JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Stireleiken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5017
20230602
5017
20230602

Ingen veit kor haren hoppar. Dette seier folk som har forstand på kor dyr med lange øyre, kraftige bakbein og gråbrun sommarpels tek vegen. Men veit folk kor Medikus hoppar medan dei les dette?

Fyrste hintet er at boklækjaren er i ein by som har namn etter eit tverrtre som dannar botnen i ein dørkarm, blant mange berre kalla ein dørstokk. Dinest kan me avsløre at det står gravsafari på programmet. Det vil seie at nok ein avdød forfattar ikkje får kvile i fred. Denne gongen er det poeten Miroslav Holub som får uventa – må me tru – vitjing frå bokstova.

No har eg ikkje fleire hint, men mange av lesarane har sikkert gjennomskoda at eg er i Praha. Diverre er det nok ikkje alle som veit kven denne Holub er. Det lyt me gjere noko med.

Miroslav Holub (1923–1998) var fyrst og fremst forskar, ifylgje han sjølv. Dinest var han diktar. Holub forska på immunologi, og om sjølvmeldinga står til truande, var det verdsklasse over den vitskaplege granskinga han dreiv med. No er det ikkje berre Seamus Heaney, Ted Hughes og boklækjaren som er med i fanklubben til Holub. Også Olav H. Hauge var begeistra for Miroslav. Eg har plukka litt frå dagboka til Hauge, og 31. juli 1967 skreiv han: «desse dikti til Holub har gripe meg sterkt. Finst det maken hans i dag? (...) Den vitskapsmannen har hjarta, skarp hjerne og stor fantasi. Og er ein stor språkkunstnar.»

Neste veke kjem det meir om Miroslav Holub i spalta her. Det er ikkje ein trugsel, det er eit løfte.

Så set me over til Laurits Killingbergtrø som har løysinga me skulle fram til i dag. Han skriv: «Tipsa frå Medikus var fåe, men tilstrekkelege. Opplysningane om utgjevingsår, språkform og nobelpris og ein viss eigen tokke førte meg fram til at boka måtte vere Vente, blinke av ørstingen Gunnhild Øyehaug. Dermed fekk eg ein morgontur bort til nærbiblioteket mitt, som hadde to eksemplar. Og sitatet stod på rett side! Før eg starta lesinga, lureleitte eg på nettet om eg kunne spore opp denne bassisten. Jau da, der var både orda ‘bassist’ og ‘bassgitar’ knytte til figuren Wanda (sikkert ein sleip fisk, he-he). Dermed hadde eg eit vake auge på henne da eg las, men jammen var det mange andre figurar å halde styr på. For min del tykte eg det var interessant med alle dei parallellane som forfattaren jamleg dreg frå si eiga forteljing og til kjende hendingar i litteratur og film. Gunnhild Øyehaug er med i den nye generasjon av nynorskskrivande kvinner som gledeleg nok har kome dei siste tiåra. Øyehaug har vunne ei mengd prisar, som Nynorsk litteraturpris for just romanen vår i dag. Til slutt takk til redaktøren for nye 270 sider av norsk litteratur som eg har mått (eller rettare sagt fått) lese.»

Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975 og debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. Ho er universitetslektor i litteraturvitskap og har skrive både essay og noveller. Debutromanen Vente, blinke frå 2008 har undertittelen Eit perfekt bilete av eit personleg indre

Anne Berit Skaarer skriv: «Boka er filmet med tittelen: Kvinner i for store herreskjorter (2015). Anbefaler både film og bok på det varmeste.»

På oppgåve 1579 var det desse som trefte midt i blinken: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Eli Hegna, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Per Trygve Karstensen, Jorunn Røyset, Vigdis Hegna Myrvang, Ole Husby, Gunder Runde, Laurits Killingbergtrø, Ole G. Evensen, Gunnar Bæra, Laura Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Bjørn Myrvang, Thana Rongen, John Dag Hutchison, Eirik Holten, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Lise Haaland, Folke Kjelleberg, Eli Søyland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sigrun Gjengedal Ruud, Inge Strand, Reidar Birkeland, Olav Holten, Torhild Bru, Inger Margrethe Berge, Roar Øvrebust, Kjell Helge Moe, Jorunn Øxnevad Lie, Dei Kvasse på Fana, Magnhild Reisæter, Turid Tirevold, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Sissel Gunnarshaug, Torleik Stegane, Robert Øfsti og Olav B. Larsen. Bokvinnaren bur i Melhus kommune, og han heiter Ole Husby. Gratulerer!

Klok på bok 1581

Hun husket noe hun ikke kom til å snakke om: at han også fikk henne til å innse at man ikke er fri når man må bevise for andre at man er fri. At det kunne være tilstrekkelig å skulke skolen en dag i uken. At det ikke var noe tegn på frihet når hun vegret seg for å ringe hjem når hun ble hos ham om natten, i den rønnen som han forsømte, ikke fordi han var fri, men fordi han var lat.

Sitatet er frå side 118–119 i boklækjarutgåva (1990). På originalspråket kom boka ut i 1989. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein tysk forfattar. Tittelen på boka kan tyde på at det høver godt å lese ho no. I forteljinga får me høyre om ein slektning på 77 år, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på denne dama. Send namn på 77-åring, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis