JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Tusten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4760
20220930
4760
20220930

I dag skal me ikkje spole tida tilbake til Poesifestivalen i Ulvik 2022, sjølv om det er freistande. Nei, me skal heilt attende til 1935 og Nobelprisen i litteratur som ikkje vart delt ut det året. Det er Kjell Håve som vil ha ei nærare forklaring på kva som skjedde då Svenska Akademien valde å ikkje peike ut ein vinnar i 1935.

Dei fleste kjeldene seier at Nobelkomiteen for litteratur kom fram til at ingen av dei nominerte forfattarane fortente prisen. Då eg las dette, vart eg nyfiken. Kven var desse udugelege forfattarane som var nominerte i 1935? Det viser seg at lista er lang, heile 37 forfattarar er representerte i oversikten over dei som ikkje var kvalifiserte.

Ein som var nominert også i 1935, var Olav Duun. I alt 24 gonger på 14 år vart Duun peika ut som kandidat, men diverre nådde han Olav aldri heilt opp. Ein smule merkeleg er det dessutan at fire av dei som ikkje var prisverdige i 1935, seinare vart rekna som gode nok til å få prisen. Fyrst fekk Eugene O’Neill Nobelprisen i litteratur i 1936, deretter Roger Martin du Gard i 1937, så Frans Eemil Sillanpää i 1939 og til sist Johannes V. Jensen i 1944. Om det finst folk der ute som har supplerande, eller korrigerande, opplysningar om kva som gjekk føre seg i Svenska Akademien i 1935, nøl ikkje med å skrive til oss her i Klok-redaksjonen.

I leitinga etter ei forklaring til Kjell Håve kom eg til å tenkje på eit fint sitat musikaren og poeten Blaze Foley skal ha vore opphavsmann til. Nemleg: Hugs berre at du ikkje alltid får det du går etter, men at du får det du ikkje ville fått om du ikkje hadde gått etter det du ikkje fekk.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «For ein ihuga Vesaas-fan var dagens tips midt i blinken! På nokre sekundar hadde eg sett opp ei liste med aktuelle namn, som eg ikkje fekk bruk for, fordi Mattis (Fuglane) stod øvst på lista. Forfattaren er altså Mattis Øybø, og boka har tittelen Den siste overlevende er død. Boka las eg i samband med programma omkring P2-lyttarprisen for 2021, men sjølvsagt kjende eg ikkje att sitatet, og ikkje hugsa eg at Hamsun-figurar var inne i biletet. Men til alt hell: boka er tilgjengeleg i bok-bite-lageret, og eg fann minst fire Hamsun-namn, nemleg løytnant Glahn (Pan), Nagel (Mysterier) og dei to hovudpersonane i Victoria, nemleg Victoria og Johannes. Øybø vart fødd i 1971, det året Thorkild Hansen fekk Nordisk råds litteraturpris. Boka til Øybø fekk god mottaking då ho kom ut, det same fekk Elskere, som var den nest siste boka Øybø gav ut. Han debuterte i 2003, og har ikkje gitt ut så mange bøker, det går nokre år mellom kvar utgjeving, det er kanskje ikkje det dummaste ein gjer, dersom resultatet er at bøkene vert gjennomarbeidde og gode.»

Kari Vevatne skriv: «Tusen takk enda en gang for alt jeg lærer av Klok på bok!»

Innan fristen klarte desse klokingane å overlevere rett svar på oppgåve 1546: John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Signar Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Jan Alfred Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Ole Husby, Arne Thorvik, Gunnar Bæra, Gunde Runde, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Eli Winjum, Reidar Birkeland, Audun Gjengedal, Petter Kristensen, Jorunn Øxnevad Lie, Lise Haaland, Fritjof Lampe, Camilla Høvik, Folke Kjelleberg, Knut Einar Johannessen, Kari Vevatne, Kjell Helge Moe, Eirik Holten, Olav Holten, Brita Lundeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Marta Kløve Juuhl, Gunnar Eide, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim, Robert Øfsti og Ole G. Evensen.

Denne veka heiter bokvinnaren Audun Gjengedal. Gratulerer!

Klok på bok 1548

De store fortellingene er de du har hørt og har lyst til å høre igjen. De du kan tre inn i hvor som helst og trives i. De bedrar deg ikke med effekter og fiffige avslutninger. De overrasker deg ikke med det uforutsette. De er like velkjente som huset du bor i. Eller lukten av din elskedes hud. Du vet hvordan det går, men du lytter likevel som om du ikke visste det. Slik du vet at du en dag skal dø, men likevel lever som om du ikke visste det. I de store fortellingene vet du hvem som får leve, hvem som må dø, hvem som finner kjærligheten, og hvem som ikke gjør det. Og likevel vil du vite det en gang til.

Sitatet er frå side 189 i ein roman som både på norsk sidemål og på originalspråket kom ut i 1997. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som var fødd i Austerrike-Ungarn. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ein intrigant hagearkitekt som opptrer i romanen. Send namn på hagearkitekt, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis