Storebrør
på Stovner
Her i bokstova har julestemninga smått om senn byrja setja seg. Knut Hamsun har fått på seg nissehuva. Dei fyrste to kilo klementinar er etne, og frå høgtalarane strøymer Bachs juleoratorium på endelaus repetisjon. På overflata er alt såre godt, men under golvteppet ligg det ei misnøye og ulmar. Diverre er ikkje boklækjaren heilt uskuldig i at eit medlem i Klok-redaksjonen går omkring og er fåmælt og mutt. Sist veke skreiv eg nemleg ut resept på uavgrensa mengder gløgg, og det vart teke bokstavleg på julebordet til spalta du les no. Som alle veit, kan mykje gløgg få folk til å byrja ri kjepphestar, og plutseleg sat me i ein høglydt diskusjon om kva for gode romanar som òg vart vellukka som film. Yngstemann i laget hadde vore tyrst og tagal tidlegare på kvelden, men no ville han markere seg. Han reiste seg opp og vifta med peikefingeren, og i fullt alvor og med sterk røyst kom det: «Eg veit det, eg veit det. Den beste filmen som har vorte laga etter ein roman, er sjølvsagt da Alfred Hitchcock filmatiserte Fuglane av Tarjei Vesaas!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.