Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 14.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Knefall for skipsreiaren

| Den 8. juni 2018

Knefall for skipsreiaren

Foto: Wikimedia Commons

Color Line trugar med å flagga ut dersom dei ikkje får endå betre vilkår. Det meste tyder på at dei vinn den kampen. Stortinget har lagt sin elsk på cruiseskip.

Color Line er det siste ferjeselskapet mellom Noreg og kontinentet som framleis seglar med norsk flagg. I fleire år no har dei truga med å flagga ut til Danmark om dei ikkje får endå meir subsidiar eller høve til å tilsetja folk til «internasjonalt konkurransdyktig lønn». Den sitjande regjeringa har vore særs lydhøyr andsynes Color Line og eigaren, ålesundaren Olav Nils Sunde, og har sagt at dei vil føya seg etter krava.

Sett frå utsida kan det verka underleg at Sunde klagar over mangel på gode vilkår frå den norske staten. Oppslaga om alt han kjøper og har kjøpt, har vore mange i media, særleg i Dagens Næringsliv, til dømes desse: «Color Line-eier Sunde bygger feriested til 75 millioner.» «Kjøpte Norges dyreste leilighet: – Dette ble en ufattelig dyr investering (…) Fergereder Olav Nils Sunde betalte astronomiske 236,5 millioner kroner for sin nye leilighet ytterst på Tjuvholmen.»
At Sunde har god råd, er ikkje uventa, for, som Høgres ansvarlege mann i Stortinget, Ove Trellevik, seier det til Dagsavisen: «Regjeringen har hevet taket på den såkalte nettolønnsordningen, som innebærer at Color Line får refundert alle innbetalte skatter og avgifter knyttet til skipene.» Men sjølv om Sunde er rik og slepp alt av skattar og avgifter som vi andre og det meste av norsk næringsliv må betala, så har han eit godt poeng. Han kan tena endå betre på å flagga ut, og lite eller ingenting tyder på at Stortinget kan, eller i det minste er viljug til, å hindra han i det.

Endå betre
Trelleviks påstand er isolert sett sann, men ordningane som Sunde nyt godt av, er – alt etter korleis ein ser det – mykje betre, eller sett frå Finansdepartementet mykje verre, enn som så. Ja, Sunde slepp all moms og alle alkohol- og tobakksavgifter på alt det han sel om bord, i tillegg kjem avgiftsfritak på olje og mykje anna. Han får dessutan høve til å driva kasino om bord sjølv om det er forbode i Noreg. Men på toppen av alle desse nemnde unntaka får han i behalda alle skattepengane som dei tilsette generer, arbeidsgjevaravgift, trygdeavgift og direkte inntektsskatt.
Ja, dei tilsette om bord har norsk tariffavtale tinga fram av norske fagforeiningar, og ja, dei tilsette om bord har fulle velferdsstatlege rettar i Noreg og er medlemer av folketrygda. Pengane deira er ein kjapp tur innom statskassa før dei vert returnerte direkte attende til Color Line og dimed Sunde. Men likevel skuldar altså opposisjonen regjeringa for ikkje å ha lagt godt til rette for Sunde.

Urettvis kritikk
Denne kritikken kan synast litt urettvis. Høgre og Frp har i alle år vore sært lydhøyre for det norske reiarlag generelt og Sunde spesielt vil ha. Før var det eit tak på nettolønsordninga; det var grenser for kor mykje ein fekk attendebetalt av det som kom inn i statskassa. Regjeringa fjerna dette taket. Før var det dessutan kvart år ein kamp mellom byråkratane i Finansdepartementet, som ville ha bort dei store subsidiane, og politikarane. Dimed var det ein viss fare for at når Noreg ein ellar annan gong gjekk inn i ei nedgangstid, så kunne ordninga verta fjerna. Regjeringa fekk Stortinget til å gje nettolønsordninga lovs form. Vi har altså fått ein lov som seier at vi må subsidiera Sunde og andre reiarar som nyt godt av ordninga.
Men om ordninga er så god, kvifor trugar Sunde likevel med å flagga ut? Det gjer han av heilt forståelege grunnar, han vil tena endå betre. Det er særleg ei norsk lønsmottakargruppe som i internasjonal samanheng tener særs godt, det er servicepersonale, dei som vaskar, koker og serverer om bord. Sjølv om dei i norsk samanheng tener dårleg, ligg dei langt betre an etter ein internasjonal målestokk. Norsk flagg tyder ofte god løn. Næringsminister Monica Mæland kjem frå Bergen, og i Bergen er ein, som vi veit frå Drevland-saka, særs oppteken av å sjå norsk flagg på passasjerskip.
Color Line er i dag registrert i det vanlege norske skipsregisteret, som vert kalla NOR. Om bord i NOR-skip skal norske vilkår med norske tariffar gjelda. I dag er det slik at om du registrert i NOR, kan du fritt segla mellom norske hamner og mellom Noreg og kontinentet. Men så har vi òg noko vi kallar Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Der kan du tilsetja personar på internasjonale vilkår, men då får du ikkje lov til å segla med passasjerar mellom norske hamner eller frå Noreg til ei internasjonal hamn og attende.

Mæland vil endra
Det er på dette siste området Mæland har kome med framlegg om å endra regelverket. Regjeringa vil fjerna regelen om at for å segla med passasjerar mellom norsk og europeisk hamn, må du vera medlem av NOR. Ho har gjort framlegg om at passasjerskip kan vera registrerte i NIS dersom dei seglar lenger enn 175 nautiske mil frå ei internasjonal hamn og til Noreg. I klartekst tyder det at Color Line kan segla utan norsk tariffavtale mellom Kiel og Noreg, men ikkje mellom Danmark og Noreg.
Kor mange nordmenn vil så tapa arbeidet sitt om Kiel-ferja går inn i NIS? Det veit vi ikkje, sidan arbeidsstokken alt i dag er svært internasjonal, men det såkalla Fartsområdutvalet, som leverte sin rapport i 2014, henta inn tal frå Color Line, som sa dei hadde 935 tilsette på strekninga. For dei mest kompetente og best utdana om bord er det ikkje mykje for Color Line å tena på internasjonale løningar. Selskapet sa at dei kom til behalda 250 av dei mest kompetente sjøfolka, medan 685, i hovudsak dei som arbeider med kundekontakt, som dei heiter på fint, ville verta bytte ut med folk til lokale vilkår.
Men Finansdepartementet har liten grunn til å jubla. Nettolønsordninga er no i stor grad utvida til òg å gjelda for dei som seglar på ein NIS-båt. Med NIS-flagg er dei tilsette om bord under norsk skatteregime med visse unntak. Det norske staten tener berre 90 millionar på at reiarane får byta flagg, nettoløn- og tilskotsordningane held altså nokolunde fram sjølv om arbeidarane får dårlegare løn. I år kjem elles reiarar som seglar under norsk flagg, det vera seg NIS eller NOR, til å få attendebetalt skatt frå arbeidarane på rundt 2 milliardar.

Ufaglærte
Det vi i alle høve kan konstatera, er at dei «norske» arbeidsplassane om bord som går tapt, i liten eller ingen grad er faglærte, arbeidskraft som på land ikkje vert subsidiert. Men det er likevel slik at Stortinget vil verne ufaglærte arbeidsplassar, så sant dei seglar under norsk flagg og med godkjentstempel frå LO. Under forhandlingane om revidert statsbudsjett fortalde KrF difor at dei ville gå saman med opposisjonen i eit vedtak om å utsetja vedtaket om NIS-flagg over 175 nautiske mil for passasjerskip.
Då skulle ein tru at ein vart nervøs i Color Line, men det er leiinga ikkje: «Vi har ingenting å frykte. Når man får vurdert nøye tallmaterialet, regner vi med å få gjennomslag for våre argumenter om nødvendigheten av utflagging (frå NOR til NIS, red. merk.). Det er bra at politikerne bruker god tid på dette, slik at beslutningen om forskriften blir godt forankret og kvalitetssikret», sa direktør Helge Otto Mathisen i Color Line til NRK.
Mathisen har grunn til å vera roleg, for han og Sunde sit med gode kort på handa. Får ikkje selskapet melda seg inn i NIS, flaggar dei berre ut til Danmark. Det har seg nemleg slik at det ikkje berre er Noreg som er så ivrige etter å subsidiera sitt eige flagg. Alle kyststatar i EU driv med det same som Noreg. Dessutan er det slik at alle granneland har eit lægre lønsnivå enn det Sunde etter krav frå LO gjev. Om Stortinget framleis vil at servitørane og vaskehjelpene om bord skal segla under norsk flagg, må dei difor anten subsidiera Sunde endå meir enn i dag eller gje han NIS-flagg.

Jubel i departementet
Men om Sunde flaggar ut til Danmark kan vi vera nokså trygge på at jubelen vil verta høg i Finansdepartementet. Frå ein økonomisk ståstad gjev det nemleg lite meining at servitørar i norsk hotellnæring eller han som står i kiosken på den lokale ferja, betaler full skatt til staten, medan ho som deler ut drinkar eller sjetongar på Color Fantasy, betalar full skatt til Sunde. Som vi kan lesa i statsbudsjettet: «Produktivitetskommisjonen har pekt på at tilskuddsordningen til sysselsetting av sjøfolk vrir ressursbruken mellom næringer. Kommisjonen mente en burde unngå å subsidiere anvendelse av arbeidskraftressurser i en spesiell næring. Ifølge kommisjonen vil norske sjøfolk bli ansatt i den grad de innehar verdifull kompetanse eller er tilstrekkelig produktive til å forsvare normale lønnskostnader. Dersom dette ikke er tilfelle, mente kommisjonen det vil gi en bedre ressursbruk å anvende denne arbeidskraften i andre næringer.»
Men det er ikkje berre Color Line som kan koma til å nyta godt av at passasjerskip får segla frå internasjonal hamn og til Noreg. Vi har òg Hurtigruten (særnamnet). Den er i dag tungt subsidiert, men dei har byrja å tena store pengar på internasjonale cruiseturistar. Også Hurtigruten hadde i 2016 1344 tilsette som kom inn under nettolønsordninga. Men sanninga er òg at internasjonale cruiseturistar ikkje er interesserte i alle stoggeplassane til den regulære hurtigruta. Opnar Stortinget opp for det som Mæland vil ha, kan no Hurtigruten henta passasjerar i Tyskland, Storbritannia og andre land og segla dei til Noreg samstundes som dei ikkje betaler norsk løn.

Seglingsavgift
Det er enkelt og greitt vanskeleg å sjå føre seg korleis vi skal halda på norske løningar på skip som seglar med passasjerar til Noreg. Den internasjonale konkurransen er beinhard, sidan internasjonale cruiseselskap i praksis ikkje betaler skatt til noko land. Den norske staten er no i den ulukksalige situasjonen at han betaler store delar av løna til dei tilsette i passasjertrafikk samstundes som den same staten knapt tener pengar på denne trafikken.
Det finst rett nok eit openbert alternativ som det ikkje er noko internasjonalt forbod mot. Vi kan påleggja alle passasjerskip som kjem innom den norske 12-milsgrensa, høge avgifter. Men ingenting tyder på at Stortinget tenkjer i slike baner. Der er det brei semje om at cruiseskip er fine saker, særleg om dei seglar med norske flagg – og det sjølv om dei ureinar som ingen annan.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa