JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Varmtvatn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4867
20220805
4867
20220805

Mange lesarar er opptekne av vêret. I Klok-redaksjonen tek me publikum på alvor, og difor sender me kvar sommar ein medarbeidar ned til Middelhavet for å undersøkje om vêret i Liguria er noko å skrive heim om. Tilfeldigvis vart det også denne gongen boklækjaren som fekk den ansvarstunge oppgåva. Ingenting nytt under sola der, altså.

I Italia har det vore varmt både i vêret og i vatnet. Når temperaturen i havet ligg kring 29 °C, er det ikkje nok med eit bad for å kjøle seg ned. Dessutan seier folk med forstand på sveitting, at å sveitte fører til væsketap i kroppen. Slik kom eg fort fram til at ein kafé med klimaanlegg og iskald kvitvin kunne vere ei god løysing. Der vart eg sitjande til sola gjekk ned. Fortsetjinga på forteljinga om denne dagen vert verande i Liguria.

Frå drukkenskap til forfattarskap og til løysinga på oppgåve 1538. Gunder Runde skriv: «Prosedyre ved dagens Kpb: Lese utdraget (sakte) tre gongar. Ingen merkbar reaksjon i det etter kvart vaklande minneområdet i hjernen. Vurdere (spontant) aktuelle novellistar: bokmål, ikkje døde før år 2000. (Askildsen, Herbjørnsrud, Stien, Lindstrøm – ingen av desse passar inn). Dermed må det meir målretta arbeid til. Wikipedia har ei nettside over ’norske novellister’, ho inneheld 172 namn. Tilsynelatande uoverkomeleg, men ikkje fullt så gale når eg kuttar ut nynorskbrukarar og folk døde før år 2000. I tillegg hoppa eg over totalt ukjende namn. Tok ein liten pause halvveges (etter bokstaven L) – til då hadde eg funne berre 3 aktuelle kandidatar: Odd Klippenvåg, f. 1951 (Lagerkvist), og to stykk fødde i 1974 (Eyvind Johnson), nemleg Ingeborg Arvola og Bjarte Breiteig, alle desse har utgitt ei novellesamling i år 2000. BookBites har berre ei av desse samlingane tilgjengeleg, nemleg Surrogater av Bjarte Breiteig, som viste seg å vere innertiar. Novella heiter ‘For bikkja til Ronny’. Ronny er altså han som er nemnd i utdraget som Halvorsen, og som kjem tilbake på jobb etter ei eller anna hending som det ikkje må snakkast om (mislukka sjølvmordsforsøk etter brot med kjærasten). I løpet av eit drikkegilde fortel Ronny om (den namnlause) hunden sin (som var ein labrador, og som han måtte skyte fordi kjærasten hans var allergisk mot hundehår). Karane skålar i fellesskap ‘for bikkja til Ronny’, som altså har gitt namn til novella. Ei særs god novellesamling, som eg då sjølvsagt las. Surrogater var m.a. nominert til Brageprisen. Breiteig har gitt ut fleire novellesamlingar, debuten hans, Fantomsmerter (1998), har eg ståande i hylla mi. Breiteig er frå Kristiansand, har studert både fysikk og litteratur og har gått Skrivekunstakademiet i Hordaland.»

John Olav Johnsen skriv: «Hunden i novella ‘For bikkja til Ronny’ er ein labrador. Forfattaren heiter Bjarte Breiteig og tittelen på novellesamlinga er Surrogater. Gode noveller. Breiteig kan kunsten. Ein skimtar Hemingway og Lønn i bakgrunnen.»

Viggo Østebø skriv: «Løysinga må vera ein av dei beste nolevande novelleskrivarane i Noreg: Bjarte Breiteig.»

Desse leita seg fram til labradoren og til løysinga på oppgåve 1538: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Bjørn Gjermundsen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Marit Gimnes, Janneken Øverland, Aning og Dreis, Per Trygve Karstensen, Olav Holten, Fritjof Lampe, Petter Kristensen, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Kjell Helge Moe, Pål Amdal, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunder Runde, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Bjørn Myrvang, Erik Aamlid, Arne Thorvik, Eli Hegna, Gunnar Bæra, Camilla Høvik, Ole G. Evensen, Eli Winjum, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Brita Lundeland, Viggo Østebø, Eirik Holten, Jorunn Brekke Fjeldheim, Sigrun Gjengedal Ruud, Audun Gjengedal, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Ingeborg Helvik, Reidar Birkeland, Tone Bjørnsen, Gunnar Eide, Knut Einar Johannessen, Marit Skytterholm, Yngve Skjæveland, Sissel Gunnarshaug, Torleik Stegane og Sjur Joakim Fretheim. Denne gongen heiter bokvinnaren Janneken Øverland. Gratulerer!

Klok på bok 1540

Ska du lukkast i kjærlegheitslivet, gjønom fleire år, må du ta fullt ansvar for alt. Du er ikkji den viktigaste. Økonomi, hus, heim, stemning og tone i forholdet ligg på aksladn dine. Tek du det ansvaret, fær du verme og eit godt og langt liv. Ha du gjort alt rettigt, og likevel ikkji fær noko attende, finn du deg ny dame. Verre er det ikkji.

Sitatet er frå side 37 i ein roman som kom ut i 2021. Me skal fram til ein fleirsidig forfattar som er fødd i eit skotår. I epilogen til løysingsboka får me ei forklaring på kven den eigenlege faren til forteljaren er. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på denne figuren. Send namn på far til forteljar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 13. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis