Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Rustfri russar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4969
20241213
4969
20241213

I dag vert det vaksenopplæring her i bokstova. Me lyt seie noko om ein nobelprisvinnar i litteratur, og det gjer me av di me mistenkjer at mange av lesarane har eit hol, eller eit krater, av ukunne om Ivan Aleksejevitsj Bunin.

Som ung vart Bunin tidleg ein mykje lesen og verdsett forfattar i heimlandet Russland, ofte motteken som ein ny Turgenev. Dei fyrste forteljingane og romanane var ikkje berre litterært, men også ideologisk i tråd med Lev Tolstoj og den moralfilosofiske læra hans. Bunin kjende Tolstoj privat, og etter kvart skulle fleire store personlegdomar få plass i adresseboka til Ivan. Nokre døme frå omgangskrinsen kunne vere Maksim Gorkij, Thomas Mann, Romain Rolland og André Gide.

Bunin støtta februarrevolusjonen heilhjarta, men han såg på oktoberrevolusjonen som ein pest. I 1920 emigrerte han til Frankrike og vende aldri attende til Russland. På denne tida pla han seie: «Me forlét Russland for å kunne halde fram med å vere russiske.»

På tretti- og førtitalet var Bunin eit stort namn i litterære krinsar i Europa, og han vart tildelt Nobelprisen i 1933. Dette huga ikkje Stalin, kan hende av di Bunin karakteriserte den sovjetiske regjeringa som: «Eit ekkelt forbrytaralbum!» Diverre er stoda slik at skildringa framleis er gyldig for styremakta i Moskva.

Gunder Runde skriv: «Denne gongen har boklækjaren blåse støvet av ein (gløymd?) nobelprisvinnar, nemleg Ivan Bunin (1870–1953), den første russiske nobelprisvinnaren i litteratur. Eg måtte ty til Nasjonalbiblioteket for å finne boka, som er novellesamlinga Herren fra San Francisco frå 1915, utgitt på norsk 70 år seinare. Ifølgje boksoga mi har Bunin fått ein viss renessanse i heimlandet, mellom anna fordi han ’forvaltet det russiske språks arv etter Pusjkin, Turgenjev og Tolstoj’. Den vesle tittelnovella er ei fin skildring av forfallet hos amerikanske millionærar, den italienske turismen ca. 1915 og somme kvinners ekteskapsplanar. Frydefull lesnad, sjølv om det ikkje gjekk så bra med hovudpersonen – han døyr, utan at hotellpersonalet tar det særleg alvorleg, for dei gjeld det berre å verte kvitt liket med minst mogleg støy. Når skipet (med liket om bord) passerer Gibraltar, sit sjølvaste Satan på klippa og ler... Øya som hovudpersonen ikkje kjem i land på, er Ischia. Bunin debuterte i 1891, og gav ut ei rekkje bøker, kanskje best kjend er Landsbyen frå 1910. Vanskeleg å få tak i bøker av denne forfattaren på norsk, men novellesamlinga som utdraget er henta frå, kan kanskje vere eit utgangspunkt?»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Ivan Bunin hadde jeg aldri lest før. Allerede første side av novellen Herren fra San Fransisco gjorde meg imidlertid inderlig klar over at dette tilhører verdenslitteraturen, hvilket ikke er så merkelig all den tid den er forfattet av en nobelforfatter. Før novellen var ferdiglest, var boken bestilt på såkalt Klikk og hent hos Ark, for like innlysende som det ovenstående var det at dette er en bok jeg må eie! Skeisebibliotekaren bukker og er atter en gang Medikus Libri stor takk skyldig.»

Frode Torvund skriv: «Da kan jeg krysse av for en nobelprisvinner til jeg har lest noe av, takk for det! Jeg må si han er god til å male frem bilder i teksten sin, flott å lese.»

Jan Erik Røed skriv: «Sies å være regnet som en av verdens beste noveller, og ja!»

Boklækjarutgåva av løysingsboka var omsett frå russisk av Geir Kjetsaa.

Desse fekk auge på øya Ischia og fann fram til rett russar på oppgåve 1653: Eli Winjum, Signar Myrvang, John Dag Hutchison, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Skeisebibliotekaren i LASK, Ivar Amdal, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Paul Henrik Hage, Ole Husby, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Lise Haaland, Ragnhild Eggen, Tone Styrmoe, Eli Hegna, Eirik Holten, Gunder Runde, Inger Merete, Kirsti og Grete, Jorunn Røyset, Sissel Gunnarshaug, Jan Erik Røed, Thana Rongen, Gunnar Eide, Folke Kjelleberg, Olav Holten, Fru Kongsdal, Reidar Birkeland, Frode Torvund, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Marta Kløve Juuhl, Anne Berit Skaarer, Inger Margrethe Berge, Nina Korbu, Torleik Stegane, Kjell Helge Moe, Inger Lise Berge, Irene og Tore på Tranby, Ole G. Evensen, Robert Øfsti, Reidar Mikal Bringedal og Sjur Joakim Fretheim. Denne veka heiter bokvinnaren Inger Lise Berge. Gratulerer!

Klok på bok 1655

duene finnes; drømmerne, dukkene

dreperne finnes; duene, duene;

dis, dioksin og dagene; dagene

finnes; dagene døden; og diktene

finnes; diktene, dagene, døden

Sitatet er frå side 8 i boklækjarutgåva (1998). På originalspråket kom boka ut i 1981. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Forfattaren fastslår at eit norsk fjellmassiv finst, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på dette området. Send inn namn på norsk fjellmassiv, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis