylging av overlevande og pårørande. Likevel, riksrevisor Per Kristian Foss kosta på seg ein liten flir i Dagsnytt 18 9. mars, over påståelege franskmenn som ikkje ville vedgå at feilen var deira.

Hausten 1983 vart plattforma senka på 700 meters djup i Nedstrandsfjorden. Franskmennene leverte eigen rapport i 1985. Riksrevisjonen har teke omsyn til ein del av det stoffet, men fylgde ikkje opp påstandar vurderte i rettssaka; det var utanfor mandatet. Men dei kunne nok kjent seg frie til å vurdere betre grunnlaget for dei franske påstandane. Likevel er den franske rapporten for fyrste gong profesjonelt og dyktig omsett til norsk.

Dei franske peika til dømes på at då reiarlaget Stavanger Drilling tok over plattforma og førte henne nordover, kolliderte plattforma med ein supplybåt, og der var andre hende. Plattforma vart ikkje forskriftsmessig ombygd då ho fekk bustadkvarter på tre etasjar, 15 meter høgt, ALK fekk eit svært vindfang fundamentet ikkje var bygd for å tole. Franskmennene meinte òg at ti anker ikkje var nok feste; at skott og dører mot reglane stod opne, og der kan ha vore gjort ulovleg sveisearbeid til sjøs. (Fleire overlevande minnest elles gassflasker og sveiseutstyr som ulovleg vart teke om bord.)

Maritime konstruksjonar får alltid hol og sprekker, oftast ikkje alvorlege. Då plattformsjefen rapporterte om alvorlege skader, braut ConecoPhillips regelverket og førte ikkje plattforma til lands for reparasjon, men sette henne i ny produksjon – heilt uansvarleg, meinte dei franske.

Nyss er det elles prova at også skaden i sveisesaumen som ingen skulle ha visst om, vart rapportert av plattformsjefen i 1978. Ingenting vart gjort, og i januar 1980 vart det gjeve utsetting med utbetringsarbeid til juni, plattforma kantra to månader etter.

Forlik

Noreg tapte rettssaka klårt i 1991. I staden for erstatning på 700 millionar kroner sat saksøkjarane att med 6,5 millionar i ei form for minneleg erstatning. Forliket kom i stand etter at Phillips Petroleum fekk avtale med Schlumberger om ein ekstrakreditt på 87,5 millionar – det vart halde hemmeleg på den tida.

Jamføringa av alle dei munnlege forteljingane gav nye bilete av kva som hende; folk mintest rørsler i plattforma, kva plattformsjefen hadde sagt, kva for loggbøker som fanst, kva dykkarane filma. No tyt det jamt fram nytt materiale. Nokre videoar vart attfunne i ei kasse på Oljemuseet – no endeleg restaurerte; dei viser tilhøve som det sidan vart nekta for. Loggbøker på avvegar er komne til rette. Dokument er komne fram frå private og offentlege arkiv, om enn ikkje frå Phillips-arkiva, der alt er hemmelegstempla. I alle høve veit vi no at det er all grunn til å ha respekt for skjønnet og minnet til dei overlevande og pårørande.

Freistnader på å kneble forskarane med å hevde at funn er fabrikkerte, er slått av banen ved Riksrevisjonens rapport, som har utnytta materialet frå forskargruppa og journalistane som har fått fram nye forteljingar om ulukka og etterburden. Same kva som hender frametter, vil det kome nye studiar og nye funn som vil bryte med eventyrforteljinga om oljestaten.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er all grunn til å ha respekt for skjønnet og minnet til dei overlevande og pårørande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis