JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Blitzar med skaut eller kalifatjente?

Det er heller haldningane enn handlingane til
den norske IS-kvinna staten vil straffe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14706
20210312

Saka mot IS-kvinna

Ei 30 år gammal kvinne er tiltalt for å ha delteke i terrororganisasjonen IS.

Ho passa borna sine og stelte heimen til dei tre ektemennene sine, og la på det viset til rette for at dei kunne slåst for IS.

Ho kom til Syria i 2013 og oppheldt seg i IS-kontrollerte område heilt til ho vart plassert i ein interneringsleir av kurdiske styrkar i mars 2019.

Kvinna kom attende til Noreg i januar 2020.

Cecilie Hellestveit fylgjer rettssaka i Oslo tingrett for Dag og Tid.

KOMMENTAR

ch@intlaw.no

Saka mot IS-kvinna er i si andre veke i Oslo tingrett. Staten ynskjer å straffe den norske kvinna for val ho gjorde som ung. Som innvandrarjente med muslimsk bakgrunn reiste ho til Syria for å vere med mannen sin, som var blitt framandkrigar. Straffebodet er deltaking i terrorrørsle etter paragraf 136a i straffelova. Men kva er det eigentleg vi som fellesskap meiner er straffverdig hjå kvinna som drog i veg til Syria og enda i kalifatet med tre ektemenn på rad?

Vi har høyrt vitnemål frå kvinna sjølv og dei næraste slektningane hennar, som har tala om fæle menn og eit endå fælare samfunn. Ekspertar har lagt ut om utviklinga og prosjektet til Den islamske staten (IS) og om den utsette posisjonen til kvinnene i kalifatet.

Inga overrasking

Det siste burde ikkje kome som ei overrasking på nokon. Dette er Midtausten, der kvinner utanfor overklassen har heilt andre rammer for livet enn vi har i Europa. Dertil er IS ei ideologisk rørsle som forfektar det mest reindyrka patriarkalske prosjektet verda har sett på generasjonar. Det meste i Den islamske staten var svært ulikt Noreg, både for kvinner og for menn.

Formelt handlar saka om tilslutning til terroristrørsla IS. Men når eg følgjer saka, sit eg med eit klart inntrykk av at det ligg eit anna og djupare straffemotiv under. Det er ikkje uhyrlege handlingar, men uhyrlege haldningar vi søkjer å straffe kvinna for.

Den unge jenta frå Pakistan, eit land med patriarkalske tradisjonar, kom til Noreg som femåring med ein familie som ikkje var spesielt religiøs eller patriarkalsk. Ho kom frå ein familie som ifylgje far hennar gav jentene «eigne ski og skøyter i oppveksten» og ynskte integrering i vårt likestilte velferdssamfunn. Korleis kunne denne muslimske jenta ende med å forlate familien og Noreg til fordel for Ekstremistan?

I den norske rettsstaten har strafferetten to formål når det gjeld avskrekking: individualprevensjon og allmennprevensjon. For IS-kvinna er det neppe ein overhengande fare for gjentaking som gjeld. Det er dei allmennpreventive omsyna staten ynskjer skal vinne fram i retten. Lat det vere klart for alle unge muslimske jenter i kongeriket: Slike val gjer ein ikkje ustraffa!

På mange måtar er difor denne rettssaka meir interessant enn rettssakene om dei reine framandkrigarane våre, norske gutar – somaliarar og tsjetsjenarar, chilenske eller trønderske konvertittar – som dreg i krigen og kjempar med våpen i hand for ei terroristrørsle. I sakene mot kvinnene er det ikkje handlingane, men haldningane som kjem i framgrunnen.

IS-kvinna vart norsk statsborgar i 1999. I tillegg til å handle om mennene hennar og valdshelvetet ho etter kvart vart ein del av, dreier rettssaka seg etter mitt syn like mykje om det norske samfunnets forventningar til haldningane hjå dei nye muslimske statsborgarane våre.

Framandkrigarar

Under den førre store internasjonaliserte borgarkrigen med framandkrigarar i fleng, den spanske borgarkrigen i 1930-åra, valde Noreg å forby at nordmenn reiste i krigen. Noreg var nøytralt og ville ikkje vere ei «brikke i noe stormaktsspill», som utanriksminister Halvdan Koht sa i Stortinget sommaren 1937.

Det var ingenting som knytte Noreg direkte til krigen i Spania, og ulike politiske fløyer i Noreg hadde sympati med ulike sider. Mange drog likevel i krigen frå Noreg – rundt 300 på republikanarane si side, medan minst åtte tok parti med falangistane og Franco. Då borgarkrigen var over, og nordmenn vart henta heim (!), vart det påtaleunnlating for deltakarane eller på det meste ei bot. Det var heller vervarane som vart haldne til ansvar.

I Finland vart derimot deltakarar i den spanske borgarkrigen nekta heimreise. Dei hadde valt side og var uønskte i heimlandet. Hjå finnane var det politiske landskapet annleis, og det var òg meir prekære stormaktsinteresser å ta omsyn til.

I den internasjonaliserte borgarkrigen i Syria frå 2012 reiste norske muslimar ut for å rive ned det brutale sekulære regimet til Bashar al-Assad og deretter byggje opp eit muslimsk styresett i ruinane. Kvinna som no er tiltalt, drog til Syria i februar 2013 for å slå fylgje med ektemannen Bastian Vasquez, som då kjempa for den Al-Qaida-tilknytte gruppa Jabhat al-Nusra.

Det norske straffeforbodet mot framandkrigarar tredde i kraft i 2016. Då var altså kvinna reist i krigen for lengst, og straffebodet er òg berre retta mot deltaking i militær verksemd. Kvinna kan altså ikkje dømmast for å ha drege i krigen.

Etter ei tid skifta Vasquez side og vart krigar for terroristrørsla IS, som hadde eit prosjekt som passa betre for dei radikale framandkrigarane og fylgjet deira. Hjå IS fekk menn i oppgåve å krige og byggje Den islamske staten, medan kvinnene vart sette til å produsere nye statsborgarar som i sin tur skulle krige og byggje Den islamske staten vidare.

Forbyr medlemskap

Straffebodet som kvinna står tiltala for, forbyr deltaking i terrorrørsle. Straffebodet vart innført 21. juni 2013. På dette tidspunktet hadde det norske paret blitt støttespelarar for IS, som månaden før hadde vorte plassert på FN-lista over internasjonale terrorrørsler. Kvinna drog altså i krigen før Nusra og IS vart klassifiserte som internasjonale terrororganisasjonar.

At USA plasserte Nusra på lista over terrorrørsler i desember 2012, spelar inga rolle her. Terrorlista til USA var del av ein politisk prosess fordi USA samstundes gjekk inn med tung politisk støtte til delar av den syriske opposisjonen, og Nusra var ei gruppe USA openbert ikkje ønskte å støtte. Amerikanarane håpte at terroriststempelet ville få mange syrarar til å vende ryggen til Nusra og støtte andre opprørsgrupper i staden.

For norske domstolar må den internasjonale terrorlista til FN vere avgjerande, og i mai 2013 kom både Nusra og IS på den lista. Nesten på same tid fekk altså IS status som ei terrorrørsle, og det vart straffbart i Noreg å delta i ei terrorrørsle. Og det er deltakinga i rørsla kvinna er tiltala for, altså ei form for kvalifisert støtte.

Under rettsoppgjeret i Noreg etter andre verdskrigen var det straffbart med medlemskap i Nasjonal Samling frå 1940. Dette er det einaste tidlegare dømet på at medlemskap i ein organisasjon har blitt straffa i Noreg. Men som statsminister Oddvar Nordli påpeikte i Stortinget i 1976, var medlemskap ikkje forbode på grunn av ideologien til partiet, men fordi partiet «gikk fiendens ærend og med ulovlige virkemidler motarbeidet landets grunnlov». Og her ligg fleire interessante parallellar til IS-sakene.

For medan Noreg ikkje deltok i den spanske borgarkrigen, har Noreg ført krig mot Den islamske staten. I 2015 valde regjeringa å sende norske militære styrkar til Midtausten for å nedkjempe IS. Dette var eit bidrag til den internasjonale koalisjonen som vart mobilisert hausten 2014 under amerikansk leiing. Frå 2015 var det òg ein russisk intervensjon mot IS frå andre sida.

Noreg deltok i militære operasjonar for å leggje kalifatet i grus. Og medan rettssaka går føre seg i 2021, står norske soldatar framleis i Midtausten for å halde etterleivningane etter IS i sjakk. Ein norsk statsborgar som var IS-borgar, vart altså frå 2015 Noregs fiende i ordets mest bokstavlege forstand. IS var i krig med Noreg og våre allierte (og andre statar). Deltakinga til kvinna i rørsla må òg sjåast i det lyset.

Eit ungdomsopprør

Forsvaret hevdar at kvinna på dei avgjerande tidspunkta ikkje lenger støtta prosjektet, men ville bort. Ho framstiller seg som ei litt einfaldig kvinne, som òg var i opposisjon til eigen familie. Ho var eldst i ein syskenflokk på fem. Familien viste seg å ha nokre patriarkalske grunnstrukturar med i kofferten likevel, for plutseleg vart det snakk om å gifte jenta bort til ein fetter i Pakistan. Ho frykta dette. Forsvaret framhevar at dette var ei ung muslimsk kvinne utan store ideologiske kjepphestar som drog til Syria for å sleppe unna eit snikande patriarkat på Oslo austkant.

Både radikaliseringa, reisa til Syria og opphaldet skal ha vore eit ungdomsopprør. Ho tok på seg nikab for vise at ho kunne gå kva veg ho ville i trusspørsmål. Ho gifta seg med Bastian Vasquez som opprør mot viljen til far sin. Og drog i krigen for å sleppe dei drepande krysskrava som rammar muslimske jenter med framandkulturell bakgrunn i Noreg. For i radikal islam i dag kan mang ein innvandrarungdom finne ro. Her er éin Gud, éi lov, og oppgåvene dine både i dette livet og i det neste er klokkeklare. Fedreland, «eigentleg heimland» eller andre arvesynder er irrelevante. Alle er brør og systrer i Allahs rike, in sha Allah!

At det var krigen i Syria som vart destinasjonen, framstår då nesten som tilfeldig. Då det drog seg til og ho innsåg kva ho hadde gjort, var ho fanga. Forsvaret antydar at det IS-kvinna gjorde i 2013, var det radikale ungdomsoppgjeret til ei muslimsk innvandrarjente – mot eigen familie og mot samfunnet rundt henne. Det var hennar blitzar-periode. Ho har ikkje gått fiendens ærend med vitende og vilje, meiner forsvaret.

Kan ein dømmast for tvangsdeltaking? Og om det var slik, kor mykje innsats skal vi krevje at kvinna gjorde for å sleppe fri? Ekspertane, far hennar, som vitja henne i kalifatet, og kvinna sjølv meiner alle at rømming frå IS for ei kvinne som henne ville vere med livet som innsats. Om ho rømte, risikerte ho avretting eller tortur og fengselsstraff, i beste fall å bli valdteken av smuglarar på vegen. Er det livet som innsats som skal vere kravet her?

Ingen sympati

Det underliggjande i saka handlar om lojalitet. Er ho med oss eller er ho mot oss? For den andre måten kalifatet skil seg frå borgarkrigen i Spania på, er at kalifatet ikkje har politiske støttespelarar i Noreg. Her er det ikkje nokon sympati med dei radikale IS-medlemmene å spore. IS er eit djupt forbode prosjekt.

Sommaren 2014 organiserte IS massakrar på uskuldige sjiamuslimske unggutar som ikkje var «ekte muslimar». Handlingane minte forbløffande om nazistiske avrettingar av partisanar i Aust-Europa under andre verdskrigen.

Hausten 2014 sette IS i gang eit folkemord på den religiøse minoriteten jesidiane. Det var ein kampanje med slåande parallellar til måten nazistane behandla der Untermensch på. Jesidiane var mushrikun, altså ekte vantru, og vart drepne, fordrivne eller gjorde til slavar i heimane til IS-familiar, ein slags «privat arbeidsleir». IS-kvinnene som produserte «nye og reine muslimske borgarar» til den islamske staten, minner mest om ariske kvinner som skulle folkesetje Det tredje riket med «rein og riktig rase» for nazistane.

Forventninga i Noreg er at alle norske statsborgarar skal ta klar avstand frå rørsler som står for slike uhyrlege handlingar og haldningar. Særleg håpar vi at dei nye muslimske statsborgarane våre skal ta avstand, i tankar, ord og gjerningar, gjerne kvar gong det byr seg eit høve.

Det handlar om den uuttalte uvissa vår om kvar truskapen til våre nye landsmenn ligg. Mange har jo kryssande lojalitetar, og det gjeld særleg samhaldet som dei truande har med trusfellane sine. Den muslimske ummaen, samfunnet av alle rettruande muslimar, er ei religiøs og (hjå mange) ei politisk eining som fører med seg plikter.

Det var òg dette som var delforklaringa på kvifor den tiltalte kvinna drog i krigen i 2013: Ho ville hjelpe muslimske medsystrer. Mange truande meiner at den muslimske lojaliteten til Allahs umma står over lojaliteten til fedrelandet, og ei rekkje muslimar drog til Syria nett av ei slik pliktkjensle for å redde medborgarar i den muslimske ummaen.

Britiske muslimar

Då britiske soldatar vart med i kampen mot Den islamske staten frå 2015, var det fleire muslimar med britisk statsborgarskap i rekkjene til IS enn det var i rekkjene til The Royal British Army.

Det var ikkje heilt slik ein hadde sett for seg at britisk statsborgarskap skulle verke: som springbrett for eit anna statsprosjekt som hadde vestlege land som erklærte fiendar, og som frå november 2015 også utførte angrep i vestlege land som ein forlengd del av den væpna kampen i Irak og Syria.

Denne «lojalitetsspagaten» var truleg ein grunn til at alle medlemmene hjå IS måtte avlegge truskapseid – bay’a. Ein måtte sverje truskap til Allah og dermed til hans rettmessige representant på jorda, kalifen, IS-leiaren al-Baghdadi og hans politiske, militære og ideologiske prosjekt. Å endre lojalitet etter ei slik handling var einstydande med landssvik og gudssvik og gav dødsstraff.

I rettssakene mot norske menn som har slutta seg til IS, har gjerne denne truskapseiden stått sentralt som bevis. Avlegg ein eiden, vel ein side for IS og implisitt samstundes mot Noreg.

Det kan òg i nokon grad sidestillast med landssvik. Og landssvik er som kjent ikkje noko som krev at ein tyr til våpen. Men kvinna i saka vår har altså ikkje avlagt nokon eid til støtte for IS. I Den islamske staten var det mannen som avla truskapseid, og som var handhevar av «lojale handlingar» i eigen familie. Det var dei tre ektemennene til kvinna som (i tur og orden) svor lojalitet på hennar vegner. Om ho skulle rømme, var det altså mannen sitt ansvar.

Likevel er eit sentralt tema i saka at kvinna vart sett som ein del av ei terrorrørsle med så uhyrlege mål og så forbodne verkemiddel at det må sjåast på som å vende ryggen til det norske samfunnet. Og igjen vert søkjelyset retta mot realitetar, ikkje formalitetar. Var kvinna støttande til prosjektet? Kvifor ville ikkje faren til kvinna at andre familiemedlemmer skulle diskutere religion med henne når dei kommuniserte? Var faren redd for IS eller for meiningane til dotter si?

Kvinna i tingretten har norsk pass og norske grunnhaldningar, men ho har altså gjennom eigne val hamna ein stad der ho fekk ein funksjon for den aspirerande staten IS, ein stat med mål og middel så uakseptable for oss at Noreg sende soldatar for å kjempe mot han. Det kan ikkje takast lett på, det heller.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvinna kan ikkje dømmast for å ha drege i krigen.

For den andre måten kalifatet skil seg frå borgarkrigen i Spania på, er at kalifatet ikkje har politiske støttespelarar i Noreg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis