JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Dei to bustadkrisene

Marknaden for bustader fungerer ikkje, verken i bygd eller by.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utanfor byane kan bustadmarknaden gjere det vanskeleg å få finansiert eigen bustad.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

5673
20210409
5673
20210409

Kommentar

bkjellsdottir@gmail.com

Bustadpolitikken i storbyane og spesielt i Oslo har lenge fått stor merksemd. Prisane stig og stig. Stadig fleire unge vert utestengde frå bustadmarknaden. Særleg dei som ikkje har foreldre som er rike eller har bustad i storbyen.

Det media og storsamfunnet ikkje er merksame på, er ei stor bustadkrise i distrikta. Og ikkje berre det: Bustad har òg blitt ein faktor som har skapt ein sterk veksande geografisk ulikskap. Dette endrar forteljinga om dette landet.

I Noreg er det ikkje vanleg å forske på geografisk ulikskap utanom dei store byane. Fråværet av forsking på ulikskap mellom by og bygd vart så vidt nemnt i ei utgreiing av By- og regionforskingsinstituttet NIBR på oppdrag frå den raudgrøne regjeringa i 2009: Utgreiinga var ikkje laga for å undersøkje geografisk ulikskap, men ei breiare drøfting av negative følgjer av sentralisering.

«Særnorsk diskusjon»

Sluttrapporten «Sentrali­seringens­ pris» peika på at sentralisering er ein «særnorsk diskusjon», medan andre land har meir søkjelys på levekår enn geografisk balanse i befolkninga. Rapporten drøfta også i kva grad stigande skilnad i bustadpris mellom store byar og resten av landet skapte ulikskap i mellom by og land. Men dei mangla data for å slå noko fast.

Ti år seinare er formue­-
ulikskapen i Noreg like stor som for 60 år sidan, og er no jamstor med England, sa Rolf Aaberge i Statistisk sentralbyrå (SSB) til Forsking.no i 2019: Den sterkaste faktoren for den nye ulikskapen er utviklinga i bustadmarknaden. Bustad er den vanlegaste formuen nordmenn har, og står for om lag 70 prosent av den private formuen i Noreg, ifølgje Aaberge. Blant drivarane til den høge formuesulikskapen er ein deregulert bustadpolitikk.

Ein rapport laga for Sparebank1 Nord-Noreg i 2019 viste at bustadprisane i Tromsø var nesten åtte gonger høgare enn i Berlevåg, og at det berre var sju byar og tettstader i heile Nord-Noreg der snittpris på bustader var høgare enn 2,5 million. Somme trur at det då er mogleg å kjøpe bustad for ein billig penge: Nei, det er mangel på bustader i store delar av Nord-Noreg.

Bustadmangel

Bustadmangel i distrikta er også omtala i NOU 2020:15, Det handler om Norge. Fyrst på nyåret publiserte Samfunnsøkonomisk analyse «Tilgang på boliger i distriktene og rekruttering av arbeidskraft». Rapporten var tinga av regjeringa og stadfestar at bustadmangel hindrar rekruttering av arbeidskraft i offentleg og privat sektor, dette gjeld i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 5 og 6). Dette har lenge vore kjent i distrikta, men det er viktig at også staten vedgår bustadmangelen. Det er grunn til å modifisere den vanlege forklaringa på nedgangen i folketalet i distrikta: Bustadmangel er òg ein faktor.

Å byggje ny bustad på bygda kostar like mykje som i byen. Men når huset i bygda er ferdig, er marknadsverdien ofte berre halvparten av kostnaden. Med mindre eigaren har vunne i Lotto, må familien bu seg på å bli verande; sjølv om skulen vert lagd ned eller jobben vert sentralisert bort. Det er grunn til å tru at dette er status i store delar av det rurale Noreg; dette treng vi meir forsking på.

I 2020 publiserte Nordregio ein rapport om bustadmangel i dei nordiske distrikta som også peikar på låge prisar og bustadmangel. I ein seinare artikkel i Nordregio Magazine omtalar instituttet at det er «ei veksande segregering» i nordiske bustadmarknader. Samstundes hadde instituttet eit bustadwebinar der den danske professoren Egon Noe, som leier Center of Rural Research, peika på at bustadpolitikken i Norden er «finansialiert» og «markedisert»: Dette, meiner Noe, driv høg vekst i bustadprisane i byane, medan prisane i distrikta har låg, ingen eller negativ vekst. Noe meiner hovudproblemet er at heimar er transformerte frå å vere objekt for bruk til objekt for investering. I store delar av verda ser vi same utvikling.

Det vi kan slå fast, er at marknaden for bustader ikkje fungerer, verken i bygd eller by. Det siste gjeld ikkje berre i storbyane: Ein ikkje-restaurert mindre einebustad bygd i Bodø i 1960-åra vart nyleg selt for nesten 7 millionar kroner. I nabokommunen Steigen ville han knapt gått for ein million. Det er desse skilnadene som skapar den store nye geografiske ulikskapen i Noreg. Ei alvorlig side ved dette er aukande mistru.

Finansiering

I Gamvik kommune i Finnmark er det ikkje bygd éin ny bustad sidan 1994. Der og andre stader opplever folk som har fått jobb, å ikkje få lån hos private bankar for å kjøpe bustad. I Bodø snakka eg med ein ung helsefagarbeidar med fast jobb i byen; ho ville kjøpe bustad til seg og dottera. Ho fekk tilbod om pant i foreldra sin bustad som ligg 70 minutt med bil unna byen. Banken godtok ikkje pant i den delen av Bodø kommune. I bustadmarknaden vert heilt vanlege arbeidsfolk «sosiale kasus».

Dette gjer noko med oss som bur i distrikta. Det formar korleis bygdefolket tenkjer om seg sjølv og staden dei bur på. Og ikkje minst det tapet det er for borna som mange foreldre i distrikta ikkje kan hjelpe viss dei vil eller må flytte til byen. Fleire internasjonale studiar viser no ein sterk samanheng mellom stemmegjeving på høgrepopulistiske parti og låge bustadprisar, med titlar som «The revenge of the places that don’t matter» og «Housing and populism».

Kan det vere ei orsak til at Senterpartiet flyg så høgt på målingane? Då må dei sanneleg levere om dei kjem i regjering. Vi treng ein ny bustadpolitikk: i by og bygd.

Bente Aasjord

Bente Aasjord er spaltist og statsvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når huset i bygda er ferdig, er marknadsverdien ofte berre halvparten av kostnaden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis