JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Tung som Bly

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4952
20230120
4952
20230120

Kor lenge var eigenleg Adam i paradis? Dei lærde stridest om dette, og om det finst lesarar der ute som har styr på ferdaminnet til Adam, vil me gjerne vete det her i bokstova. Det held med eit nokolunde nøyaktig anslag.

Etter eit år med særs mykje hugnad frå lesarane, er det framleis somme som ikkje er nøgde med spalta du les no. Me har motteke kritikk, og som alle veit, er ein negativ respons noko som vert sitjande ti gonger så lenge som alle dei positive. Me er morske som fjell på utsida, mjuke som softis på innsida.

Kritikken går delvis ut på at me favoriserer folk som er flinke på internett. Diverre er det ikkje mogleg for Klok-redaksjonen å styre kva innsendarane nyttar av hjelpemiddel. Dessutan er me likeglade som selhundar om det er på PC eller i konversasjonsleksikon folk finn løysinga. Boklækjaren har desse prinsippa for spalta:

1. Klok på bok skal kvar veke vere verdas vanskelegaste litteraturoppgåve. Elles var det inga ære i å få namnet på prent.

2. Spalta skal vere interessant å lese, også for dei som sjeldan eller aldri sender inn svar.

3. Bøkene som vert presenterte i Klok på bok, skal halde så høg ein kvalitet at spalta òg syrgjer for at litteratur som fortener det, får fleire lesarar.

Om folk ikkje er tilfredse med desse prinsippa, har eg andre.

Det var ei blytung oppgåve denne gongen, og mange av dei kjende fjesa glimra med fråvær. Om internettet var nede eller kva det var, skal eg ikkje gjere meg klok på, men Laurits Killingbergtrø grubla seg fram. Han skriv: «Så er bokgåta attende til meir normal utgåve etter storarbeidet med Hamsun. Men utfordrande nok denne gongen òg, og eg kom ikkje i mål med dei vanlege tipsa. Eg fann årstala for kvinnelege nobelprisvinnarar, men på ‘litteraturåret’ på Wikipedia fann eg ikkje noko aktuelt fødselsår for forfattaren denne gongen. Da fekk eg ein flygeidé. Kanskje den originale boka var på engelsk? Eg plukka ut nokre sentrale ord i tekstklippet i Klok-spalta og sette om til engelsk. Og vips, der stod heile teksten på engelsk på skjermen min! Med forfattaren nemnd, og han heiter Robert Bly. Boka på norsk frå 2021 må da vere Å snakke inn i eseløyret, omsett av Odd Goksøyr. Eg fór ut i snøkavet og fekk etter noka vandring kjøpt boka i ein bokhandel. Da måtte eg berre ned på min andre heim, seniorsenteret, og feire med kjenningar. Eg informerte dei ved kaffibordet om denne bokgåta i Dag og Tid, og at forfattaren denne gongen var ein heller ukjend amerikanar med namnet Robert Bly. ’Å, Robert Bly!’, var det ei dame ved bordet som ropa oppglødd. ’Han skriv så godt! Han har eg lese fleire bøker av’, fortalde ho. Litt skamfull fann eg da ut at eg måtte kome meg heim og lese meg opp på denne mannen, eg òg. Og di meir eg las, di meir skjemdest eg over alt eg ikkje hadde visst om Robert Bly. Begge foreldra ættar frå Noreg, og etternamnet kjem av det norske stadnamnet Bleie i Hordaland. Sjølv hadde Bly studieopphald i Noreg og hadde god kontakt med norske diktarar som Olav H. Hauge. Han sette om bøker frå norsk til engelsk, særleg lyrikk, men òg Hamsun. Så no veit eg dette. Dermed var grovarbeidet gjort, så eg kunne setje meg ned og nyte dei fine dikta i boka. Men eg sleit med ekstraspørsmålet, for eg fann ikkje nett sambandet ‘mellom trea’ nokon stad. Det næraste må vere hyllesta til Henry David Thoreau, for ‘kvar dag gjekk han åleine i skogen’, blir det fortalt på side 59. Så det får bli svaret mitt.»

Camilla Høvik skriv: «Vil elles tilrå denne boka: Air mail – brev 1964–1990 av Tomas Tranströmer og Robert Bly. Brevvekslinga mellom dei to er stor litteratur.»

Per Trygve Karstensen skriv: «Artig oppgave og fin diktsamling.»

Desse valde ikkje blyfri i svaret på oppgåve 1561: Eli Winjum, Signar Myrvang, Camilla Høvik, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Arne Thorvik, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Gunnar Eide, Per Trygve Karstensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Olav Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Dei Kvasse på Fana, Fritjof Lampe, Jan Alfred Sørensen, Bjørn Myrvang, John Olav Johnsen, Eirik Holten, Torleik Stegane, Ingebjørg Sogge, Inger Margrethe Berge, Sissel Gunnarshaug og Robert Øfsti. I dag heiter bokvinnaren Gunnar Eide. Gratulerer!

Sjølv om Dag Skarstein hadde sendt inn perfekte svar på alle spørsmåla i kvissen om Store-Knut, kom han ikkje med førre fredag. For denne inkurien lyt E-postverket ta det fulle ansvaret.

Klok på bok 1563

Det var verken jul eller bursdag og likevel hadde eg fått ein bror, eg visste ikkje heilt kva eg skulle med han.

Sitatet er frå side 10 i ein debutroman som kom ut i 1994. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på faren til forteljaren i romanen. Send namn på far til forteljar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis