JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Store Klaus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4921
20230526
4921
20230526

Førre fredag var me i København saman med Karl Ove Knausgård, og denne veka er me framleis i Danmark. Løysingsforfattaren er nemleg dansk. Han fekk tilnamnet Store Klaus, og å hevde at han var ein kontroversiell og markant personlegdom, er visst ikkje å ta for hardt i.

Klaus Rifbjerg var ein forfattar og debattant som kunne hugta folk, men han kunne òg vere særs provoserande. Gjerne samstundes. Eit døme er då han i eit fjernsynsintervju fekk sagt: «Der er 2000 begavede mennesker i Danmark, og resten er dumme.» Utan tvil tok Store Klaus seg sjølv med blant mindretalet i overslaget.

Mot slutten var Rifbjerg mykje sjuk, men då Tomas Tranströmer døydde den 26. mars 2015, tok avisa Politiken likevel kontakt. Dei informerte om dødsfallet og ville høyre om Klaus hadde ein kommentar. Han bad dei om å ringje opp igjen litt seinare, og dagen etter stod desse orda frå Rifbjerg om Tranströmer på framsida av Politiken: «Haren sætter sine spor. Så er den væk.» Det gjekk ei dryg veke, så var også Store Klaus vekke.

Så sprett me vidare til kloke svar frå lesarane. Gunder Runde skriv: «Bok utgitt første gong i 1958, dvs. at forfattaren truleg er fødd før 1935. Nordiske nobelprisvinnarar før dette året: to norske (1920 og 1928) og ein svensk (Karlfeldt 1931). Eg leitar fram Årets bøker 1979, og går igjennom romanoversynet for dette året – ikkje mindre enn 12 nordiske forfattarar finn eg. Men ved å sjekke fødselsåra for desse, er det berre ein einaste som er fødd i 1920/28/31, nemleg Klaus Rifbjerg (1931). Og han debuterte som romanforfattar nettopp i 1958, med Den kroniske uskyld, som eg til og med har ståande i bokhylla mi (til overmål: på dansk!). I mi danske boksoge vert Rifbjerg karakterisert som ein av dei ’nye’ forfattarane i Danmark, som er ’åbne, respektløse, fordomsfri, ironiske og selvironiske’. Han starta med dikt, debut i 1956, og gav ut fleire diktsamlingar. Men best kjend er han nok som romanforfattar, med ei rekkje bøker etter romandebuten. I tillegg var han kjend som journalist, kritikar og som manusforfattar til fleire filmar og også revykomediar. Han fekk Nordisk råds litteraturpris allereie i 1970, for romanen Anna (jeg) Anna. Han døydde i 2015. Ein av dei store danske!»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Ved å søke på bøker utgitt i 1979 i norske bibliotekbaser, avgrenset til bokmålsromaner for voksne, satt jeg igjen med en liste på drøyt 170 titler. Treff nr. 136 i denne listen inneholdt, foruten boktittelen, verkets forfatternavn, som også var det første på listen som tilhørte en nordisk ikke-norsk forfatter hvis fødselsår sammenfalt med et år da Nobelprisen i litteratur gikk til en nordisk forfatter, nemlig svensken Erik Axel Karlfeldt som fikk den i det Herrens år 1931, samme år som dansken Klaus Rifbjerg ble født. Boken det dreier seg om, og som kom på norsk i 1979, er Den kroniske uskyld. Et kjapt wiki-søk på Rifbjerg bekrefter at den første gang utkom på dansk i 58. Jeg tror jeg er på sporet – noe annet vil være pinlig etter å ha liret av meg så mye. Da får vi (jeg) gå til bokhyllen. Et øyeblikk, bare. … Jo da, det er rett bok. Forførerisk kvinne… lagnadstung rolle… Får sette meg til å lese, da. … Må være Helle Junkersen, det da. Går for dét.»

John Olav Johnsen skriv: «Ei fantastisk histore. Boka toler å lesast både to og tre gonger.»

Desse klokingane kom fram til Klaus og dimed rett svar på oppgåve 1578: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Else Gjesdahl Sørensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Per Trygve Karstensen, Lise Haaland, Signar Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Ole Husby, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Thore Desserud, Hans M. Gautefall, Brita Lundeland, Kjell Håve, Bjørn Myrvang, Turid Tirevold, Inge Strand, Magnhild Reisæter, Bjørn O. Bjørnsen, Audun Gjengedal, Olav B. Larsen, Jorunn Røyset, Camilla Høvik, Jorunn Øxnevad Lie, Reidar Birkeland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Paul Henrik Hage, Inger Margrethe Berge, Fritjof Lampe, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Eirik Holten, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole G. Evensen og Robert Øfsti.

Denne gongen har me ein bokvinnar frå Beiarn. Han heiter Inge Strand. Gratulerer!

Klok på bok 1580

Akkurat nå som minnene etter mange år var våknet til liv igjen, mistet hun den trøsten det er å kunne legge skylden for ens egen ulykke på andre. En fattig trøst, men skjelettet i hele hennes tenkesett.

Sitatet er frå side 235 i boklækjarutgåva (1960). På originalspråket kom boka ut i 1958. Me skal fram til ein forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I romanen får me høyre om ein hund som vert utstoppa, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne bisken. Send namn på hund, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 3. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis