JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Svarte hol

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4686
20220923
4686
20220923

Frå ein anonym innsendar har me gong på gong motteke eit spørsmål som boklækjaren normalt ikkje har kompetanse til å svare på. Med diverse oppstylta omformuleringar går spørsmålet kvar gong ut på at lesaren vil vete kva svarte hol er for ein storleik. Her i bokstova er me ikkje mykje for å bevege oss utanfor fagfeltet fiksjon, når me skal late som om me veit noko. I dag gjer me eit unnatak, og straks vil me presentere ei forklaring på kva som ligg i omgrepet.

Fyrst lyt me spole tida tilbake til Poesifestivalen i Ulvik 2022. Under festivalen var kveldane fylte av susing frå vind og foss, og etter kvart var me mange som susa med. Over oss kikka fullmånen nøgd ned på fruktbygda og tenkte at han ikkje var aleine om tilstanden. Å vere på poesifestival er som å vere med i ein film du vil aldri skal ta slutt. Men kalenderen er utan nåde. Det vert sundag i Ulvik òg.

Det er når ein kjem heim frå Poesifestivalen i Ulvik, at ein finn ut kva tomleik er. Det vil seie, det byrjar med tomleik. Så kjem saknaden. Kor er poesien? Kor er vinden og kor er fossen? Kor er alle dei fine folka? Kor er eplesideren? Kor er fjorden og kor er fullmånen? Det ballar på seg. Til sist vert det eit stort hol i tankespinnet mellom korleis det var og korleis det er. Det holet er svart.

No finst det vel ikkje så mange døme på at ting vert betre av å sitje og synest synd på seg sjølv. Me lyt tenkje på noko anna enn svarte hol, og då høver det godt å sjå på svaret me skulle fram til denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Hei, Medikus, og takk for ny bokgåte. Denne gongen har du som ofte før lagt inn eit dult tips i omtalen, det at forfattaren ikkje er psykiater. Den opplysninga hadde eg i bakhovudet da eg tråkla meg gjennom lista på Oria over nynorske romanar 2021 og fekk 46 tilslag. Ut frå tipset var svaret lett å finne, for det må vere Brynjulf Jung Tjønn: Kvar dag skal vi vere så modige. Men det er langt i tid og stad mellom desse to Jung-ane: psykiateren er fødd i Sveits i 1875; forfattaren vår er fødd i Seoul i 1980 og voks opp i Vik i Sogn og vart ein norsk målmeister til gagns. Det fekk eg stadfesta da eg gav meg til å lese, både for å nyte den nylånte boka og å finne svaret på ekstraspørsmålet, namnet på mora. Men her òg hadde boklækjaren lagt inn eit lite spikk. Eg ’måtte’ lese heilt til side 160 (av 173) før mora finn det for godt å røpe namnet sitt, da ho blir presentert for grannen sin. ’Morgan’, seier han, og ho svarar ’Sara’, høgt og tydeleg nok til å kome på trykk i Klok-spalta. Men for all del, eg likte boka svært godt, og eg er spent på å følgje med på det som Brynjulf Jung Tjønn produserer i tida som kjem. Han har alt vunne to prisar for bøkene sine.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Dette er ei god bok, rett og slett. Under lesinga såg eg handlinga og personane for meg, som i ein film, så tydeleg og godt var dei skildra. Hovudpersonen Isak verkar å tilpasse seg det vanskelege kvardagslivet med ei sjuk mor, men ein kan jo lure på korleis denne erfaringa vil prege han seinare i livet. Kanskje han utdannar seg til psykiater?»

Modige og kloke innsendarar på oppgåve 1545 var: Eli Winjum, Signar Myrvang, Petter Kristensen, Else Gjesdahl Sørensen, Ragnhild Eggen, John Olav Johnsen, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Arne Thorvik, Laurits Killingbergtrø, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Ole Husby, Vigdis Hegna Myrvang, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Eli Hegna, Nils Farstad, Knut Einar Johannessen, Jorunn Øxnevad Lie, Lise Haaland, Skeisebibliotekaren i LASK, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Olav Holten, Eirik Holten, Ingebjørg Sogge, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Audun Gjengedal, Camilla Høvik, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, Per Trygve Karstensen, Tvillingene, Gunnar Eide, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen.

I dag heiter bokvinnaren Camilla Høvik. Gratulerer!

Klok på bok 1547

Hvert ord, hver gest er ladet med tvetydighet, ingenting kan tas i god mening. Vi holder trygg avstand til hverandre, som om vi ikke i årevis har såpet hverandre inn på ryggen og tisset uten å sjenere oss for hverandre. Vi bruker verken barnespråket, kodeordene eller håndbevegelsene som har vært vårt private språk, bevisene på at vi hørte sammen.

Sitatet er frå side 136 i ein roman som kom ut i 1996. På originalspråket kom boka ut året før. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på far til dei to halvsyskena som har hovudrollene i romanen. Send namn på far, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.

Foto: Paula Winkler

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis